Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Sigbjørn Gjelsvik, Per Olaf Lundteigen og Emilie Enger Mehl om endring i § 120 a (om pengeeining)

Dette dokument

  • Grunnlovsframlegg 19 (2019–2020)
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Bakgrunn

Forslagsstillarane viser til Stortinget si behandling av Innst. 261 S (2019–2020), jf. Dokument 12:39 (2015–2016). Ved Stortinget si behandling oppnådde ikkje framlegget om grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining, det nødvendige talet røyster for å bli vedteke.

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova av 1814 vart penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes». Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Paragrafen stod slik fram til 1911, då han vart endra for å grunnlovfesta Statens Reservefond.

Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet, der § 1 (Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre». Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner og øre. I dag er pengeeininga i Noreg lovfest i sentralbanklova § 1-9.

Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816. Stortinget vedtok i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova § 120 a slår no fast at «Noregs Bank er sentralbanken i landet».

Forslagsstillarane viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum: «Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike». Det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Forslagsstillarane meiner difor Grunnlova bør innehalda føresegner om at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Forslagstillarane meiner at Noreg har hatt god nytte av å ha si eiga pengeeining og vil vera tent med å halde på si eiga pengeeining i framtida for å ha full sjølvråderett over penge- og myntsystemet og kunna bruka det som nasjonalt styringsverkemiddel i økonomiske kriser.

Det er nærliggjande å grunnlovfesta ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om at grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining, blir teke inn i §120 a som nytt andre, eventuelt tredje ledd. Forslagsstillarane framset òg eit alternativ med framlegg om plassering i ny §120 b.

Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Sentralbanklova § 1-9 fortel kva denne pengeeininga er.

Framlegg

På dette grunnlaget gjer ein følgjande

framlegg:

Alternativ 1:

§ 120 a nytt andre ledd skal lyda:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 2:

Ny § 120 b skal lyda:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 3:

§ 120 a nytt tredje ledd skal lyda:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Referert

Referert i Stortingets møte 30. september 2020.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.»

Tone Wilhelmsen Trøen

president

30. september 2020

Nils T. Bjørke

Sigbjørn Gjelsvik

Per Olaf Lundteigen

Emilie Enger Mehl