Den klare bodskapen frå PACE var de-eskalering av konflikten, respekt for internasjonal lov og krav om å gjere alt ein kan for å skåne sivile frå krigens herjingar og sørgje for at humanitær hjelp kjem fram utan hindringar.
– Dette var ein vanskeleg debatt med stor polariserande kraft. Det var derfor viktig for meg å få til ein rapport der PACE talar med éi stemme og samstundes vere tydeleg på det grunnleggjande: de-eskalering av konflikten, stanse lidingane på Gaza, tryggje humanitær hjelp og fornye oppslutninga om multilateralt samarbeid. Ein institusjon som Europarådet eg PACE må stå opp for regelbasert internasjonalt samarbeid framfor aleinegang. Eg er derfor glad for at rapporten blei vedteken med stort fleirtal, seier Schou (H).
Aktiv delegasjon
Stortinget delegasjon, som bestod av Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Jone Blikra (A) og Linda Hofstad Helleland (H), deltok aktivt i fleire av sesjonens debattar.
Jone Blikra (A) deltok i debatten som oppsummerte PACEs observasjon av parlamentsvalet i Albania i mai. Morten Wold (FrP) engasjerte seg i debatten om juridiske og menneskerettslege konsekvensar av krigen i Ukraina. Linda Hofstad Helleland, i kraft av si rolle som leiar for PACEs kulturkomité, var aktiv i debatt om å fremje menneskerettar i og gjennom idretten.
Lise Christoffersen (A) hadde møter med ulike representantar for sivilsamfunnet i Aserbajdsjan i kraft av si rolle som rapportør for Aserbajdsjans oppfølging av sine forpliktingar som medlem av Europarådet. Ho deltok òg med innlegg i open høyring om situasjonen for fengsla journalistar i Aserbajdsjan.
Andre saker på PACEs agenda var mellom anna debatt om den europeiske menneskerettsdomstolen opp mot dagens utfordringar, migrasjon, likestilling og politiske fangar i Georgia.
For meir informasjon, sjå PACEs nettsider.