Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sommarsesjonen i Europarådets parlamentarikarforsamling

Priv. til red.

Kritiske forhold for flyktningar i Hellas og den demokratiske utviklinga i Tyrkia prega debatten under sommarsesjonen i Europarådets parlamentarikarforsamling.

Flyktningkrisa i austlege delen av Middelhavet – eit europeisk og globalt ansvar

Parlamentarikarforsamlinga (PACE) retta til dels skarp kritikk mot EU i debatten om situasjonen for dei mange flyktningane og migrantane som no oppheld seg i Hellas.

Resolusjonen, som blei vedtatt under sesjonen, slo fast at EU ikkje har følgt opp EU-Tyrkia avtalen og stenginga av grensene langs Vest-Balkan ruta med tilstrekkeleg støtte til Hellas og dei rundt 50000 flyktningane og migrantane som landet no har blitt vertskap for.

– Det vi no ser i Hellas er resultatet av manglande solidaritet og vilje til byrdefordeling mellom Europas statar. Vi har oppnådd betre kontroll med yttergrensene – noko som har vært viktig, men dette må bli følgt opp av større vilje til fordeling av ansvaret, og gjennomføring av fjorårets avtale om fordeling av flyktningar frå Hellas (og Italia) til andre land i Europa, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Situasjonen er eit pan-europeisk ansvar, og det er bare gjennom politisk og operativt samarbeid at Europa kan oppnå kontroll over situasjonen, legg ho til.

Den demokratisk utviklinga i Tyrkia

I debatten om Tyrkia viste parlamentarikarforsamlinga stor forståing for av den krevjande situasjonen landet no opplever. I tillegg til den vanskelege tryggingspolitiske situasjonen i regionen med krigen i Syria, har landet gitt husly til omlag tre millionar flyktningar og migrantar, og blitt utsatt for fleire terrorangrep i løpet av det siste året.

PACE slo likevel fast at dei utfordringane landet no opplever på ingen måte kan forklare den negative utviklinga ein har sett i forhold til menneskerettigheiter og demokrati. Forsamlinga trakk særleg fram ytringsfridom, situasjonen for media og journalistar, oppheving av den parlamentariske immuniteten for 138 parlamentsmedlemmer, kvinners stilling, menneskeretts-situasjonen i sør aust.

Dette har vært eit krevjande arbeid, og eg er tilfreds med at rapporten blei vedtatt med så pass stort fleirtal, seier rapportør Ingebjørg Godskesen (FrP). Tyrkia, som er ein av grunnleggarane av Europarådet og eit av organisasjonens største medlemsland, har hatt ei negativ utvikling på fleire områder når det gjeld menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsippet. Når eit slikt medlemsland utviklar seg i ei retning som ikkje er i samsvar med Europarådets grunnleggande verdiar og medlemsskapsforpliktingar, er det viktig å gi eit klart signal, seier Godskesen.

Andre saker på agendaen under denne sesjonen var likestilling for kvinner i forsvaret og kamp mot trakassering og diskriminering, kamp mot over-seksualisering av barn, administrative detention, vald mot migrantar, og spørsmålet om parlamentarisk immunitet.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) deltok med følgjande medlemmer: delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Frank J. Jenssen (H), Morten Wold (FrP), Kristin Ørmen Johnsen (H), Ingebjørg A. Godskesen (FrP) og Hans Fredrik Grøvan (KrF).

Les sesjonens agenda.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei vesentleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ein rekke område, og overvaker i kva grad dei nye medlemslanda overheld sine forpliktingar som medlem.

Sist oppdatert: 24.06.2016 13:57
: