Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

PACEs haustsesjon

Etter halvanna år med digitale møter og sesjonar møtte meir enn 250 parlamentarikarar i Strasbourg på PACES haustsesjon for debattar og resolusjonsvedtak.

Stortingets delegasjonsleiar Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Stortingets delegasjonsleiar Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Debattane famna over eit vidt spekter av ulike tema frå betre likestilling internt i PACE, til innsats mot æresvald, aukande sosiale forskjellar i Europa, korleis situasjonen i Afghanistan får konsekvensar for Europa, dei humantære konsekvensane av konflikten i Nagorno-Karabakh, og ikkje minst ein heil dag satt av til ulike vinklingar på miljø/klima og menneskerettar. Det høge talet på parlamentarikarar som deltok i Strasbourg og breidda i debattane viste at PACE no er tilbake til normalen, og fungerer som den politiske verkstaden forsamlinga er kjend for å være. Det var omfattande smittevernrestriksjonar, men pandemien satt elles ikkje preg på sesjonen.

Retten til eit trygt, reint, sunt og bærekraftig miljø

Ein heil dag var via til debatt om retten til eit trygt, reint, sunt og bærekraftig miljø. Det blei vedtatt heile sju resolusjonar, og anbefalingar til Ministerkomiteen (regjeringsleddet i Europarådet), fleire av dei einstemmig. Det blei blant anna vedtatt å anbefale Ministerkomiteen å jobbe for å opprette ein tilleggsprotokoll til den Europeiske menneskerettsdomstolen og tilsvarande til det Europeiske sosiale charter. Det er no opp til Ministerkomiteen å diskutere om, og korleis dei vil ta denne anbefalinga vidare.

Ambisjon om betre kjønnsbalanse

PACE har i lang tid hatt ambisjon om betre kjønnsbalanse i forsamlinga. For å raskare nå målet om likestilling mellom kjønna, blei det under sesjonen vedtatt ein resolusjon som tar viktige grep i PACEs regelverk for å fremme betre likestilling i nasjonale delegasjonar og i ulike komitear og organ, blant anna ein ny regel om at i kvar nasjonale delegasjon, så skal minst 1 av 3 medlemmar være kvinner, så lenge kvinner er i mindretal i forsamlinga.

«Eg er veldig glad for at vi fekk vedtatt nye reglar for ambisiøse mål for likestilling i PACE, slik at vi raskare kan nå målet om at halvparten av representantane er kvinner», seier Ingjerd Schou (H) som leia dette arbeidet i komiteen for prosedyrereglar.

For fleire nyheiter frå haustsesjonen i PACE, sjå forsamlingas eigne nettsider PACE.coe.int

Stortingets delegasjon

Frå Stortingets deltok delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) og fire av delegasjonens medlemmar - Jette Christensen (A), Silje Hjemdal (FrP), Kårstein Eidem Løvaas (H) og Aleksander Stokkebø (H). To medlemmar vil deltok digitalt, Lise Christoffersen (A) og Morten Wold (FrP).

Sist oppdatert: 01.10.2021 14:59
: