Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 1

Avgitt til EOS-utvalet 06.06.2011.

Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalet) har som ledd i granskinga av politiet sin metodebruk i Treholt-saka bedt meg gi ei juridisk vurdering av i kva grad nødrett kunne gi heimel for politimetodar som Politiets overvåkningstjeneste (POT) ikkje hadde særskilt lovheimel til å bruka. Under arbeidet med utgreiinga har eg hatt fleire møte med leiar og sekretariat for EOS-utvalet. Der har eg blitt informert om hovudpunkta i det som granskinga har avdekka omkring POT sin metodebruk i Treholt-saka. Samtidig har innhaldet i oppdraget blitt nærare avklara.

POT si overvaking og etterforsking av Arne Treholt gjekk føre seg i ein lengre periode frå vinteren 1978 til januar 1984. Overvakinga vart intensivert etter at Treholt sommaren 1982 kom tilbake frå eit opphald i New York som ambassaderåd. Bruken av dei politimetodane som skal drøftast her, er knytt til familien Treholt sitt husvære i Oscarsgate 61. Metodebruken strekte seg over ein periode på vel eitt år, frå november/desember 1982 og til Treholt vart arrestert den 20.01.1984. I første del av denne perioden (september 1982 – mai 1983) gjekk Treholt på Forsvarets Høgskole. Deretter arbeidde han i Utanriksdepartementet fram til arrestasjonen.

Det er tre slag politimetodar som vil bli drøfta nærare. Innleiingsvis er det behov for å definera desse noko nærare og kort skissera bruken av dei i Treholt-saka:

  • Hemmeleg husransaking: Undersøking av bustad og andre private rom utan at den som undersøkinga rettar seg mot, eller andre i husstanden hans, vert informert om det. Ifølgje EOS-utvalet skjedde dette minst 9 gonger i undersøkingsperioden, nokre gonger i form av ei formalisert ransaking og nokre gonger i samband med montering og ettersyn av utstyr for dei andre metodane.

  • Romavlytting: Bruk av teknisk utstyr til å ta opp samtalar i eit rom slik at det som blir sagt kan høyrast samtidig og/eller i ettertid ein annan stad, utan at dei som blir avlytta veit om det. Ifølgje EOS-utvalet skjedde dette ved bruk av i alle fall tre mikrofonar. Ein var plassert på kjøkenet, ein annan på soverommet og ein tredje i biblioteket. Lyden vart overført til ein ”kontrollpost” i eit husvære som POT disponerte i etasjen over, og kunne takast opp på band.

  • Fjernsynsovervaking: Bruk av teknisk utstyr til å filma det som skjer i eit rom eller anna avgrensa område slik at det kan sjåast samtidig og/eller i ettertid ein annan stad, utan at dei som blir filma veit om det. Dette skjedde ifølgje EOS-utvalet ved hjelp av fire kamera. Eit av desse var plassert i bibiloteket og eit anna innvendig i trappeoppgangen. Eit tredje kamera var retta inn mot kjøkenvindauga til Treholt og eit fjerde var retta ned mot hovudinngangen i bygarden og parkeringsplassen til Treholt. Også bileta vart overførte til ”kontrollposten”. Ein hadde berre høve til videoopptak frå kameraet i biblioteket, elles dreidde det seg om overvaking i sanntid (monitorar).

For å ta stilling om nødrettsregelen

Ein kan spørja kvifor ikkje også straffelova § 48 om nødverge blir trekt inn i vurderinga her, ut frå den tanken at Treholt si agentverksemd utgjorde eit vedvarande ”rettsstridig angrep” på nasjonale interesser. Men sidan overvakinga også utgjorde eit inngrep i andre, uskuldige familiemedlemer sitt privatliv, er det berre nødrett som er aktuelt heimelsgrunnlag, jf Andorsen 1999 s. 386. gav heimel for dei nemnde politimetodane i 1982-1984 må ein både avklara det nærare innhaldet i regelen og det faktum som skal haldast opp mot regelen. Begge delar stiller ein ovanfor visse metodiske utfordringar.

Nødrettsregelen i straffelova av 1902 § 47 lyder slik:

Ingen kan straffes for Handling, som han har foretaget for at redde nogens Person eller Gods fra en paa anden Maade uafvendelig Fare, naar Omstændighederne berettigede ham til at anse denne som særdeles betydelig i Forhold til den Skade, som ved hans Handling kunde forvoldes.

Sjølv om ordlyden har stått uendra sidan 1902, kan tolkinga av regelen ha endra seg over tid, fordi andre rettskjeldefaktorar som verkar inn på tolkinga er gjenstand for ei dynamisk utvikling. Det vi søkjer i dette tilfellet er kva som var ei korrekt tolking av nødrettsregelen på den tida den aktuelle overvakinga skjedde. Den gongen var det til dømes straffeprosesslova av 1887 som gjaldt. Straffeprosesslova av 1981 var enno ikkje sett i kraft, endå mindre dei utvida heimlane til telefonavlytting, hemmeleg ransaking, romavlytting og andre politimetodar som Stortinget gav i 1999 og 2005.

Ved lovendringar i 1999 vart mellom anna heimelen for telefonavlytting og annan kommunikasjonskontroll vesentleg utvida, jf no strprl. kap. 16a. Vidare vart det opna for hemmeleg ransaking i visse tilfelle, jf § 200a. Når det gjeld romavlytting føreslo overvakingssjefen allereie hausten 1984 å tillata denne metoden i saker om rikets sikkerhet, jf Bergh/Eriksen 1998 II s. 363. Men først etter mange års debatt (sjå nærare NOU 2004:6 s. 205) gav lovgivar i 2005 ein viss heimel for romavlytting, jf strprl. §§ 216m og 222 d og politilova § 17d. Den europeiske menneskerettskonvensjonen var ikkje inkorporert i norsk rett, og det var langt mindre rettspraksis frå menneskerettsdomstolen enn i dag. Sidan nødrettsregelen gir tilvising på ei brei interesseavveging er det også viktig å relatera innhaldet i og vekta av dei motståande interessene til samfunnssituasjonen på den tida.

Fordi målet er å føreta ei juridisk vurdering ut frå rettstilstanden i 1982–1984, vil drøftinga primært bli bygt på rettskjeldefaktorar frå tida før og under denne perioden. Det gjeld også tilvisingar til den juridiske litteraturen. Samtidig må det nemnast at enkelte av politimetodane i Treholt-saka har vore gjenstand for ein til dels omfattande diskusjon i offentlege utgreiingar, lovførearbeid og juridisk litteratur i ettertid. Desse synspunkta er det også naturleg å nemna og drøfta i ei utgreiing som dette. Men det vil bli presisert når det blir vist til kjelder og argument som var relevante på tida for Treholt-etterforskinga, og når det blir vist til retrospektive drøftingar av kva som var rettstilstanden den gongen.

Også når det gjeld faktum, må ei nødrettsvurdering ta utgangspunkt i situasjonen på handlingstidspunktet. Dersom ein skal vurdera enkeltpersonar sitt straffansvar, er det kvar enkelt sin kunnskap på handlingstidspunktet som er avgjerande. Men i dette tilfellet er oppdraget ikkje å drøfta personleg ansvar, men å vurdera om POT hadde heimel for metodebruken. Då er det den informasjonen som POT sat inne med som er relevant, og då særleg kva faktum dei leiande personane innanfor etaten la til grunn då dei vedtok å ta i bruk - og halda fram å bruka - dei aktuelle metodane.

Meir konkret er det særleg to sider ved faktum som er relevant for nødrettsvurderinga. Det eine er kva dei ulike metodane gjekk ut på, kvar og når dei vart brukte osv. Her byggjer eg utelukkande på den informasjonen som eg har fått frå EOS-utvalet om kva granskinga har avdekka. Det andre sentrale aspektet er kva informasjon POT den gongen hadde som gav grunn til å meina at Treholt dreiv ulovleg spionasje og representerte ein fare for norske interesser. På dette punktet har eg også valt å trekkja inn andre, opne kjelder som seier noko om kva styresmaktene visste og tenkte i forkant av og under bruken av dei aktuelle politimetodane.

Ein føresetnad for at det er relevant å drøfta nødrett som heimelsgrunnlag er at dei aktuelle politimetodane trong lovheimel og mangla annan lovheimel. Difor klargjer eg først kravet om lovheimel for slike inngrep og kva lovreglar ein på den tida hadde (2). I forlenginga av det følgjer ei kort avklaring av forholdet til grunnlova og menneskerettane (3).

Den vidare drøftinga vert lagt tett opp til dei vilkåra for nødrett som følgjer av ordlyden i straffelova § 47. Ut frå formuleringa ”Person eller Gods” er det først nødvendig å avklara om nødrettsregelen i det heile kan nyttast som heimel for offentlege styresmakter til å verna om offentlege interesser (4). Deretter drøftar eg vilkåret om at det må liggja føre ein ”fare” for interesser som har nødrettsvern (5) og vilkåret om at den aktuelle handlinga (metodebruken) må vera gjort ”for at redde” den trua interessa frå den aktuelle faren (6). Vidare drøftar eg vilkåret om at faren må vera ”paa anden Maade uafvendelig” (7) og endeleg vilkåret om at det må ha vore ”berettiget” å rekna faren som ”særdeles betydelig” samanlikna med den skaden som handlinga ville medføra (8). Under det sistnemnde punktet vil det bli føreteke ei vurdering både av kvar enkelt metode og av den samla bruken av dei politimetodane som her vert drøfta.

Legalitetsprinsippet er nedfelt i grunnlova § 96 når det gjeld bruk av straff, og vert også elles rekna som eit konstitusjonelt prinsipp.

Jf Castberg 1964 (II) s. 9-10 og Andenæs 1981 s. 207. Ei klassisk formulering av prinsippet er at ”offentlige myndigheter ikke kan gripe inn overfor borgerne i individuelle tilfelle uten å ha hjemmel for det i formell lov”.

Jf Andenæs 1981 s. 202 og tilsvarande Castberg 1964 (II) s. 10-11. Sjå også Eckhoff, TfR 1964 s. 233 med vidare tilvisingar. Det er for drøftinga her ikkje nødvendig å koma inn på den alternative formuleringa av legalitetsprinsippet som Eckhoff og Eivind Smith lanserte på slutten av 1970-talet, jf Smith, TfR 1978 s. 655-691 og Eckhoff 1978 s. 142-155 (drøfta m a av Hopsnes/Solberg JV 2005 s. 86-104). Det er ingen tvil om at ransaking, romavlytting og fjernsynsovervaking i private heimar utgjer slike inngrep som styresmaktene berre kan føreta med heimel i formell lov.

Dette er lagt til grunn som sikker rett av fleire offentlege utval dei siste åra, jf NOU 1997:15 s. 70 og s. 113, NOU 2004:6 s. 43 og NOU 2009:15 s. 64. Det var også ein føresetnad då Stortinget i 1999 og 2005 utvida heimlane til å nytta hemmelege etterforskingsmetodar. Sjølv om innhaldet i og grensene for legalitetsprinsippet nok har utvikla seg noko over tid, må ein kunna leggja til grunn at dette også gjaldt på tidspunktet for overvakinga av Arne Treholt,

I tillegg til meir generelle framstillingar av legalitetsprinsippet låg det på tidspunktet for Treholt-etterforskinga også føre fleire fagartiklar som drøfta særskilt forholdet mellom legalitetsprinsippet og politiet sin metodebruk. Jf særleg Bratholm, JV 1972 s. 1-25 og Eckhoff, JV 1979 s. 35-46 (også publisert i FS Lid 1978 s. 55-66). noko også Lundkommisjonen har lagt til grunn.

Jf Dok. 15 (1995-1996) s. 302.

Ei problemstilling som rett nok bør nemnast er forholdet til den såkalla ”generalfullmakta” til politiet. Det var ei lære som gjekk ut på at politiet i kraft av si generelle samfunnsoppgåve måtte reknast for å ha ei implisitt fullmakt til visse tiltak og inngrep i høve til borgarane. Det ein då tenkte på var politiet si oppgåve i å halda oppe ro og orden og førebyggja lovbrot, dvs. slike tiltak som politilova §§ 7, 10, 11 og 12 i dag gir eksplisitt heimel til.

Jf Auglend/Røsandhaug/Mæland 1998 s. 347-348 og NOU 2004:6 s. 44 med vidare tilvisingar. Det er ikkje grunnlag for å hevda at ”generalfullmakta” gav politiet ein tilleggsheimel for tvangsmessige inngrep i samband med etterforsking, ut over det som straffeprosesslova av 1887 og enkelte særlover tillot.

Jf Bratholm, JV 1972 s. 14 og NOU 1997:15 s. 71. Ein har heller ikkje rekna POT si generelle samfunnsoppgåve (uttrykt i Overvakingsinstruksen) som tilstrekkeleg heimelsgrunnlag til å kunna bruka inngripande metodar som telefonavlytting, romavlytting og liknande.

Jf Eckhoff, JV 1979 s. 45, Hopsnes, PHS 2003 s. 107-108 og NOU 2004:6 s. 44.

Det einaste som det kan vera noko tvil om POT etter legalitetsprinsippet trengde særskild lovheimel til, er den fjernsynsovervakinga som var retta mot hovudinngangsdøra/parkeringsplassen og mot kjøkenvindauga til familien Treholt. Ein mogeleg synsmåte er at dette var tiltak som politiet kunna nytta i kraft av den alminnelege kompetansen til å driva etterforsking, på linje med t d skygging av ein person. Ein annan mogeleg synsmåte er at fordi det var ledd i ei ”systematisk utspionering med sikte på å kartlegge menneskers privatliv”, for å bruka ei formulering frå professor Eckhoff (1979), måtte det lovheimel til.

Jf Eckhoff, JV 1979 s. 44-45. Sjå også NOU 2004:6 s. 66 der ein i drøftinga av lytting ved ei dør eller gjennom ein vegg legg til grunn ei liknande streng forståing av legalitetsprinsippet som Eckhoff. Denne rettslege uvissa gjer at det først og fremst er den fjernsynsovervakinga som føregjekk inne på privat område som vil stå i fokus i det følgjande.

Fleire av dei politimetodane som vi her drøftar, var også forbodne og straffbare etter straffelova. Med mindre politiet hadde uttrykkeleg heimel til husransaking (jf nedanfor), vart handlemåten råka både av straffelova § 116 om ulovleg ransaking og straffelova § 147 om innbrot. Romavlytting var straffbart etter straffelova § 145a om hemmeleg avlytting, som vart vedteken i 1958. Det er ikkje noko som tyder på noko anna enn at denne regelen også gjaldt for politiet.

Jf Ot.prp. nr. 5 (1958) s. 36-37, NOU 1993:3 s. 29 og NOU 1997:15 s. 112. Då Mellbye-utvalet i 1966 vart orientert av POT om bruken av romavlytting, vart praksisen legitimert med nødrett, jf Bergh/Eriksen 1998 II s. 350. Derimot hadde straffelova ikkje eit tilsvarande forbod mot fjernsynsovervaking.

Eit eige straffebod mot fjernsynsovervaking fekk vi først i 1991, jf dåverande § 390b (no personopplysningslova § 40). Politiet vart samtidig gitt ein viss heimel til fjernsynsovervaking på offentleg stad, jf strprl. § 202a. Men i den grad politiet måtte trengja seg inn i eit privat husvære for å plassera utstyret ville det utgjera innbrot, og dersom ein samtidig tok opp lyd vart det råka av § 145a.

Jf NOU 1997:15 s. 113. Førstvoterande i Rt. 1991.616 s. 620-621 uttalte seg noko meir forsiktig: ”Jeg vil likevel ikke utelukke at bestemmelsen kan få anvendelse på det man kan betegne som lyd-delen av video-opptakene.” Grunnen til den forsiktige tonen var nok at spørsmålet ikkje kom på spissen i den aktuelle saka.

Av dei tre politimetodane som vert drøfta her, var det berre husransaking som var lovregulert i straffeprosesslova av 1887. Lova hadde eit eige kapittel (18) om ransaking av ”Bolig og andre Rum” og av person. Grunnvilkåret var at nokon med ”Skjellig Grund” kunne mistenkast for ei straffbar handling som kunne medføra høgare straff enn bot (§ 221). Vidare regulerte lova kven som kunne gjera vedtak om ransaking, der hovudregelen var at det kravde samtykke frå retten dersom den som ransakinga retta seg mot, ikkje sjølv gav samtykke (§ 223). Men sidan lov av 21.02.1947 om rettergang i landssviksaker § 19 gjorde eit uttrykkeleg unntak frå dette, var det ikkje nødvendig med samtykke frå retten for ransaking i Treholt-saka.

Det følgde av § 1 i 1947-lova at ho gjaldt i straffesaker etter straffelova kapittel 8 og 9.

Straffeprosesslova gav også nærare reglar om framgangsmåten ved husransaking. Det skulle vera eit vitne til stades (§ 224). Dessutan skulle avgjerda om ransaking lesast opp, visast fram eller forklarast for vedkomande, dersom han eller ho bad om det (§ 225 første ledd). Endeleg heitte det i § 225 andre ledd at ”Skal Nogens Bolig eller Rum ransages, bliver han eller, hvis han er fraværende, en af hans Husfæller eller Naboer at tilkalde, naar dette kan ske uden Ophold”. Desse vilkåra gjorde ikkje landssvikrettargangslova noko unntak frå.

Professor Fleischer har rett nok hevda at ”det var ikke lovgivernes fornuftige mening da disse reglene ble gitt (i 1887) å påby at en siktet i Treholts spesielle stilling – en landsforræder – skulle varsles”.

Jf Fleischer LoR 1992 s. 30. Sameleis Fleischer, Aftenposten 09.01.1989. Men spekulasjonar om kva lovgivar meinte for hundre år sidan kan vanskeleg vera nok til å tolka bort eit tydeleg vilkår i straffeprosesslova, som var gitt av omsyn til den sikta sin rettstryggleik. Det er heller ikkje noko i førearbeida til landssvikrettargangslova som tilseier at ein meinte å gjera unntak frå varslinga av den som ransakinga retta seg mot.

Det mest interessante er her ein merknad frå det lovutvalet som utarbeidde lovforslaget, om unntaket frå kravet om rettens samtykke ved ransaking, beslag og pågriping (§§ 19 og 21 i den endelege lova). Utvalet viste til at dette var ei vidareføring av den provisoriske anordninga av 16.02.1945, og at formålet var å ”oppnå en enkel og effektiv etterforskning av straffesakene”. Vidare heiter det det at ”disse regler innebærer i virkeligheten bare uvesentlige unntak fra straffeprosessloven”, jf Ot. Prp. Nr. 128 (1947) s. 9. Var det meininga at ransakinga skulle haldast hemmeleg også for den som vart ransaka, måtte ein venta at det hadde blitt presisert, og merknaden om ”uvesentlige unntak” ville då vore endå mindre passande. Eg er difor samd med professor Andenæs i at lovgivinga ikkje gav heimel for hemmeleg ransaking.

Jf Andenæs, LoR 1988 s. 154 og Andenæs i FS Bratholm 1990 s. 158. Dette synet har føresetnadsvis også blitt lagt til grunn av overvakingssjefen som i 1989 forsvarte den hemmelege ransakinga i Treholt-saka med nødrett,

Jf intervju med Jostein Erstad i Aftenposten 14.01.1989. og av påtalemakta som i ettertid instruerte politiet om å stansa all hemmeleg ransaking.

Jf NOU 1993:3 s. 31. I gjenopptakingssaka som Treholt reiste i 1990, argumenterte påtalemakta med at ”nødrettsaspektet må i alle tilfelle medføre at hemmelig ransaking godtas”, jf Rt. 1992.698 (s. 703).

Grunnlova § 102 inneheld eit forbod mot ”Hus-Inkvisitioner”. Dette må i dag tolkast slik at det ikkje berre set ei skranke for husransaking, men også for romavlytting og fjernsynsovervaking av private heimar.

Jf utgreiinga mi om grunnlova § 102 som er innteken i NOU 2009:15 vedlegg 2 (og nærast likelydande i Schartum 2010 s. 167-195), og tilsvarande i den parallelle utgreiinga til Høgberg og Stub, NOU 2009:15 vedlegg 3. Men grunnlova gjer eit unntak for ”kriminelle Tilfælde”, dvs for tilfelle der det ligg føre ein konkret mistanke om det er gjort ei straffbar handling. Sidan grunnlova har høgare rang enn straffelova, kan nødrettsregelen (eller andre lovreglar) difor berre gi heimel for slike overvakingstiltak i private heimar i tilfelle der ein slik konkret mistanke er etablert. Nødrett som heimel for reint førebyggjande bruk av hemmeleg ransaking, romavlytting og fjernsynsovervaking i private heimar er uaktuelt.

Eit unntak må her gjerast for tilfelle der vilkåra for konstitusjonell nødrett er oppfylt, jf uttreiinga mi i NOU 2009:15 vedlegg 2 s. 418. Høgberg og Stub opnar også opp for ei utvidande tolking av unntaket for ”kriminelle Tilfælde” i visse nødrettsliknande situasjonar som ikkje kvalifiserer til konstitusjonell nødrett, jf NOU 2009:15 vedlegg 3 s. 444. Men denne problemstillinga kjem ikkje på spissen her.

På tidspunktet for gjennomføringa av hemmeleg ransaking, romavlytting og fjernsynsovervaking hadde POT gjennom lengre tid hatt mistanke om at Treholt dreiv spionasje til fordel for Sovjetunionen. Mistanken hadde både i 1978 og i heile den perioden som drøftinga her omfattar, gitt grunnlag for telefonavlytting, med samtykke frå retten.

Det var ifølgje EOS-utvalet ikkje berre Treholt sin private telefon som vart avlytta, men i visse periodar også svigerfamilien sine to telefonar og Treholt sin kontortelefon i Utanriksdepartementet. Sjå også Vale 2009 s. 44 og 72-73. I løpet av 1981 og 1982, då Treholt oppheldt seg i New York og POT samarbeidde med FBI, var mistanken blitt sterkare og meir konkret.

Sjå Tofte 1987 s. 157-162, Bergh/Eriksen 1998 II s. 324-325 og Vale 2009 s. 67-73. Då det våren 1982 vart føreslått å ta Treholt opp på Forsvarets Høgskole, utgjorde mistanken mot han såleis eit stort dilemma for dei regjeringsmedlemene og leiarane i embetsverket som hadde kjennskap til saka.

Jf utgreiinga frå utanriksminister Sverre Stray til Stortinget 26.11.1985, Tidende S (1985-86) s. 811-816. Det er difor klart at Grunnlova § 102 ikkje stengde for ransaking eller liknande inngrep i huset hans.

Slik også Fleischer LoR 1992 s. 31.

Norge har heilt sidan 1953 vore folkerettsleg bunden av den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), men på 1980-talet var konvensjonen enno ikkje inkorporert i norsk rett og vi hadde ikkje fått Grunnlova § 110c.

Grunnlova § 110c kom i 1994 og inkorporeringa skjedde ved lov nr. 30/1999. Vi hadde heller ikkje nokon regel i straffelova som gav slike folkerettslege avtalar internrettsleg verknad.

Noverande § 1 andre ledd i straffelova kom til i 1996. Likevel vart folkerettslege reglar, inkludert EMK, rekna som eit relevant moment ved tolkinga av nasjonal rett.

Jf Fleischer 1978 s. 242-247, Eckhoff 1980 s. 265-267 og Andenæs 1981 s. 8. Dette gjaldt i prinsippet også for tolkinga av straffelova § 47.

EMK fastset i artikkel 8 første ledd at ”everyone has the right to respect for his private and family life, his home and his correspondence”.

FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar frå 1966, som Norge slutta seg til i 1976, har i § 17 ein liknande regel. Men regelen er vagare og på byrjinga av 1980-talet var det svært lite praksis om tolkinga av regelen, jf nærare i Møse si utgreiing til Lund-kommisjonen, Dok. 15 (1995-96) vedlegg 2 s. 600-601. Samtidig opnar andre ledd for at offentlege styresmakter kan gjera inngrep i denne retten for visse formål, mellom anna ”the interests of national security”, føresett at inngrepet skjer ”in accordance with the law” og er ”necessary in a democratic society”. Når det gjeld lovskravet, vart det den gongen ikkje tolka svært strengt. Sidan nødrettsregelen er lovfesta og har tydelege vilkår, er det grunn til å tru at regelen tilfredsstilte lovskravet i artikkel 8 dersom han i praksis berre vart brukt i klare unntakstilfelle.

I same retning tolkar eg Møse si utgreiing til Lund-kommisjonen, Dok. 15 (1995-96) vedlegg 2 s. 606. Jf likevel NOU 2004:6 der det blir hevda at ”å basere metodebruk på nødrettshjemmelen … vil reise problemer i forhold til EMK”. Synspunktet blir ikkje nærare utdjupa. Når det gjeld vilkåret om at inngrepet må vera nødvendig i eit demokratisk samfunn, hadde menneskerettsdomstolen i Klass-dommen frå 1978 godteke at det kunne vera nødvendig med hemmeleg brev, post og telefonkontroll for å verna om rikets sikkerhet m v.

Jf EMD, Klass vs. Germany, dom av 06.09.1978, Serie A nr. 28 avsnitt 48. Samtidig vart det gjort klart at det må liggja føre adekvate og effektive garantiar mot misbruk, helst –men ikkje nødvendigvis- i form av domstolskontroll.

Jf avsnitt 50-60 i dommen. Dette er eit moment som proporsjonalitetskravet i § 47 gir rom for å trekkja inn, og som det i lys av Norge sine plikter etter EMK er relevant å trekkja inn ved vurderinga av rettstilstanden på byrjinga av 1980-talet.

Jf punkt 8 nedanfor.

Etter ordlyden i straffelova § 47 må det liggja føre ein fare for ”Person eller Gods”. Det blir vanlegvis tolka slik at alle individuelle rettsgode, både av ikkje-økonomisk og økonomisk art, kan verjast gjennom ei nødrettshandling (har nødrettsvern).

Jf Andorsen 1999 s. 88 om kva som meinest med (abstrakt) nødrettsvern. Det er vanleg også å tolka det offentlege sine økonomiske interesser, t d ein offentleg eigd bygning, inn under omgrepet ”Gods”. Derimot har det vore meir problematisert om også andre offentlege interesser, slik som rikets sikkerhet, vert omfatta av regelen.

Hagerup 1930 s. 206 svara såleis nei til det. Ein synsmåte er å sjå § 47 som uttrykk for ei såkalla ”alminnelig rettsgrunnsetning”, slik lagmannsretten uttrykte det i Rt. 1947.612. Det inneber at ein reknar ulovfesta rett som heimelsgrunnlag for å utøva nødrett til vern om offentlege interesser. Ein meir vanleg talemåte har vore at ein kan nytta § 47 ”analogisk” i slike tilfelle.

Skeie 1946 s. 147, Andenæs 1974 s. 184 og Andorsen 1999 s. 86 og 369. Ein tredje synsmåte er at det følgjer av ei utvidande tolking av § 47 at også offentlege interesser har nødrettsvern, dvs. at ein kan nytta § 47 ”direkte”.

f Andorsen 1999 s. 120 og 135. Bratholm 1980 s. 159 nøyer med å nemna analogi og utvidande tolking som to alternativ. Seinare har han uttrykt det slik at valet mellom desse synsmåtane er ei ”smakssak”, jf Bratholm/Matningsdal 1991 s. 178.

Felles for desse synsmåtane er at ein reknar at rettsordninga tillet at også offentlege interesser vert verna gjennom ei nødrettshandling.

Dette går også fram av Rt. 1980.938 der det heiter om straffelova § 47 at ”bestemmelsen kan riktignok ikke antas å være til hinder for at offentlige interesser bør anses som goder som under visse omstendigheter straff-fritt bør kunne beskyttes mot farer.” Fordi Høgsterett kom til at det ikkje låg føre ein nødrettssituasjon, tok retten ikkje stilling til om heimelen for nødrett i slike tilfelle kunne forankrast, direkte eller indirekte, i § 47. Dette følgjer føresetnadsvis også av den statsrettslege læra om konstitusjonell nødrett.

Jf generelt Castberg 1964 (II) s. 346-355 og Andenæs 1981 s. 514-522. Ei særleg grundig utgreiing om konstitusjonell nødrett vart utarbeidd av professor Castberg i 1953, jf St. Dok. Nr. 2 (1953). Ein nyare gjennomgang av emnet gir Heide 1998. Når offentlege styresmakter i visse nødsituasjonar kan handla i strid med grunnlova utan å bryta med rettsordninga, må dei også kunna handla i strid med legalitetsprinsippet og vanleg lovgiving. Det ville dessutan vera dårleg samanheng i rettssystemet om ein i kraft av nødrett kunne berga individuelle rettsgode som t d den personlege fridomen, men ikkje offentlege rettsgode som er ein føresetnad for dei individuelle, slik som nasjonal fridom og demokrati.

Sjå i denne samanhengen Straffelovkommisjonen si generelle utsegn i NOU 1992:23 s. 90: ”En nødrettshandling til vern av en spesiell samfunnsinteresse kan være særlig godt begrunnet.” Det er ikkje avgjerande for den vidare drøftinga om ein rettsleg sett forankrar nødrett til fordel for offentlege interesser i ei vid tolking av straffelova § 47, i ulovfesta rett eller i noko midt imellom (analogi). Likevel er det grunn til å merkja seg at alle i dag synest å vera samde om at dei andre vilkåra i § 47 må gjelda for slike nødrettshandlingar, noko som helst tilseier ei direkte forankring i § 47. Til forsvar for ei utvidande tolking av regelen talar det også at vern av offentlege interesser, typisk rikets sikkerhet, er nødvendig dersom enkeltpersonar og deira eigendom (”Person” og ”Gods”) skal nyta eit godt samfunnsmessig vern. Dessutan er ordlyden i § 47 også på andre punkt noko kasuistisk og ufullstendig, utan at det har blitt rekna som eit hinder for ei breiare og meir heilskapleg tolking av vilkåra.

Sjå punkt 7.1 nedanfor om subsidaritetskravet i tilfelle der fleire alternative redningshandlingar er aktuelle, og punkt 8.1 nedanfor om at ein i proporsjonalitetsvurderinga må ta omsyn til både faregrad og skadeomfang på begge sider. I tillegg kan det nemnast at sjølv om straffelova § 47 etter ordlyden berre seier at ”ingen kan straffes for” ei nødrettshandling, er det sikker rett at nødrett også gjer ei handling rettmessig, jf Andenæs 1974 s. 182. Etter mitt syn er det difor gode grunnar til å rekna straffelova § 47 som direkte heimel for nødrettshandlingar til vern om alle slag interesser som rettsordninga vernar om, også offentlege interesser.

Vilkåret om ”fare” inneber at det i det minste må vera mogeleg at den aktuelle handlinga eller verksemda vil medføra ein skade på ei rettsleg verna interesse.

Jf Jareborg 2001 s. 166 som generelt forklarer fare som ein ”möjlighetsrelasjon” mellom ein gitt tilstand eller hending og ei tenkbar, negativ følgje. Vidare må faren vera rimeleg konkret, elles vil det vera umogeleg å ta stilling til om dei andre vilkåra i § 47 er oppfylte. Det vil seia at det må gå an å spesifisera nærare kva art fare det er tale om, og korleis ein tenkjer seg at faren kan materialisera seg. Faren må dessutan vera aktuell, dvs. til stades på handlingstidspunktet. Det betyr både at ein framtidig, hypotetisk fare ikkje er nok, og at nødrett er uaktuelt når faren er over.

Jf nærare Andorsen 1999 s. 140. Frå eldre rettspraksis kjenner vi til dømes tilfelle der nødrett ikkje har blitt akseptert fordi den straffbare handlinga (nedhogst av ved) skjedde også utanfor direkte nødsperiodar.

Jf Rt. 1882.431, omtala hjå Kjerschow 1896 s. 93. Ein kan derimot ikkje krevja at faren må vera akutt, dvs. at faren har oppstått for kort sidan og ei eventuell materialisering vil skje om kort tid. Også ein fare som har lege føre lenge, og ein fare som vil kunna vera til stades i lang tid framover, kan i prinsippet gi grunnlag for ei nødrettshandling.

Noko anna er at ein i høve til meir langvarige farar gjerne vil ha andre og lovlege, eller i alle fall mindre inngripande, handlingsalternativ for å avverja faren, jf punkt 7 nedanfor.

