1. Innleiing
Komiteen viser til vedtak i Stortinget 25. november 1998 om tilbakesending av Budsjett-innst. S. I (1998-99), Budsjett-innst. S. nr. 1 (1998-99) og Innst. O. nr. 11 (1998-99).
Komiteen legg fram denne innstillinga som tillegg til Budsjett-innst. S. I (1998-99), og viser til at det i dag også er avgitt tilleggsinnstilling til Budsjett-innst. S. nr. 1 (1998-99) og fullstendig innstilling som erstattar Innst. O. nr. 11 (1998-99), Innst. O. nr. 16 (1998-99).
Komiteen viser til at alle forslag som er sett fram under pkt. 9 Forslag frå mindretal og pkt. 10 Tilråding frå komiteen i Budsjett-innst. S. I (1998-99), er tekne inn under pkt. 5 Forslag frå mindretal eller pkt. 6 Til-råding frå komiteen i denne innstillinga, med dei endringane som følgjer av denne innstillinga.