Visepresident Kari Henriksen deltar på Europarådets konferanse for parlamentspresidentar i Strasbourg
20. og 21. mars representerer Henriksen Stortinget på Europarådets konferanse for parlamentspresidentar i Strasbourg.

Europarådets konferanse for parlamentspresidentar blir arrangert ein gang kvart andre år, i år deltar Kari Henriksen på vegne av Stortinget. Foto: Morten Brakestad/Stortinget
Konferansen, som samlar parlamentspresidenter frå alle Europarådets 46 medlemsland, tar opp ulike tema relatert til Europarådets grunnleggjande verdiar; menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsipp. Det er ein viktig møteplass for å fremja desse verdiane.
Utfordrande tider for demokratiet
I år er vern om demokratiet, sikring av ytringsfridom i ei usikker og polarisert tid og vald mot politikarar tema for debattane.
─ Det er utfordrande tider for demokratiet i Europa. I dei fleste interparlamentariske fora har vi over lengre tid snakka om at demokrati og menneskerettar i Europa har vore under press. Russland sitt åtak på Ukraina og den svært uføreseielege verdssituasjon har gjort dette meir akutt, og vi står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig, seier Kari Henriksen, som skal delta i debatten om «Safeguarding democracy».
─ Ukraina kjempar ein dagleg kamp for sitt og vår demokrati på frontlinja, medan resten av oss må stå opp for demokratiet på heimebane. Som parlamentspresidentar har vi eit særskilt ansvar, avsluttar Henriksen.
Blir arrangert ein gang kvart andre år
Europarådets konferanse for parlamentspresidentar blir arrangert ein gang kvart andre år. Den vekslar mellom å bli arrangert i ein av Europarådets hovudstader og i Strasbourg, der Europarådet har sitt hovudsete.
Under opphaldet skal Kari Henriksen også besøke Den europeiske menneskerettsdomstolen og møte Arnfinn Bårdsen, som er Noreg sin dommar ved domstolen.
Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE)