Bakgrunn
Noregs Bank vart skipa i 1816 og er ein av dei eldste sentralbankane i verda. Alt i november 1814 vart banken skriven inn i Grunnlova: Paragraf 110 slo då fast at «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen». Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Ordlyden i § 110 låg fast heilt fram til 1911. Då vart paragrafen nytta til grunnlovsfesting av Statens Reservefond. I Sverige har dei på si side den eldste sentralbanken i verda (frå 1668), og Sveriges Riksbank har vore grunnlovsfest – omtala i Regeringsformen – i fleire hundre år. Den finske grunnlova (vedteken i 1999) inneheld òg føresegner om Finlands Bank.
Forslagsstillarane meiner at den norske grunnlova – som før 1911 – bør nemna Noregs Bank og såleis stadfesta at vi har ein sentralbank i landet. Dette grunnlovsframlegget byggjer på ei statsrettsleg og historisk utgreiing om grunnlovsfesting av Noregs Bank som Finansdepartementet gjorde opptak til i 2011. Arbeidet vart gjort av professorane Eivind Smith (jus) og Aanund Hylland (samfunnsøkonomi og avgjerdsteori) ved Universitetet i Oslo og levert den 22. desember 2011. Utgreiingane fylgjer som vedlegg til dette grunnlovsframlegget.
Dei to siste hundreåra har det vorte skipa sentralbankar i alle sjølvstendige statar. I nyare tid har òg Den europeiske sentralbanken kome til og vorte traktatfest. Både nasjonalt og overnasjonalt er desse særmerkte institusjonar: Dei har einerett på preging av mynt og utferding av setlar, dei er långjevarar i siste instans, og den siste internasjonale finanskrisa har vist tydeleg den avgjerande rolla sentralbankar har i det økonomiske samfunnslivet.
I Noreg er sentralbanken lovregulert i sentralbanklova, som går attende til 1816. Ho vart mykje revidert i 1892 og seinast i 1985. Etter den nogjeldande føremålsparagrafen (§ 1) skal Noregs Bank «være et utøvende og rådgivende organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Den skal utstede pengesedler og mynter, fremme et effektivt betalingssystem innenlands og overfor utlandet og overvåke penge-, kreditt- og valutamarkedene.»
Oppgåvene til sentralbanken har skift gjennom tidene. Det same gjeld tilhøvet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Slik vil det alltid vera; vi tek ikkje til ords for å grunnlovsfesta sjølve den gjeldande modellen. Men det er på høg tid å gjera banken meir synleg som sentral statsinstitusjon i det norske konstitusjonelle demokratiet.
Ein konstitusjon skal gje føresegner om opphavet til statsmakta, om utdeling av makta og om korleis ho skal kontrollerast. Såleis skal ei grunnlov skipa og regulera hovudfunksjonen til ulike statsmakter, fyrst og fremst den lovgjevande, iverksetjande og dømande makta. Men ei grunnlov bør òg syna fram og regulera sentrale trekk ved styringssystemet. Innskrivinga av parlamentarismen (§ 15) og regjeringa si opplysningsplikt overfor Stortinget (§ 82) i Grunnlova i 2007 er døme på grunnlovsendringar med dette føremålet. Forslagsstillarane meiner difor at det å skriva Noregs Bank inn i Grunnlova er i godt samsvar med den jamne, men varsame revideringa av Grunnlova dei siste åra. Det er verdt å nemna at Grunnlova vår allereie inneheld føresegner om andre viktige institusjonar, som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen. I andre land er lista over grunnlovsfeste institusjonar lang.
Forslagsstillarane gjer framlegg om at Noregs Bank atter vert grunnlovsfest i samhøve med både den norske konstitusjonelle soga og den særmerkte og sentrale plassen banken har i statsapparatet. Framlegget er ikkje meint å avskjera høvet til politisk styring av målet for verksemda til banken eller dei rammene Noregs Bank elles skal arbeida innanfor: Det tek ikkje sikte på å endra funksjonen eller rolla til Noregs Bank. Meininga med ei stutt og stadfestande grunnlovsfesting er å tydeleggjera at banken er ein hjørnestein i den norske statsskipnaden. Ei grunnlovsfesting vil òg kunna medverka til å auka bankens relative status og gje trygd for Noregs Banks truverde som ein demokratisk lovregulert, uavhengig institusjon både i Noreg og andsynes utlandet. Det skal nemnast at grunnlovsframlegget – ifylgje utgreiinga til professor Eivind Smith – er nøytralt med tanke på norsk medlemskap i Den europeiske unionen (medrekna den økonomiske og monetære unionen). Det same gjeld for andre former for internasjonalt valutasamarbeid.
Grunnlovsparagrafane 76 og 112 gjer klårt at både regjeringa og kvar tingmann har rett til å setja fram grunnlovsframlegg. Etter 1905 har ulike regjeringar fremja fleire enn femti stortingsproposisjonar om grunnlovsendringar. Dei fleste vart lagde fram før den andre verdskrigen. Etter 1945 har norske regjeringar gjort framlegg om å endra Grunnlova berre fire gonger. Såleis har det vorte politisk sedvane at grunnlovsendringar er noko Stortinget steller med. Grunnlovsframlegget vårt er i samsvar med denne skikken.
Dei grundige utgreiingane til Eivind Smith og Aanund Hylland er ikkje eit førearbeid i vanleg tyding, men utgjer likevel eit vitskapleg grunnlag for dette framlegget. I utgreiinga si vurderer professor Smith kvar ei ny føresegn bør stå, og korleis ho bør lyda. Om det fyrste skriv han mellom anna at
«[e]n eventuell grunnlovsfesting kan tenkes strukturert i samsvar med det etablerte mønster for arbeidsdelingen mellom lovgivende og utøvende makt. Dette kunne tilsi en bestemmelse om institusjonens eksistens på et passende sted i grunnloven del B (om den utøvende makt). Der er § 33 i dag ledig. Paragrafens plassering umiddelbart etter bestemmelsene om statsrådsbehandling, men foran bestemmelsene av dynastisk karakter, kan være passende også i et systematisk perspektiv.»
Sjølve ordlyden bør etter forslagsstillarane sitt skjøn vera minimalistisk. Det er nok å slå fast at Noregs Bank er sentralbanken i landet.
Framlegget kjem i tre ulike språkversjonar: på norsk-dansk anno 1903 (den gjeldande konstitisjonelle målforma), bokmål og nynorsk. Dei to siste alternativa er i samsvar med eit vedtak Stortinget gjorde den 21. mai 2012 om å be Stortingets presidentskap leggja til rette for tospråkleg modernisering av Grunnlova i neste valbolk. Framlegga tek såleis høgd for at Grunnlova kan liggja føre på moderne bokmål og nynorsk før Stortinget handsamar framlegget om å grunnlovsfesta Noregs Bank.
Til sist: Det ville vera symbolsk svært høveleg om forslaget vart handsama og avgjort i samband med 200-årsjubileet for Noregs Bank i 2016. Forslagsstillarane meiner dessutan at kontroll- og konstitusjonskomiteen i arbeidet med tilrådinga si bør invitera både hovudstyret og representantskapet i Noregs Bank til å koma med sine vurderingar av framlegget.