Forslagsstillarane
viser til Stortinget si handsaming av Innst. 131 S (2018–2019),
jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget si handsaming fekk
ikkje forslaget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane det naudsynte
talet på røyster for å verta vedteke.
Forslagsstillarane
meiner at god forvaltning av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande
for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Desse areala
utgjer ein knapp ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet
utgjer berre 3,7 prosent av landarealet i Noreg. Den langsiktige
og eksistensielle karakteren gjer at dyrka og dyrkande mark må verta
nemde uttrykkeleg i Grunnlova. Forslagsstillarane gjer difor framlegg
om eit tillegg i Grunnlova § 112 første ledd andre punktum om dette.
Matjorda her til
lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med
matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek
fleire tusen år å opparbeide. Matjorda Noreg har, legg til rette for
matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med
andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å
styrkja mattryggleiken óg er avgjerande for anna samfunnsutvikling.
Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal
med dyrka jord.
Etter den andre verdskrigen
har omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord vore på om lag 1,2 millionar
dekar totalt. Det meste av dette er areal som har vore eigna til
matkornproduksjon.
Omdisponeringa av
matjord til utbyggingsformål og anna har minka dei seinare åra i
tråd med auka bevisstgjering rundt vern av denne ressursen. Endelege
tal frå SSB viser at det i 2019 vart omdisponert 3 617 dekar dyrka
jord. I tillegg kjem omdisponeringa av 4 540 dekar dyrkbar jord
i 2019.
Dei fleste byar og tettstadar
i Noreg med befolkningsvekst er omkransa av dyrka jord. Mykje av
den beste jorda ligg difor der utbyggingspresset er størst. Over halvparten
av nedbygginga skjer i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske
om ei mest mogeleg samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar
skaper dette utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane
for framtida. Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka
jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag.
I tillegg har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkbar jord eigna
for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er
i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Det er difor
viktig at formuleringa i grunnlovsteksten har med seg både dyrka
og dyrkande mark.
Stortinget vedtok
den 8. desember 2015 at det årlege målet for omdisponering av dyrka
mark skulle settast til 4 000 dekar. Dette vart på nytt stadfesta
ved handsaminga av eit representantforslag om strengare jordvernmål
i Stortinget 4. juni 2020. Mange meiner at dette målet er altfor høgt
og ynskjer seg ein nullvisjon for tap av dyrka mark.
Forslagsstillarane
meiner matjorda er ein så viktig ressurs at den bør verta omtala
særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum
om naturressursane.