1. Innleiing
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til forretningsordenen § 19 sjuande og åttande ledd som lyder:
« Eventuell kongelig samleproposisjon om endringer i statsbudsjettet legges fram senest den 15. mai i budsjettåret, sammen med stortingsmelding om Revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen avgir innstilling om disse (B.innst.S.nr.II) senest annen fredag i juni. |
Ved behandling av endringer i statsbudsjettet i budsjettåret kan det ikke voteres særskilt over omtalte deler av et forslag, dersom forslagsstilleren motsetter seg dette. » |
Komiteen viser til at Regjeringa i St.prp. nr. 65 (1997-1998) har lagt fram forslag om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1998, jf. Innst.S.nr.252(1997-1998) som vart avgitt saman med denne innstillinga. Forslag til vedtak satt fram i denne innstillinga er samla under avsnitt 27 Tilråding frå komiteen, eller avsnitt 26 Forslag frå midretal i Innst.S.nr.252(1997-1998), jf. nemnde St.prp. nr. 65 (1997-1998).