1. Innleiing
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til forretningsordenen § 19 sjuande og åttande ledd som lyder:
«Eventuell kongelig samleproposisjon om endringer i statsbudsjettet legges fram senest den 15. mai i budsjettåret, sammen med stortingsmelding om Revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen avgir innstilling om disse (Budsjett-innst. S. II) senest annen fredag i juni.
Ved behandling av endringer i statsbudsjettet i budsjettåret kan det ikke voteres særskilt over omtalte deler av et forslag, dersom forslagsstilleren motsetter seg dette.»
Komiteen viser til at Regjeringa i St.prp. nr. 67 (1998-99) har lagt fram forslag om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1999, jf. Innst. S. nr. 236 (1998-99) som vart avgitt saman med denne innstillinga. Forslag til vedtak satt fram i denne innstillinga er samla under avsnitt 21 Tilråding frå komiteen, eller avsnitt 20 Forslag frå mindretal i Innst. S. nr. 236 (1998-99), jf. nemnde St.prp. nr. 67 (1998-99).