Relatert til Treholt-saka betyr farekravet at det på tidspunktet for bruken av dei aktuelle politimetodane må ha vore ein konkret og aktuell fare for at Treholt kunne openberra statsløyndomar til representantar for andre statar (jf straffelova § 90). Det kan det ikkje vera særleg tvil om. Treholt hadde medan han gjekk på Forsvarets Høgskole tilgang til mykje høgt gradert informasjon, og også gjennom stillinga i Utanriksdepartementet i tida etterpå hadde han tilgang til ein del informasjon som det var av nasjonal interesse å halda hemmeleg. Ein visste samtidig at Treholt tidlegare hadde hatt uvanleg mykje personleg kontakt med sovjetiske diplomatar, og ein hadde konkret mistanke om at han planla nye møte med sovjetiske etterretningsagentar.

Sjå Tofte 1987 s. 156-162. Denne mistanken vart særleg konkret etter at POT i oktober 1982 ”knekte koden” i den 7.sansen som FBI hadde funne ved ransaking i USA.

Sjå Tofte 1987 s. 161-163.

Ein må også kunna leggja til grunn at faren var til stades gjennom heile tidsrommet frå desember 1982 til januar 1984. Sjølv om opphaldet på Forsvarets Høgskole gjorde kontakt med sovjetiske eller andre agentar vanskelegare, sat Treholt inne med så mykje personleg kunnskap om gradert informasjon at det - føresett at spionmistanken var rett - var ein fare for at han seinare kunne bringa vidare informasjon som ville kunna skada norske interesser. Då POT observerte at Treholt møtte Gennadij Titov i Helsinki den 14.05.1983,

Sjå Tofte 1987 s. 165 og Vale 2009 s. 91-92. vart det endå tydelegare at han representerte ein fare for rikets sikkerhet.

§ 47 krev også at handlinga må vera gjort ”for at redde”. I dette uttrykket ligg at det må vera tale om ei redningshandling, dvs at handlinga må ha til formål å berga den trua interessa frå den aktuelle faren. Som eit motstykke til dette er det ikkje nok at ein kan oppnå ein vesentleg fordel for ei rettsleg verna interesse.

Jf Andenæs 1974 s. 184, Bratholm 1980 s. 159 og Rt. 1984.1378.

Det finst ikkje nokon klar og eintydig dokumentasjon av kva som var formålet med den hemmelege ransakinga, romavlyttinga og fjernsynsovervakinga som vi her drøftar. Ein har til dømes ingen rettsavgjerder som gir særleg informasjon om dette. Likevel er det i ettertid mogeleg å tenkja seg til kva formål som mest truleg har vore medverkande.

Eit formål som klart var medverkande var ønskjet om å kunne skaffa nok bevis om allerede utført spionasje til å kunna få Treholt dømt for dette. I dei to formelle ransakingsordrane frå overvakingssjefen heitte det såleis at ransakinga ”antas å ville lede til oppdagelse av den straffbare handlings spor”. Men Bratholm uttalte allereie i 1968 om nødrett som mogeleg heimel for avlytting at ”det kan ikke være tilstrekkelig at politiet ønsker å oppklare en alvorlig forbryelse”.

Jf Jf Bratholm, NKT 1968 s. 144. Sameleis meinte Lundkommisjonen at ”hvis det utelukkende er snakk om etterforsking av en straffbar handling som allerede er begått, vil nødrett vanskelig kunne tenkes å supplere reglene i straffeprosessloven og loven av 1915”.

Jf Dok. nr. 15 (1995-96) s. 304. Det same synet er blitt lagt til grunn også av andre offentlege utval og forfattarar.

Jf NOU 1993:3 s. 30, NOU 1997:15 s. 114 og 158, Ot.prp. nr. 64, 1998-99 s. 17 og 91, NOU 2003:18 s. 136, NOU 2004: 6 s. 46 og Andorsen 1999 s. 384.

Avvisinga av nødrett for reine etterforskingsformål heng saman med at den primære skaden som den straffbare handlinga medfører, då allereie har skjedd. Når dei hemmelege opplysningane er blitt overleverte til ein framand stat, er faren for rikets sikkerhet blitt realisert. Den ”faren” som ein eventuelt kan tala om i ettertid, er risikoen for at brotsverket ikkje blir fullt ut oppklart eller at den skuldige slepp unna den straffa som han fortener. Bruk av særlege etterforskingstiltak tilgodeser då i beste fall omsynet til rikets sikkerhet berre på ein indirekte måte, gjennom den preventive effekten mot spionasje som ei fullstendig domfelling vonleg vil kunna ha. Men risikoen for ei ineffektiv strafferettspleie er til stades ved all etterforsking, og dette har lovgivar kalkulert inn når prosesslovgivinga balanserer omsynet til effektivitet og rettstryggleik. Dersom ein bryt med etablerte prosessreglar berre for å effektivisera etterforskinga av eit avslutta brotsverk, dreier det seg difor snarare om å oppnå ein fordel for offentlege interesser enn om å ”redde” slike interesser frå ein konkret fare.

Vurderinga opp mot formålskravet vert annleis dersom den straffbare verksemda enno ikkje er påbyrja, eller i alle fall ikkje avslutta. Då eksisterer det framleis ein fare for dei interessene som straffebodet vernar, og overvakingstiltaka kan utgjera ei redningshandling i høve til den skaden som elles kan bli valda i framtida. Det er i dette lyset vi må forstå Bratholm si utsegn i same artikkelen om at ”derimot kan nok avlytting med formål å forebygge en alvorlig forbrytelse etter omstendighetene godtas som rettmessig”.

Jf Jf Bratholm, NKT 1968 s. 144. Tilsvarande utelukkar heller ikkje Lundkommisjonen at det kan liggja føre ”helt spesielle situasjoner der bruk av slike etterforskingsmetoder kan forsvares med nødrett når dette er eneste utvei for å hindre alvorlige – eller fortsatt alvorlige – anslag mot rikets sikkerhet”.

Jf Dok nr. 15 (1995-96) s. 304. Medan Bratholm synest å tenkja på førebygging av eit bestemt framtidig brotsverk, opnar Lundkommisjonen si formulering også for avverjing av meir ubestemte brotsverk mot rikets sikkerhet i framtida.

Slik også NOU 2004:6 s. 46.

I Treholt-saka er det lite som tyder på at formålet med overvakingstiltaka var å hindra ei bestemt framtidig overlevering av gradert informasjon. Derimot er det mykje som tyder på at formålet var å stansa vidare spionasje frå Treholt si side meir generelt.

Dette aspektet vart sterkt understreka av Fleischer i den etterfølgjande diskusjonen om metodebruken. Han kalla det Treholt dreiv med for ”kontinuerlig landssvik av virkelig store dimensjoner”, og meinte at ”hovedformålet var her ikke å gjennomføre en strafforfølgning, men å få stanset den videre skadeforvoldelse av de helt ekstreme dimensjoner, som man måtte regne med foregikk”, jf Fleischer LoR 1992 s. 26-27. Også i NOU 2004:6 s. 46 blir dette aspektet ved Treholt-saka framheva. Dette aspektet kjem tydeleg fram i den forklaringa som utanriksminister Stray gav til Stortinget den 26.11.1985 om kvifor ein valde å ikkje hindra opptaket av Treholt på Forsvarets Høgskole:

Jf Tidende S (1985-86) s. 816.

”Alle, både i Regjeringen og i embetsverket, som var stilt overfor denne problemstillingen, kom til det resultat at risikoen ved å måtte leve i mange år med en mulig sovjetisk agent høyt plassert i norsk utenrikstjeneste, var så uaksetabel at den ble utslagsgivende, hvor vanskelig avgjørelsen enn var.””

På tilsvarande måte argumenterte påtalemakta i den gjenopptakingssaka som Treholt reiste i 1990, med at den hemmeleg ransakinga var ei nødrettshandling fordi ”fortsatt spionasje fra As [Treholts] side ville ført til alvorlige skadevirkninger”.

Jf Rt. 1992.698 (s. 703).

Dersom formålet var å hindra framtidig spionasje frå Treholt si side, kan det ved første augekast rett nok vera vanskeleg å forstå kvifor ein valde å gi han plass på Forsvarets Høgskole og ikkje heller greip inn med det same og fjerna han frå stillinga i Utanriksdepartementet. Forklaringa må vera at ein ikkje var sikker på at ein hadde nok bevis mot han til å kunna få han dømt, i alle fall ikkje til ei straff som gjorde vidare arbeid i utanrikstenesta umogeleg. Dersom ein stansa opptaket på Forsvarets Høgskole ville det på si side kunne vekkja mistanke hjå Treholt eller KGB, noko som kunne medføra at samarbeidet deira vart ”lagt på is” for ein periode,

Jf utanriksminister Stray, Tidende S (1985-86) s. 816. men utan at det vart sett ein endeleg stoppar for agentverksemda.

På denne bakgrunnen var eit sentralt formål med overvakingstiltaka mot familien Treholt truleg å hindra framtidig spionasje frå Treholt si side ved å avsløra kva han dreiv med og få han dømt og ”uskadeleggjort” som agent. Dette formålet tilfredsstiller etter mitt syn kravet i § 47 om at handlinga må vera gjort ”for at redde” dei utsette interessene frå den aktuelle faren.

Andorsen 1999 skriv på s. 380: ”Etter min mening bør hovedformålet med inngrepet være avgjørende når spørsmålet om nødrett skal bedømmes. Hvilket formål, etterforskning eller å hindre forbrytelser, er det som motiverer inngrepet.” Ei slik tolking av formålskravet i § 47 er etter mitt syn for streng, og vil dessutan vera vanskeleg å praktisera. Dersom omsynet til å hindra enno ikkje utførte/fullførte brotsverk frå personen si side er relevant i saka, bør ein heller overlata det til vurderinga etter subsidaritetskravet og proporsjonalitetskravet om dette formålet er tungtvegande nok til å gjera inngrepet lovleg.

Etter at POT hadde vore vitne til Treholt sitt møte med Gennadij Titov i Helsinki 14.05.1983 og ved ransaking 17.05.1983 hadde funne ein koffert med dollarsetlar (”pengebeviset”) og teke kopi av 7.sansen, kan ein rett nok spørja om dei ikkje hadde nok bevis til å kunne få han arrestert og stansa framtidig spionasje. Det var truleg Riksadvokaten som avgjorde at ein skulle venta med å pågripa Treholt. Grunnen var visstnok at ein ønskte å få identifisert ”den ukjente mannen i Athen” som ein visste at Treholt hadde kontakt med.

Jf Tofte 1987 s. 166 og Vale 2009 s. 102. Dette kan ha vore basert på eit ønskje om å vera sikker på at ein ville klara å stansa Treholt sine mogelege illegale kontaktar med eit anna land enn Sovjetunionen. Likevel må ein kunne leggja til grunn at omsynet til å hindra framtidig spionasje var mindre tungtvegande (og eit reint etterforskingsformål desto meir tungtvegande) som grunngiving for å halda fram overvakingstiltaka etter mai 1983.

Eit anna formål som kan tenkjast i spionsaker er å skaffa slik informasjon om andre involverte personar som er nødvendig for å kunna avverja vidare spionasje frå deira side mot Norge (t d ved å utvisa ein diplomat). Det er likevel ikkje konkrete haldepunkt for at dette var noko sentralt mål for POT. Gennadij Titov, som var den sovjetiske agenten POT i denne perioden først og fremst hadde auge med i relasjon til Treholt, var fleire år tidlegare erklært persona non grata i Norge. POT hadde ikkje mistanke om at Treholt møtte sovjetiske agentar i Norge, og dei hadde på den tida også lite konkret informasjonen om den ”ukjente” i Athen. Ein kan derimot ikkje utelukka at POT kunne ha som eit delmål å gi opplysningar til samarbeidande tenester i andre land slik at andre agentar kunne bli stansa frå vidare spionasje der. Men det ligg ikkje føre særleg konkret informasjon i denne retninga i Treholt-saka, og i tilfelle har det truleg berre vore eit underordna formål.

Ut frå denne kartlegginga av kva som var formålet med POT sin metodebruk, og som oppfyller vilkåret om ei redningshandling, er det berre ønskjet om å eliminiera eller redusera den framhaldande faren for rikets sikkerhet som Treholt representerte, som er relevant å trekkja med i den vidare drøftinga av vilkåra for nødrett. Spørsmålet blir for det første om den framhaldande faren for rikets sikkerhet som Treholt representerte, kunne avverjast på andre og mindre inngripande måtar enn ved dei aktuelle politimetodane, jf neste punkt. Under føresetnad av at det ikkje var tilfelle, blir spørsmålet til sist om interesseovervekta i favør av metodebruken var tilstrekkeleg kvalifisert, jf punkt 8.

Vilkåret i straffelova § 47 om at faren må vera ”paa anden Maade uafvendelig” medfører etter ordlyden at den aktuelle handlinga er den einaste måten å avverja faren på (her faren for ytterlegare spionasje frå Treholt si side). Men ofte vil det vera fleire aktuelle redningshandlingar, slik som der politiet har fleire aktuelle metodar for å skaffa seg den nødvendige informasjonen for å avverja eit attentat eller vidare spionasjeverksemd. Då er den einaste rimelege tolkinga av dette såkalla subsidaritetskravet

Sjå Husabø 1994 s. 244. at ein må velja den minst inngripande måten å avverja faren på.

Jf Skeie 1946 s. 154 og Bratholm 1980 s. 158. Straffelovkommisjonen har uttrykt det slik at faren ikkje må kunna avverjast på ”annen rimelig måte”.

Jf NOU 1992:23 s. 90, Kva tiltak som er minst inngripande må i slike tilfelle avgjerast ut frå ei proporsjonalitetsvurdering,

Jf Andenæs 1974 s. 183 og Husabø 1994 s. 245. jf punkt 8.

Rettspraksis viser at det blir stilt strenge krav til at faren ikkje kan avverjast på andre og meir lempelege måtar. Dette var allereie tendensen under kriminallova,

Jf Kjerschow 1896 s. 93-94. og praktiseringa av straffelova § 47 har gjennom alle år følgt ei tilsvarande streng linje.

Jf m a Rt. 1962.72, Rt. 1963.81, Rt. 1964.591, Rt. 1976.864, Rt. 1981.1150, Rt. 1984.1317, Rt. 1985.1, Rt. 1987.792, Rt. 1989.898, Rt. 1989.1008, Rt. 1990.827, Rt. 1994.48, Rt. 1994.1407, Rt. 1996.269, Rt. 1996.1533 og Rt. 2010.1076.

Relatert til Treholt-saka er det først grunn til å nemna den særlege problemstillinga i samband med hemmeleg ransaking. Det er heilt klart at dersom ein kunne ha eliminert eller redusert faren også ved ei opa ransaking, dvs varsla Treholt, kona hans eller ein nabo slik lova kravde, vil ikkje subsidaritetskravet vera oppfylt. Men ein må kunna gå ut frå at POT vurderte det slik at ein ikkje ville kunna oppnå formålet gjennom ei vanleg ransaking. Tankegangen har nok her vore tilsvarande som då styresmaktene valde å ikkje stansa opptaket på Forsvarets Høgskole. Gjennom ei opa ransaking ville Treholt blitt kjent med mistanken mot han. Det ville medført at saka vart ”blåst” på eit stadium då ein gjerne ikkje hadde nok bevis til å kunna få Treholt fengsla, dømt og ”uskadeleggjort” som spion.

Jf Fleischer LoR 1992 s. 30 som peikar på at å varsla Treholt ”kunne satt hele formålet med undersøkelsen på spill, og forhindret at politiet og samfunnet fikk oppklart og stanset hans kriminelle virksomhet”.

Ein må likevel spørja om det fanst andre og mindre inngripande måtar å oppnå tilnærma det same på som ved (hemmeleg) ransaking. Dette framstår som lite truleg. Ved dei to tilfella av hemmeleg ransaking som skjedde etter formelt vedtak av overvakingssjefen, 17.05.1983 og 22.08.1983, fann POT såleis både Treholt sin 7. sans og ein dokumentkoffert med eit betydeleg beløp i dollarsetlar. Det er rett nok ikkje resultatet av tiltaket i ettertid som er avgjerande etter nødrettsregelen, men kva som framstod som eit mogeleg og pårekneleg utfall på førehand. Men ut frå den mistanken som POT hadde, må det ha vore pårekneleg at ein kunne koma til å finna bevismateriale av denne typen, og gjerne også hemmelegstempla dokument, og ein hadde neppe nokon annan effektiv måte enn ransaking av bustaden for å kunna oppnå dette.

Slik også NOU 1993:3 s. 29 og 49.

For andre tilfelle av hemmeleg ransaking synest det primære formålet å ha vore å leggja til rette for den tekniske gjennomføringa av romavlytting og fjernsynsovervaking. Om desse ransakingane var nødvendige kjem difor hovudsakleg an på om romavlyttinga og fjernsynsovervakinga var ”på anden Maade uafvendelig”.

Når det gjeld romavlyttinga, er det sentralt i subsidaritetsvurderinga kva tilleggseffekt ein rekna med å kunna få ved å nytta denne metoden, samanlikna med om ein berre nytta andre og lovlege eller mindre inngripande metodar. Reint objektivt gir romavlytting tilgang til samtalar som normalt ikkje blir fanga opp av t d telefonavlytting, og det kan gi andre typar informasjon enn t d ei ransaking. Ein viktig tilleggseffekt synest i praksis å ha vore at ein gjennom å overhøyra samtalar som Treholt hadde med kona eller med venner kunne få meir detaljert greie på kva han skulle og kvar han skulle til ei kvar tid. Dette framstår også som ein på førehand pårekneleg effekt, og var nok viktig for å kunna leggja opp andre overvakingstiltak, t d spaning, på ein mest mogeleg effektiv måte.

Det er mogeleg at POT også hadde i tankane at romavlyttinga kunne koma til å avdekka at Treholt fortalde til kona eller andre om kontaktar med andre lands hemmelege tenester, men det var nok ikkje i same grad pårekneleg. Slik sett må vi kunna leggja til grunn at også romavlyttinga hadde ein tilleggseffekt som medverka til å realisera formålet om å avsløra og setja ein stoppar for vidare agentverksemd frå Treholt si side.

Også fjernsynsovervakinga inne i husværet (biblioteket) gav tilgang til visse typar informasjon som ein vanskeleg kunne rekna med å få ved andre tiltak. Gjennom kameraet i biblioteket kunne POT observera når Treholt føretok kontorarbeid og til ei viss grad også kva han arbeidde med. Ein kunne t d sjå om han sat og skrev, for hand eller maskin, og om han tok dokument ut av eller la dokument inn i dokumentkofferten sin. Men kvalitetet på biletoverføringa var såpass dårleg at ein neppe kunne sjå kva konkrete dokument han arbeidde med, og kva informasjon dei inneheldt. Tilleggseffekten av fjernsynsovervakinga inne i husværet var likevel truleg mindre, også i eit førehandsperspektiv, enn av romavlyttinga og den hemmelege ransakinga.

Når det gjeld fjernsynsovervakinga i trappeoppgangen, kunne POT truleg ha skaffa seg mest tilsvarande informasjon ved hjelp av andre, lovlege tiltak.

Fjernsynsovervakinga som var retta mot hovudinngangsdøra/parkeringsplassen og mot kjøkenvindauga til Treholt vert ikkje drøfta nærare her, sidan det kan vera noko uklart om desse tiltaka isolert sett kravde lovheimel, jf punkt 2.1 framanfor. Ein kunne t d brukt spanarar i endå større grad enn ein gjorde, sjølv om det truleg hadde vore meir ressurskrevjande.

Samanfatningsvis må vi kunna leggja til grunn at dei hemmelege ransakingane, romavlyttinga og fjernsynsovervakinga (i biblioteket) både kvar for seg, og særleg sett i samanheng, hadde ein på førehand pårekneleg tilleggseffekt i høve til målet om å stansa vidare spionasjeverksemd frå Treholt si side. Det er vanskeleg å kvantifisera kor stor tilleggseffekten var, fordi det vil krevja ein nærare analyse av i kva grad ein kunne ha oppnådd ein del av det same ved endå meir bruk av andre og lovlege metodar, slik som spaning. Men ein må kunna leggja til grunn at dei tre politimetodane til saman sette POT i stand til å løysa oppgåva si på ein vesentleg meir effektiv måte enn ein elles ville kunna gjort.

Det gjenstår då berre å drøfta om denne tilleggseffekten var viktig nok til å vega opp for det inngrepet i privatlivet som tiltaka enkeltvis og samla representerte.

Etter straffelova § 47 må forholda på handlingstidspunktet ha vore slik at det var ”berettiget” å rekna faren for det trua rettsgodet som ”særdeles betydelig” samanlikna med den skaden som handlinga ville medføra. Det vil seia at ein må føreta ei avveging av den interessa som nødrettshandlinga tek sikte på å verna og den interessa som handlinga krenkjer. Ei vanleg tolking av dette såkalla proporsjonalitetskravet er at ein må vurdera både verdien av den verna interessa og graden av fare for denne interessa, og halda dette opp mot både verdien av den interessa ein ofrar og (om det er aktuelt) graden av fare for ei krenking av denne.

Jf Skeie 1946 s. 149-150, Andenæs 1974 s. 185, Bratholm 1980 s. 162 og Straffelovkommisjonen i NOU 1992:23 s. 81. I tilfelle der det ikkje er heilt sikkert at redningshandlinga vil lukkast, må ein også trekkja inn i vurderinga kor store sjansane er for at redningshandlinga vil bli vellukka.

