Søk

Merknad

Grunnlovsforslaget foreligger i midlertidig versjon.

Bakgrunn

Bruk av atomvåpen vil ha katastrofale humanitære konsekvensar, og den einaste garantien mot bruk av atomvåpen er fullstendig avskaffing av desse våpena. Dette vart i 2010 slått fast av statspartane til Ikkjespreiingsavtalen, avtalen som vert omtala som hjørnesteinen i norsk nedrustingsarbeid. I avtalen står det:

«All States need to make special efforts to establish the necessary framework to achieve and maintain a world without nuclear weapons.»

Sluttdokumentet frå den nemnde tilsynskonferansen legg vekt på at det er avgjerande at statar medverkar til rettsleggjering av atomnedrustingspolitikk, slik dette grunnlovsforslaget tek sikte på.

Noreg deler målet om ei verd utan atomvåpen med NATO og FN. Målet er nedfelt i NATO sitt strategiske dokument, seinast i 2022, og i september 2024 forplikta medlemslanda i FN seg igjen til målet om total avskaffing av atomvåpen i framtidspakta vedtatt på Framtidas toppmøte i FN i New York.

Det langsiktige målet om avskaffing av atomvåpen samsvarer med den lange norske tradisjonen med å halda Noreg fritt for desse masseøydeleggingsvåpena. Allereie på NATO-toppmøtet i Paris i 1957 proklamerte Einar Gerhardsen: «ingen atomvåpen på norsk jord i fredstid». Til trass for at dette ikkje er lovfesta, har det hatt unison politisk støtte i Noreg og tydeleg aksept blant Noreg sine allierte. Dagens tilstand er derimot ingen garanti for framtida.

Derfor er det synet til forslagsstillarane at det verdigrunnlaget som vert representert gjennom at Noreg er atomvåpenfritt territorium, bør grunnlovfestast.

Om rustingskontroll og forslaget

Eit grunnlovsforslag om å forby produksjon, innførsel, bruk og utplassering av atomvåpen er i tråd med lange linjer i norsk forsvars- og tryggingspolitikk. Det er brei politisk semje om at Noreg framleis skal spela ei pådrivarrolle for ikkje-spreiing og nedrusting. Eit samrøystes storting støtta opp om dette i 2016 i behandlinga av stortingsmeldinga Globale sikkerhetsutfordringer i utenrikspolitikken – Terrorisme, organisert kriminalitet, piratvirksomhet og sikkerhetsutfordringer i det digitale rom (vedtak nr. 623 av 26. april 2016 frå behandlinga av Meld. St. 37 (2014–2015), jf. Innst. 199 S (2015–2016)), og igjen under behandlinga av Forsvarsløftet – for Norges trygghet. Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 (Prop. 87 S (2023–2024), jf. Innst. 426 S (2023–2024)) i 2024.

Å nå målet om ei verd utan atomvåpen vil krevja ein samla internasjonal innsats på fleire arenaer, men også at nokon går føre og viser korleis dette kan gjerast i praksis.

Noreg har tradisjonelt vore mellom dei leiande statane på nedrustingsfeltet. Forslagsstillarane meiner at dette grunnlovsforslaget styrkar den tradisjonen. Å introdusera nasjonal grunnlovgiving som forbyr bruk, produksjon, utplassering og introduksjon av atomvåpen i Noreg, er ein naturleg del av norsk innsats for ei verd utan atomvåpen. Forslaget er også ei oppfølging av Noreg sine internasjonale forpliktingar ved at Noreg med dette yter ein ekstra innsats for å legga til rette for ei verd utan atomvåpen i eige lovverk.

Ei grunnlovfesting av forbod mot atomvåpen i Noreg vil vera eit verdimessig og politisk fundament for andre internasjonale politiske verkemiddel og initiativ med same mål. Forslagsstillarane meiner at ei slik grunnlov er i tråd med Noreg sine konstitusjonelle tradisjonar ved at heilt sentrale verdiar og interesser for landet vert grunnlovfesta.

Tilsvarande lovgiving i andre land

Fleire statar har innført tilsvarande og strengare lovgiving for å forby atomvåpen nasjonalt enn det som vert føreslått her. Nokre eksempel er:

New Zealand sementerte antiatomvåpenpolitikken sin i New Zealand Nuclear Free Zone, Disarmament, and Arms Control Act i 1987, som forbyr produksjon, introduksjon og oppbevaring av atomvåpen i landet. Lovgivinga gjer det også ulovleg for borgarane i landet å medverka til at andre personar gjer dette, inkludert transport av atomvåpen på land eller i internasjonalt farvatn og dertil oppbevaring i landet sine hamner. Statsministeren har rett til å nekta internasjonale fly å landa i New Zealand dersom dei ber atomvåpen.

I 1987 vedtok Filippinene eit grunnlovstillegg som konstaterer at landet innfører og vil forfølgja ein politikk for eit atomvåpenfritt Filippinene (Article II seksjon 8 i grunnlova av 1987). Denne grunnlovfesta politikken inneber at regjeringa ikkje kan lagra, eller tillata andre å introdusera, atomvåpen på filippinsk territorium. Vidare forbyr grunnlova fly, skip og køyretøy som ber atomvåpen, å koma til landet.

I 1999 vedtok parlamentet i Austerrike samrøystes Federal Constitutional Act for a Nonnuclear Austria, som slår fast at atomvåpen ikkje skal produserast, lagrast, transporterast, testast eller brukast i Austerrike, og at infrastruktur for å lagra atomvåpen ikkje skal settast opp.

I tillegg til nasjonalt lovverk har mange statar konsolidert innsatsen mot atomvåpen gjennom å inngå i atomvåpenfrie soner. Gjennom Tlatelolco-traktaten (Treaty for the Prohibition of Nuclear Weapons in Latin America and the Caribbean), Rarotonga-traktaten (The South Pacific Nuclear Free Zone Treaty), Bangkok-traktaten (Treaty on the Southeast Asia Nuclear Weapon-Free Zone), Pelindaba-traktaten (African Nuclear-Weapon-Free Zone Treaty) og Treaty on a Nuclear-Weapon-Free Zone in Central Asia er store område erklært atomvåpenfrie.

Også alle statane som har ratifisert FNs atomvåpenforbod, har implementert forbodet i traktaten i eige lovverk. Det store fleirtalet av statane i verda reknar atomvåpen som uakseptabelt og fastset dette gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar.