Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

På svalbardbudsjettet for 2006 blir løyvd under:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Kroner

Utgifter

1

Svalbard kyrkje

1

Driftsutgifter

3 250 000

2

Tilskot til kulturelle formål m.m.

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960 000

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

60 923 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

1

Driftsutgifter

26 600 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

1

Driftsutgifter

63 800 000

7

Tilfeldige utgifter

1

Driftsutgifter

4 100 000

9

Kulturminnetiltak

1

Driftsutgifter

2 050 000

11

Bergmeisteren

1

Driftsutgifter

1 290 000

17

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

50

Refusjon

2 750 000

18

Fyr og radiofyr

1

Driftsutgifter

3 400 000

19

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

1

Driftsutgifter

5 353 000

20

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

1

Driftsutgifter

11 354 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

100 000

22

Likningsforvaltninga for Svalbard

1

Driftsutgifter

2 400 000

Totale utgifter

188 330 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1

Diverse inntekter

200 000

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1

Leigeinntekter

1 100 000

3020

Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

1

Inntekter

2 881 000

3030

Skattar og avgifter

70

Skattar m.m.

83 000 000

71

Utførselsavgift

3 500 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 090 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70

Tilskot

96 559 000

Totale inntekter

188 330 000

II

Formues- og inntektsskatt til Svalbard

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2006 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2006. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu: 0,0 pst. av dei første kr 200 000 av stipulert formue

  • 0,9 pst. av dei neste kr 340 000 1,1 pst. av det overskytande beløpet.

  • b) Selskap og samanslutning som nemnd i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er friteke for formuesskatteplikt etter skattelova kapittel 2: 0,0 pst. av dei første kr 10 000 av stipulert formue 0,3 pst. av overskytande beløp.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1: 10 pst. av alminneleg inntekt Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000

    b) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: 12 pst.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna persoinntekt for sjølvstendig næringsdrivande

Skjermingsrenta som nemnd i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2006 kan bestille varer for inntil kr 3 000 000 ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2006 kan overskride løyvinga under:

  • 1. kap. 5 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2.

  • 2. kap. 6 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.

V

Avgift av kol som blir utført frå Svalbard

For budsjetterminen 2006 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.