Jf Straffelovkommisjonen i NOU 1992:23 s. 81.

Kravet om at interesseovervekta må vera ”særdeleg betydelig” i favør av det verna godet, blir i juridisk litteratur forklart slik at det skal ”sterke” eller ”vektige” grunnar til.

Jf Andenæs 1974 s. 185 og Bratholm 1980 s. 161. Straffelovkommisjonen har sagt det slik at det ”skal foreligge meget vektige grunner for å gå ut over de vanlige grenser for handlefriheten”.

Jf NOU 1992:23 s. 91. Kravet til interesseovervekt er såleis klart strengare enn det proporsjonalitetskravet som ifølgje straffeprosesslova § 170a gjeld for bruk av lovfesta politimetodar, der det er nok at tvangsmiddelet ikkje utgjer eit ”uforholdsmessig inngrep”.

§ 170a vart vedteken i 1999. Før den tid var prinsippet berre lovfesta i høve til pågriping og varetektsfengsling, men det vart rekna som eit ulovfesta prinsipp også ved bruk av andre tvangsmiddel, jf Andenæs 1994 (II) s. 144. Skilnaden har samanheng med at § 170a framstår som eit tilleggsvilkår der dei andre vilkåra i lova allereie er oppfylte, medan nødrettsregelen berre er meint å gjelda som ein sikkerhetsventil for særlege tilfelle der lova sine vanlege vilkår ikkje er oppfylte.

Proporsjonaliteten må vurderast objektivt. Målestokken må ifølgje Hagerup vera kva ein alminneleg forstandig person, stilt under dei same vilkåra på handlingstidspunktet, ville ha rekna som ei ”særdeles betydelig” interesse samanlikna med det ein ofrar.

Jf Hagerup 1930 s. 208. Andenæs uttrykkjer det (med tilvising til førearbeida) slik at det i dette vilkåret ligg ei tilvising til ”rettsbevisstheten”.

Jf Andenæs 1974 s. 170. Dette må likevel ikkje forståast slik at ein skal føreta ei slags gjetning om kva ein slags ”gjennomsnittsperson” ville koma til, eller kva fleirtalet i folket ville ha meint. Rettesnora må snarare vera ein analyse av korleis samfunnet gjennom rettsordninga verdset dei ulike interessene som inngår i den samla avveginga.

Jf Husabø 1994 s. 246 og 366.

Dette betyr for det første at ein må forholda seg til den verdsetjinga som kvar enkelt av dei motståande interessene har i rettsordninga (jf nærare i punkt 8.2 og 8.3 nedanfor). Dessutan må ein respektera bestemte avvegingar mellom desse verdiane som lovgivar eksplisitt har gjort. Ein kan ikkje med tilvising til omsyn som lovgivar har vege og funne for lette, nytta nødrettsregelen til å tillata det som lovgivinga klart forbyr.

Jf Rt. 2000.646 og Husabø 1994 s. 225. Andenæs har uttrykt det slik at ”den lovbestemte ordning skjærer igjennom det alminnelige nødrettsprinsipp” og at ein ikkje kan fråvika lova med tilvising til nødrett dersom ”lovgivningen har foretatt en bevisst prioritering av forskjellige interesser”.

Jf Andenæs 1974 s. 184 og Andenæs 1989 s. 168-169. Dette er eit utslag av eit meir generelt prinsipp om at også utøvinga av nødrett må følgja ”rettsordenens spilleregler”,

Jf Rt. 1981.21 (s. 28) og Rt. 1989.1225 (s. 1227). dvs. stå i harmoni med dei grunnleggjande prinsippa og verdivala som rettsordninga vår byggjer på.

I utgreiinga om konstitusjonell nødrett, Dok. Nr. 2 (1953) s. 3, seier Castberg det slik at ei handling som baserer seg på nødrett ”bare er berettiget for så vidt den er i harmoni med den gjældende forfatnings grunnsetninger og fundamentale vurderinger. Den konstitusjonelle nødretts prinsipp er aldeles ikke det at hensynet til statens vel skal slå igjennom overfor alle andre menneskelige hensyn”.

Så langt har den interessa som overvakinga og etterforskinga av Treholt tok sikte på å verna, blitt kort omtala som ”rikets sikkerhet”. Dette har samanheng med at den sentrale strafferegelen i saka, straffelova § 90, råka den som ”rettsstridig bevirker eller medvirker til, at noget aabenbares som bør holdes hemmelig af Hensyn til Rigets Sikkerhed ligeoverfor anden Stat”. Dei tre siste orda, som vart teke ut av lovregelen i 1999,

Lov av 03.12.1999 nr. 82. viser at det er forholdet til andre statar som står sentralt (såkalla ”ytre sikkerhet”).

Jf NOU 2003:18 s. 35 og 72.

Overskrifta til kapittel 8, ”Forbrydelser mod Statens Selvstændighed og Sikkerhed”, kan også gi eit bidrag til tolkinga. Det er naturleg å sjå ”Statens Selvstændighed” som framheva fordi det er ein særleg grunnleggjande verdi, medan ”Statens … Sikkerhed” er ein meir avleidd verdi som rommar slike forhold som er nødvendig for å sikra oss mot ufred og tap av nasjonalt sjølvstende.

Jf nærare utgreiinga mi i NOU 2003:18 vedlegg 2 s. 175-176 (nærast likelydande Husabø, TfS 2003 (2) s. 223-225). Slik sett kan vi seia at § 90 vernar både om landet sitt sjølvstende og dei føresetnadene som må vera oppfylt for at ikkje det nasjonale sjølvstendet – på kortare eller lengre sikt- skal bli trua, ved at framande makter blir gitt grunn til å angripa Norge eller blir gitt eit strategisk fortrinn ved eit eventuelt angrep.

Jf Bratholm/Matningsdal 1995 s. 33. Høgsterett har dessutan understreka at ein må ”vurdere hensynet til rikets sikkerhet med utgangspunkt i den utenriks- og forsvarspolitikk som faktisk føres etter beslutning av de ansvarlige myndigheter”.

Jf Rt. 1986.536 på s. 541.

På første halvdel av 1980-talet var det allment akseptert at det å overlevera opplysningar av betydning for norsk utanriks- og forsvarspolitikk til ein annan stat, lett ville kunna setja rikets sikkerhet i fare. Den grunnleggjande spenninga mellom ”aust” og ”vest” (Warsazwapakta og NATO) under ”den kalde krigen”, gjorde forholdet til Sovjetunionen særleg sensitivt. Av den grunn vart det nok rekna som rimeleg sjølvsagt, både i POT og andre delar av embetsverket, at det utgjorde ein alvorleg fare for rikets sikkerhet om ein politikar og tenestemann i utanrikstenesta hadde irregulære kontaktar med sovjetiske diplomatar.

Noko avhengig av politisk ståstad var det nok likevel vesentlege nyansar i kor alvorleg ein rekna slik verksemd for å vera. Ein særleg kraftfull omtale av kva interesser som stod på spel finn ein hjå Fleischer, Aftenposten 09.01.1989: ”Vi stod overfor en person som skaffet seg en betydelig krets av ”venner og bekjente (fra statsråder som Tove Strand Gerhardsen til KGB-general GenadijTitov), som han brukte i noen av våre viktigste havretts-, utenriks- og sikkerhetspolitiske spørsmål – med betydelige muligheter for innflytelse. Samtidig stilte han seg mot betaling til disposisjon for vår eventuelle motpart i en storkonflikt. I verste fall kunne Treholts fortsatte operasjoner ha gitt slike ”bidrag” til å svekke vår vestlige tilknytning og vår sikkerhet for øvrig at vi en tenkt fremtidig situasjon fikk en ny okkupasjon og slik at ville kostet et betydelig antall norske liv. Dette ville for eksempel kunne skje dersom stalinistiske krefter skulle få overtaket i Sovjet-Unionen igjen, og kupp eller angrep mot Norge ble ansett som tilstrekkelig fristende.” Dette synet kjem til uttrykk i følgjande avsnitt av lagmannsretten si grunngiving for straffeutmålinga i Treholt-saka:

Dom av Eidsivating lagmannsrett 20.06.1985, LE-1985-21 s. 253.

”En forutsetning for vårt demokratiske styresett er at våre ledende politikere ikke misbruker sine stillinger ved å kompromittere viktige sikkerhetspolitiske og militære opplysninger. Som et lite land i en utsatt sikkerhetspolitisk situasjon, har Norge et sterkt behov for å verne slik informasjon mot innsyn fra uvedkommende. En høytstående politiker som svikter den tillit som er vist ham, ved å kompromittere hemmelige opplysninger han er betrodd, utøver svik mot oss alle.

Det er også særdeles grovt at tiltalte som embets- og tjenestemann gir KGB det han har tilgang til av hemmeligheter i sitt arbeid, også opplysninger av vital betydning for det norske forsvar. Samfunnet har et sterkt behov for å beskytte seg mot slik virksomhet og for å markere det utålelige ved den.”

I og med at POT allereie i 1982-1983 hadde mistanke om at Treholt dreiv spionasje av den typen og av dei dimensjonane som han vart dømt for, hadde POT grunnlag for å rekna omsynet til rikets sikkerhet som tilsvarande tungtvegande som lagmannsretten i ettertid gav uttrykk for.

Så langt har den interessa som overvakinga og etterforskinga av Treholt gjorde eit inngrep i, blitt omtala som ”privatlivet”. Dette har samanheng med at vi i våre dagar, gjerne med tilvising til EMK art. 8, reknar respekt for privatlivet som ein sentral og grunnleggjande verdi for enkeltmennesket. EMK art. 8 nemner meir spesifikt både privatlivet, familielivet, heim og korrespondanse, men dei tre sistnemnde verdiane må i denne samanhengen reknast som meir spesifikke aspekt ved privatlivet.

Ein alternativ uttrykksmåte, som peikar mot dei same interessene, er å seia at metodebruken gjorde inngrep i ”privatlivets fred”.

Jf t d NOU 1999: 27 s. 113. Aarli set i ein artikkel frå 2005 ord på det som truleg for dei fleste er den sentrale grunngivinga for dei private interessene som ligg bak:

Jf Aarli, TfR 2005 s. 538.

”Den primære begrunnelsen for å verne om privatlivets fred er utvilsomt individvern. … Den felles grunnverdi som mer spesifikt skal vernes, er verdien i å få være for seg selv. Hert enkelt individ har krav på ”et eget rom” der det ikke blir forstyrret og kan bevege seg fritt (integritetsvern) og ikke blir observert (personvern). Et slikt eget rom eller privat sfære er en forutsetning for å være et fritt menneske. Det gir en mental ro eller psykisk frihet som for den enkelte kan være mer eller mindre nødvendig for å mestre å være en del av et større sosialt fellesskap. Det gir også en fysisk frihet ved at individet innenfor visse områder som regnes som ”private” kan opptre fritt. … Dersom andre uten samtykke får innsyn i dette private rommet, kan individet miste både selvrespekt og respekt utad.”

Den hemmelege ransakinga, romavlyttinga og fjernsynsovervakinga i Treholt-saka råka i særleg grad heimen og familielivet. Grunnlova § 102 sitt vern mot ”Husinkvisitioner” viser at dette er eit særleg viktig aspekt ved privatlivet, og i eitt av grunnlovsutkasta vart det uttrykt slik at ”Hver Borgers Huus er hellig”.

Konstitusjonskomiteen sitt første grunnlovsutkast § 109, jf Riksforsamlingens forhandlinger III s. 316. Når Høgsterett i ein nyare dom om grunnlova § 102 talar om ”hjemmets fred og ukrenkelighet”, er det eit meir moderne uttrykk for det same.

Jf Rt. 2004.1723 avsnitt 46. Ein må difor kunna leggja til grunn at dei interessene som metodebruken i Treholt-saka greip inn i, er mellom dei mest tungvegande privatlivsinteressene som rettsordninga vår kjenner. Når ein ser på dei lange linjene i rettsutviklinga, frå grunnlova via den domstolsskapte retten omkring ”privatlivets fred”

Jf m a NOU 2009:1 s. 68-69. og til dagens rettstilstand der EMK art. 8 står sentralt,

Jf t d oversikta som Høgberg og Høstmælingen gir i NOU 2009:1, vedlegg 3 s. 253-256. må vi dessutan kunna seia at den høge verdsetjinga av desse interessene har vore relativt stabil over mange år.

Som før nemnt føretok POT hemmeleg ransaking av husværet minst 9 gonger i undersøkingsperioden. I samband med ransakingane 17.05.1983 og 22.08.1983 låg det føre ein grunngitt ransakingsordre frå POT-sjefen og det vart laga beslagsrapportar som gjekk inn i straffesaka. Dei andre gongene skjedde det utan tilsvarande prosedyre, gjerne i samanheng med installasjon, kontroll og vedlikehald av utstyret for romavlyttinga og fjernsynsovervakinga. Ved dei første husransakingane dirka POT opp døra, men etter kvart skaffa dei seg eigen nøkkel.

For graden av krenking av privatlivets fred er det avgjerande ikkje kva POT reint faktisk føretok seg og fann inne i husværet, men kva ransakingane kunne openberra av private forhold. I prinsippet gav ransakingane tilgang til alt som var i huset av møblar, klær, bilete, lappar osv. Ved drøftinga av å tillata hemmeleg ransaking i visse tilfelle uttalte Justisdepartementet såleis i 1999:

Ot.prp. Nr. 64 (1998-99) s. 107.

”Hemmelig ransaking innebærer en betydelig krenkelse av privatlivets fred - særlig ved ransaking i private hjem. De fleste føler det trolig som et vesentlig inngrep om noen tar seg inn i deres hjem og foretar undersøkelser der uten at de vet om det. Det gjelder også om det er politiet som tar seg inn og ransaker.”

Det høyrer med i biletet at ransakingane ikkje berre råka Treholt sjølv, men også kona og sonen hans. At ransaking skjedde såpass mange gonger, og at POT hadde skaffa seg eigen nøkkel, aukar også dimensjonane i privatlivsinngrepet. Familien Treholt kunne få besøk av ubedne ”gjester” når som helst, utan at dei merka noko.

I åra etter Treholt-saka har fleire hevda (før vi fekk lovheimelen i straffeprosesslova § 200a) at nødrett kan tenkjast å legitimera elles ulovlege tvangsmidlar slik som hemmeleg ransaking.

Jf Fleischer LoR 1992 s. 23, NOU 1993:3 s. 29-30, Lundkommisjonen i Dok. 15 (1995-96) s. 303-304, NOU 2004:6 s. 46. Truleg må også Andorsen 1999 s. 381 flg tolkast i denne retninga. Det er eg i prinsippet samd i. Men det vil først og fremst vera aktuelt i tilfelle der ransakinga kan avverja eit konkret og nært føreståande alvorleg brotsverk, typisk ein gisselsituasjon der det er fare for offeret sitt liv eller ein nært føreståande terroraksjon. I Treholt-saka var formålet mindre konkret, ved at ein ønskte å skaffa meir bevismateriale for å kunne hindra framtidig spionasje frå Treholt si side meir generelt.

Jf punkt 6 framanfor. Sjølv om det var pårekneleg at ein gjennom ransakingane kunne skaffa viktig informasjon som kunne koma til å bli avgjerande for å stansa Treholt (og som faktisk vart det), er det etter mitt syn tvilsamt om eit slikt meir generelt formål kan oppfylla det kvalifiserte kravet til interesseovervekt som straffelova § 47 krev. Faren for rikets sikkerhet var dessutan heller ikkje så påtrengjande som t d i eit føreståande tilfelle av sabotasje, sidan styresmaktene hadde rimeleg god kontroll på kva informasjon Treholt fekk tilgang til på Forsvarets Høgskole og i Utanriksdepartementet. Tilhøvet til proporsjonalitetskravet blir særleg problematisk ved at POT føretok ei rekkje ransakingar over eit lengre tidsrom, og i realiteten hadde skaffa seg tilgang til husværet når som helst. Tiltaket hadde då mindre preg av eit nøds- og unntakstilfelle, og meir av ei systematisk overvaking av familien.

Romavlyttinga skjedde som før nemnt ved bruk av mikrofonar på kjøkenet, soverommet og biblioteket. Mikrofonane stod truleg på også etter at familien hadde gått til ro, men det er uklart i kva omfang spanarane heldt fram å lytta også utover natta. Lyden kunne takast opp på band. Det er ikkje klart om bandopptakaren stod på heile tida medan Treholt var heime eller berre når spanarane høyrde noko som verka interessant. I den grad lyden vart teken opp på band, vart eventuell informasjon av interesse nedteikna skriftleg, før opptaka vart sletta og banda brukte om igjen.

I drøftinga av om romavlytting burde tillatast i visse tilfelle, ordla Justisdepartementet seg i 1999 slik om alvoret i denne metoden:

Ot.prp. Nr. 64 (1998-99) s. 97.

”Departementet mener fortsatt at romavlytting er en svært inngripende etterforskningsmetode. Metoden innebærer et vesentlig og omfattende inngrep i privatlivets fred. Særlig inngripende er romavlytting i private hjem. Innenfor husets fire vegger har de fleste behov for å leve i visshet om at de kan være private. …

Romavlytting på private områder vil ofte også forutsette en forutgående inntrengen på eiendommen. Dette øker graden av integritetskrenkelse.

Som ved andre ekstraordinære etterforskningsmetoder, er romavlytting særlig betenkelig når den retter seg mot uskyldige personer som mistenkes for en forbrytelse, eller rammer tredjepersoner som er til stede der romavlyttingen skjer, for eksempel den mistenktes familiemedlemmer.

Romavlytting skiller seg ikke så mye fra telefonkontroll og annen kommunikasjonskontroll i art, men gjør det ofte i grad. Romavlytting blottlegger den avlyttedes privatliv på en helt annen måte enn telefonavlytting, i alle fall hvis avlyttingen skjer over en lengre periode.”

Sjølv om vurderinga av om romavlytting bør tillatast har endra seg over tid, og metoden no er tillaten i visse tilfelle, har ein i den norske debatten – med visse nyansar- halde fast på dette prinsipielle utgangspunktet om at integritetsinngrepet er svært alvorleg.

Jf Ot.prp. nr. 60 (2004-2005) s 83-96 med vidare tilvisingar. Sjå også NOU 2009:15 s. 200-205.

Når ein skal vurdera graden av krenking av privatlivets fred i Treholt-saka, er det ikkje så avgjerande når spanarane faktisk lytta på opptaka eller kva dei høyrde. Det sentrale er at POT gjennom dei tre mikrofonane og lydoverføringa til ”kontrollposten” kunne høyra mest alt som vart sagt og gjort i heimen til familien Treholt. Dermed hadde utanforståande ein unik tilgang til familiemedlemene sine relasjonar, planar, tankar og kjensler, jamvel dei mest intime sidene ved privatlivet. Avlyttinga føregjekk dessutan over eit tidsrom på meir enn eitt år. Det er difor ingen tvil om at romavlyttinga var svært, svært inngripande i privatlivet til Treholt, kona og sonen hans.

På same måten som for hemmeleg ransaking er det på prinsipielt grunnlag vanskeleg å utelukka at nødrett kunne gi heimel for romavlytting, før politiet fekk lovheimlar til det.

Jf m a NOU 1993:3 s. 29-30, Lundkommisjonen i Dok. 15 (1995-96) s. 303-304, NOU 2004:6 s. 46 og Ot.prp. nr. 60 (2004-2005) s 82. Men i Treholt-saka var det som nemnt ikkje tale om å avverja eit konkret og nært føreståande alvorleg brotsverk, men om å setja ein stoppar for Treholt si rolle som agent meir generelt. Til dette kjem at den konkrete romavlyttinga var svært omfattande både i tid og rom, og råka uskuldige familiemedlemer like mykje som den mistenkte. Etter mitt syn må dette leia til den konklusjonen at interesseovervekta i favør av rikets sikkerhet ikkje var tilstrekkeleg kvalifisert, og at romavlyttinga i Treholt-saka klart gjekk ut over dei rammene som nødrettsregelen stiller.

Som før nemnt var eitt kamera montert i traoppeoppgangen inne i bygarden og eit anna inne i husværet til familien Treholt, nærare bestemt i biblioteket. Det rommet vart etter alt å dømma ikkje så mykje brukt av familien, men Treholt brukte det som som arbeidsrom og oppbevarte mellom anna sikkerhetsgraderte dokument der. Kameraet i biblioteket var ikkje i kontinuerleg bruk, men vart slått på når det var aktivitet i rommet, noko ein kunne høyra gjennom romavlyttinga. Det er noko usikkert i kva grad det også vart gjort opptak av det som dette kameraet fanga opp, men det skjedde i alle høve berre få gonger og for korte tidsrom.

Av dei politimetodane som vart nytta i Treholt-saka, er fjernsynsovervaking i private heimar den einaste metoden som lovgivar ikkje i ettertid har opna opp for. Dette har samanheng med at ein ved overføring av bilete vil kunna få ein god del informasjon som ei ransaking eller romavlytting ikkje kan gi. Justisdepartementet grunngav i 2005 avvisinga av fjernsynskontroll i private heimar slik:

Jf Ot.prp. nr. 60 (2004-2005) s 101 og NOU 2009:15 s. 224.

”Denne typen romkontroll, som i praksis vil innebære at politiet vil kunne se hva personer gjør bak lukkede dører og i private hjem, vil kunne utgjøre et langt større inngrep i personvernet enn avlytting.”

I samband med fjernsynsovervaking av dei tilsette på ein arbeidsplass (gatekjøkken) har Høgsterett omtala tiltaket som ”et vidtgående integritetsinngrep i forhold til de ansatte”.

Jf Rt. 1991.616 på s. 620. Den same karakteristikken finn ein i Rt. 2001.668. Det same må ein kunna seia om fjernsynsovervaking i ein trappeoppgang som vert nytta av fleire familiar. Når filminga skjer inne i den enkelte familien sitt husvære vil det vera endå meir inngripande i privatlivet, ettersom ein t d vil kunna sjå korleis personane er kledde (eller ikkje) og korleis dei omgår kvarandre privat.

Sjølv om biblioteket ikkje var det rommet der privatlivet primært utfalda seg, kunne også fjernsyns-overvakinga i Treholt-saka medføra at familiemedlemene vart observerte i høgst private situasjonar. Graden av krenking vart nok i praksis noko avdempa av at kameraet berre vart slått på når det føregjekk noko som tilsynelatande var interessant for POT, og ved at kvaliteten av biletmaterialet var forholdsvis dårleg. På den andre sida var også effekten av denne metoden for det formålet å avsløra og stansa Treholt si verksemd, vesentleg mindre enn for ransakingane og romavlyttinga.

Jf punkt 6 framanfor. Etter mitt syn må ein difor konkludera med at heller ikkje fjernsynsovervakinga oppfylte nødrettsregelen sitt proporsjonalitetskrav.

Ved tidlegare diskusjonar av metodebruken i Treholt-saka har dei ulike metodane som har vore kjende (hemmeleg ransaking og romavlytting), stort sett blitt drøfta kvar for seg, slik som ovanfor. Men EOS-utvalet si gransking har tydeleg vist at dei metodane som vi har diskutert her, var del av ein større heilskap der lovlege og (utan eventuell nødrettsheimel) ulovlege metodar gjekk hand i hand. Ved hjelp av spaning og fjernsynsovervakinga utanfor huset og i oppgangen sikra POT seg godt oversyn over kven som kom og gjekk frå husværet til Treholt. Dei mange husransakingane gav POT eit detaljert innsyn i kva som fanst i husværet av dokument og andre ting, medan romavlyttinga kombinert med telefonkontrollen og fjernsynsovervakinga i biblioteket gav innsyn i kva som føregjekk i heimen og kva familien og andre snakka saman om. Samla sett gav metodebruken eit tilnærma fullstendig oversyn over og innsyn i privatlivet til familien Treholt over ein periode på vel eitt år.

Det avgjerande for om POT handla innanfor ramma av rettsordninga er då ikkje kva syn ein måtte ha på bruken av kvar enkelt metode, men om den samla bruken av politimetodar som ikkje hadde annan lovheimel oppfylte vilkåra for nødrett. Spørsmålet er meir presist om den faren som Treholt representerte for rikets sikkerhet, og det ein kunne oppnå til vern om denne interessa ved også å ta i bruk hemmeleg ransaking, romavlytting og fjernsynsovervaking, var ”særdeles betydelig” mykje meir tungtvegande enn det samla inngrepet i privatlivet som Treholt og familien gjennom desse metodane vart utsett for.

Allereie drøftinga av dei enkelte metodane ovanfor tilseier at svaret må bli nei. Men når ein ser metodebruken i samanheng, kjem enkelte overordna grunnar også lettare til syne. Ved å ta i bruk både hemmeleg husransaking, romavlytting og fjernsynsovervaking sikra POT seg langt meir kraftfulle midlar for å kontrollera Treholt-familien enn det som dei lovlege metodane (typisk spaning, telefonkontroll og opa ransaking) gav rom for. Dette braut markert med lovgivar sine føresetnader, slik dei kom til uttrykk i straffeprosesslova sine reglar om husransaking og i forbodet mot lydopptak i straffelova § 145a. At POT slik gjekk ut over ”den lovbestemte ordning”

Jf Andenæs 1974 s. 184. på fleire punkt samtidig, og over eit så langt tidsrom som i dette tilfellet, gjer at det i eit maktfordelingsperspektiv ville vera svært uheldig om ein skulle godta tiltaka i kraft av nødrett. Ein slik vidtfemnande legitimasjon av inngrep frå den utøvande makta ville kunna gå ut over den allmenne tilliten til at det er Stortinget som set rammene for politiet sin maktbruk. Det ville dessutan svekka den kontrollfunksjonen som domstolane normalt utøver ved bruk av tvangsmidlar (m a telefonkontroll), og som i eit menneskerettsleg perspektiv er svært viktig for at slike tiltak skal ha tilstrekkeleg legitimitet.

Jf punkt 3.2 framanfor. Å akseptera denne typen svært omfattande og langvarig overvaking av privatlivet til ein familie utan tydeleg lovheimel og utan den typen demokratisk kontroll som domstolane representerer, strider mot ”rettsordenens spillereg-ler”.

Jf Rt. 1981.21 (s. 28).

Andenæs 1974 = Andenæs, Johs. Alminnelig strafferett. 2. rev. utg., Universitetsforlaget, Oslo 1974.

Andenæs 1981 = Andenæs, Johs. Statsforfatningen i Norge. 5. rev. utg., Tanum-Norli, Oslo 1981.

Andenæs 1989 = Andenæs, Johs. Alminnelig strafferett. 3. utg., Universitetsforlaget, Oslo 1989.

Andenæs 1994 (II) = Andenæs, Johs. Norsk straffeprosess bind II. 2. utg., Universitetsforlaget, Oslo 1994.

Andenæs, LoR 1988 = Andenæs, Johs. Treholt-saken i tilbakeblikk. Lov og Rett 1988: 140-157.

Andorsen 1999 = Andorsen, Kjell V. Strafferettslig nødrett. Universitetsforlaget, Oslo 1999.

Auglend/Røsandhaug/Mæland 1998 = Auglend, Ragnar L., Røsandhaug, Knut and Mæland, Henry John. Politirett. Ad notam Gyldendal, Oslo 1998.

Bergh/Eriksen 1998 II = Bergh, Trond and Eriksen, Knut Einar. Den hemmelige krigen : overvåking i Norge 1914-1997. Cappelen akademisk forlag, Oslo 1998.

Bratholm 1980 = Bratholm, Anders. Strafferett og samfunn : alminnelig del. Universitetsforlaget, Oslo 1980.

Bratholm, JV 1972 = Bratholm, Anders. Politiet og legalitetsprinsippet. Jussens Venner 1972 (1): 1-25.

Bratholm, NKT 1968 = Bratholm, Anders. Politiet og personlighetsvernet. Nordisk Kriminalteknisk Tidsskrift 1968: 141-156.

Bratholm/Matningsdal 1991 = Bratholm, Anders and Matningsdal, Magnus. Straffeloven med kommentarer. Første Del. Almindelige bestemmelser. Universitetsforlaget, 1991.

Bratholm/Matningsdal 1995 = Bratholm, Anders and Matningsdal, Magnus. Straffeloven med kommentarer. Anden Del. Forbrydelser. Universitetsforlaget, 1995.

Castberg 1964 (II) = Castberg, Frede. Norges statsforfatning. 3. utg., Universitetsforlaget, Oslo 1964.

Eckhoff 1978 = Eckhoff, Torstein. Forvaltningsrett. Tanum-Norli, Oslo 1978.

Eckhoff 1980 = Eckhoff, Torstein. Rettskildelære. Tano, Oslo 1980.

Eckhoff, JV 1979 = Eckhoff, Torstein. Rettslige sider ved overvåkning og sikkerhetstjeneste. Jussens Venner 1979: 35-46.

Eckhoff, TfR 1964 = Eckhoff, Torstein. Legalitetsprinsippet. Tidskrift for Rettsvitenskap 1964: 225-285.

Fleischer 1978 = Fleischer, Carl August. Hovedpunkter i folkeretten. 4. utg., Universitetsforlaget, Oslo 1978.

Fleischer LoR 1992 = Fleischer, Carl August. Uholdbar mistenkeliggjøring av politi og påtalemyndighet. Lov og Rett 1992: 23-39.

Fleischer, Carl August, Aftenposten 09.01.1989 = Fleischer, Carl August. Ingen ulovlig ransaking. Aftenposten 09.01.1989.

FS Bratholm 1990 = Christie, Nils, ed. - den urett som ikke rammer deg selv : festskrift til Anders Bratholm 70 år. Universitetsforlaget, Oslo 1990.

FS Lid 1978 = Austenå, Torgeir and fl, m. Jus og jord : heidersskrift til professor dr. juris Olav Lid på 70-årsdagen, 24. april 1978. Det Norske samlaget, Oslo 1978.

Hagerup 1930 = Hagerup, Francis. Strafferettens almindelige del. 3. utg., Norsk bok-duplicering, Oslo 1930.

Heide 1998 = Heide, Ola Rambjør. Konstitusjonell nødrett : sett i lys av Den europeiske menneskerettighetskonvensjon artikkel 15. Tano Aschehoug, [Oslo] 1998.

Hopsnes, PHS 2003 = Hopsnes, Roald. Politiets forebyggende politimetoder. In: Myklebust, Trond and Thomassen, Gunnar, red. Det utfordrenede politiarbeidet. Om krisehåndtering og utradisjonelle etterforskningsmetoder. Politihøgskolen, Oslo 2003.

Hopsnes/Solberg JV 2005 = Hopsnes, Roald and Solberg, Raymond. Legalitetsprinsippet. Jussens Venner 2005 (2): 77-155.

Husabø 1994 = Husabø, Erling Johannes. Rett til sjølvvalt livsavslutning?, Ad notam Gyldendal, Oslo 1994.

Husabø, TfS 2003 (2) = Husabø, Erling Johannes. Verdival og lovtekniske utfordringar ved revisjon av straffelova kap. 8 og 9. Tidsskrift for Strafferett 2003 (2): 217-237.

Jareborg 2001 = Jareborg, Nils. Allmän kriminalrätt. Iustus, Uppsala 2001.

Kjerschow 1896 = Kjerschow, P. Lov angaaende forbrydelser af 20 august 1842. Jacob Dybwads forlag, Kristiania 1896.

Riksforsamlingens forhandlinger III = Riksforsamlingens forhandlinger 3die del, Grundlovsutkast. Grøndahl & Søns Boktrykkeri, Kristiania 1916.

Schartum 2010 = Schartum, Dag Wiese, ed. Overvåking i en rettsstat. Fagbokforlaget, Bergen 2010.

Skeie 1946 = Skeie, Jon. Den norske strafferett. 2. utg., Norli, Oslo 1946.

Smith, TfR 1978 = Smith, Eivind. Legalitetsprinsippets hjemmelskrav og subjekter. Tidskrift for Rettsvitenskap 1978: 655-691.

Tofte 1987 = Tofte, Ørnulf. Spaneren : overvåking for rikets sikkerhet. Gyldendal, Oslo 1987.

Vale 2009 = Vale, Stein. Teppefall i Treholtsaken. Cappelen Damm, [Oslo] 2009.

Aarli, TfR 2005 = Aarli, Ragna. Vern av "privatlivets fred". Tidsskrift for Rettsvitenskap 2005 (4-5): 525-573.