Sammendrag
Det blir fremja eit eige svalbardbudsjett fordi artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og korleis desse midlane kan nyttast. Stortinget slutta seg til ynskjet frå Regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett under handsaminga av St.meld. nr. 9 (1999-2000).
Måla for svalbardpolitikken vart vedtekne ved handsaminga av St.meld. nr. 40 (1985-1986), og stadfesta i St.meld. nr. 9 (1999-2000). Måla er ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området, og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.
Justisdepartementet har ansvar for å samordne forvaltninga sitt arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk. Samordninga skjer i hovudsak i det interdepartementale Polarutvalet. Sysselmannen, Regjeringa sin øvste representant på Svalbard, og Longyearbyen lokalstyre er viktige medspelarar for å sikre ei god forvaltning av øygruppa.
St.meld. nr. 30 (2004-2005) Muligheter og ufordringer i nord tek for seg utfordringar knytt til utvinning og transport av energiressursar, forvaltning av fiskeressursar i Barentshavet, og samarbeidet om atomtryggleik i nordområda. Regjeringa foreslår tiltak for å sikre best mogleg samordning mellom departementa i nordområdearbeidet, blant anna når det gjeld utval. Det vil vere ei viktig oppgåve å etablere samarbeidsmåtar med Polarutvalet som sikrar at det blir utforma ein sentral politikk på området.
Budsjettramma for svalbardbudsjettet for 2006 er 188 330 000 kroner. Dette er ein 3,5 pst. nedgang i høve til vedteke budsjett for 2005. Underskotet for 2006 er stipulert til 96 559 000 kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett. I 2006 vil dette tilskotet, som er den største inntektsposten på svalbardbudsjettet, utgjere 51,2 pst. av dei venta inntektene, mot 69,6 pst. i 2005-budsjettet.
Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten. For 2006 er skatteinntektene rekna til 87 590 000 kroner, som er 46,5 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet. Dette er ein auke på 60,5 pst. i forhold til vedteke løyving for 2005.
Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Store utgiftspostar er Sysselmannen si transportteneste, løyving til Sysselmannen si ordinære drift og staten sine bygningar i Longyearbyen. Det er òg foreslått å løyve midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.
Regjeringa foreslår å løyve netto om lag 308 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål i 2006. Tilsvarande tal i 2005 var om lag 357 mill. kroner. Dette omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt budsjett, med tillegg av utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa. Inntektene frå Svalbard som går inn i budsjetta til dei andre departementa er trekte frå.
Miljøverndepartementet sitt budsjett har dei siste åra sett av om lag 80 mill. kroner til svalbardformål. I proposisjonen står det at ein tek sikte på å halde oppe nivået på løyvinga i 2006. Miljøvernarbeidet vil fokusere særleg på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova, og vidareutvikling av forvaltningsplanar for å styrkje verneområdet. Effektane av den aukande ferdsla på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot påverknad frå lokal verksemd. Arbeidet med eit nytt verneområde og tiltak for å ta vare på verneverdige fossil skal ferdigstillast i 2006. Miljøverndepartementet tek sikte på å opprette Svalbard miljøfond i 2006. Om lag 70 mill. kroner av departementet si løyving til Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard.
Nærings- og handelsdepartementet har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nokre av dei får overført statlege midlar. Kolverksemda har i mange år vore halden oppe med statleg støtte. Bakgrunnen har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på øygruppa. Hausten 2001 starta Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS produksjonsdrift i eit nytt gruveområde, Svea Nord. Stortinget har lagt til grunn at gruvedrifta skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Statleg eigarskap skal medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I juli 2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Nærings- og handelsdepartementet vil ha ein vidare dialog med Store Norske om dei økonomiske føresetnadene for vidare drift.
Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kroner til selskapet i 2006. Selskapet eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund, hovudsenteret for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. I samband med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 9 (1999-2000) slutta utanrikskomiteen seg til at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ein "grøn" forskingsstasjon, og la til grunn at Kings Bay AS syter for naudsynte tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i området til eit minimum.
Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, ei samanslutning av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Det er foreslått å løyve 2 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2006. Målet med tilskotet er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Det er ei viktig oppgåve for selskapet å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv.
Svalbard Satellittstasjon les ned data for sivile formål frå satellittar i polare banar, og styrer òg desse satellittane. Kongsberg Satellitt Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av satellittstasjonen.
Svalbard rakettskytefelt er etablert i Ny-Ålesund av Andøya Rakettskytefelt AS. Formålet er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi.
Utdannings- og forskingsdepartementet har samarbeidd med fleire andre departement og andre offentlege instansar om å etablere Svalbard forskingspark, som er ferdig hausten 2005. Parken samlar dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Det blir foreslått ei løyving til sluttføring av prosjektet på 33,5 mill. kroner i 2006.
Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet går gjennom Fondet for forsking og nyskaping til forskingsprogrammet "Polar klimaforsking". For 2006 skal om lag ein tredel av løyvinga gå til forsking knytt til Svalbard, av totalt om lag 25 mill. kroner.
Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å finansiere 125 studieplassar ved Universitetssenteret på Svalbard, mot 115 i 2005. Regjeringa foreslår å løyve om lag 94 mill. kroner til Universitetssenteret i 2006.
Om lag 14 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2006 vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Dette er ein auke på 7,5 mill. kroner samanlikna med 2005. Regjeringa ynskjer at Noreg skal ha ei førande rolle i Det internasjonale polåret 2007-2008, som er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking, og foreslår å løyve 5 mill. kroner til Forskingsrådet sitt arbeid med dette i 2006.
For 2006 er det foreslått å løyve om lag 25 mill. kroner til skulen på Svalbard. Etter planen skulle ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule bli overført til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2006. Overføringa viser seg å vera noko meir tidkrevjande enn venta, og vil venteleg finne stad 1. januar 2007.
Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, og flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn. For 2005 vil løyvinga til desse formåla vere om lag 10,2 mill. kroner.