Tilsvarande lovgiving i andre land
Fleire statar har innført tilsvarande og strengare
lovgiving for å forby atomvåpen nasjonalt enn det som vert føreslått
her. Nokre eksempel er:
New Zealand sementerte antiatomvåpenpolitikken
sin i New Zealand Nuclear Free Zone, Disarmament, and Arms Control
Act i 1987, som forbyr produksjon, introduksjon og oppbevaring av
atomvåpen i landet. Lovgivinga gjer det også ulovleg for borgarane
i landet å medverka til at andre personar gjer dette, inkludert transport
av atomvåpen på land eller i internasjonalt farvatn og dertil oppbevaring
i landet sine hamner. Statsministeren har rett til å nekta internasjonale
fly å landa i New Zealand dersom dei ber atomvåpen.
I 1987 vedtok Filippinene eit grunnlovstillegg
som konstaterer at landet innfører og vil forfølgja ein politikk
for eit atomvåpenfritt Filippinene (Article II seksjon 8 i grunnlova
av 1987). Denne grunnlovfesta politikken inneber at regjeringa ikkje
kan lagra, eller tillata andre å introdusera, atomvåpen på filippinsk
territorium. Vidare forbyr grunnlova fly, skip og køyretøy som ber
atomvåpen, å koma til landet.
I 1999 vedtok parlamentet i Austerrike samrøystes Federal
Constitutional Act for a Nonnuclear Austria, som slår fast at atomvåpen
ikkje skal produserast, lagrast, transporterast, testast eller brukast
i Austerrike, og at infrastruktur for å lagra atomvåpen ikkje skal
settast opp.
I tillegg til nasjonalt lovverk har mange statar
konsolidert innsatsen mot atomvåpen gjennom å inngå i atomvåpenfrie
soner. Gjennom Tlatelolco-traktaten (Treaty for the Prohibition
of Nuclear Weapons in Latin America and the Caribbean), Rarotonga-traktaten
(The South Pacific Nuclear Free Zone Treaty), Bangkok-traktaten
(Treaty on the Southeast Asia Nuclear Weapon-Free Zone), Pelindaba-traktaten
(African Nuclear-Weapon-Free Zone Treaty) og Treaty on a Nuclear-Weapon-Free
Zone in Central Asia er store område erklært atomvåpenfrie.
Også alle statane som har ratifisert FNs atomvåpenforbod,
har implementert forbodet i traktaten i eige lovverk. Det store
fleirtalet av statane i verda reknar atomvåpen som uakseptabelt
og fastset dette gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar.