Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Grunnlovsforslag frå Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Jenny Klinge, Hallgeir H. Langeland og Jette F. Christensen om ny § 38 (grunnlovfesting av kroner og øre som norsk pengeeining)

Innhold

Til Stortinget

Den amerikanske grunnlova frå 1787 er den eldste grunnlova i verda som har vore gjeldande utan avbrot. Ho var ei av inspirasjonskjeldene for vår eiga grunnlov. I den amerikanske grunnlova er det slått fast at USA skal ha sitt eige penge- og myntstell. Det høyrer den lovgjevande forsamlinga til å «coin Money, regulate the Value thereof, and of foreign Coin, and fix the Standard of Weights and Measure».

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova vart penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes.» Paragrafen stod slik fram til 1911 då han vart endra for å grunnlovfesta Statens Reservefond.

Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet der § 1 (Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre.» Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner og øre.

I dag er pengeeininga lovfest i sentralbanklova, paragraf 4. Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816.

Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta den norske pengeeininga i samsvar med sentralbanklova paragraf 4.

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

§ 38 skal lyda:

Alternativ A (gjeldande målform):

§ 38

Den norske Pengeenhed er en Krone. Kronen deles i hundrede Øre.

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

§ 38

Den norske pengeenhet er en krone. Kronen deles i hundre øre.

§ 38

Den norske pengeeininga er ei krone. Krona er delt i hundre øre.

Hallgeir H. Langeland

Lars P. Brekk

Per Olaf Lundteigen

Jette F. Christensen

Jenny Klinge

Referert i Stortingets møte 28. september 2012.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.»

Dag Terje Andersen

President

28. september 2012