Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Helse- og omsorgskomiteen blei teke godt imot hos National Medical Center. Foto: National Medical Center, Seoul.

Helse- og omsorgskomiteen blei teke godt imot hos National Medical Center. Foto: National Medical Center, Seoul.

Helse- og omsorgskomiteen i Sør-Korea

Helse- og omsorgskomiteen var 17.–23. september på reise til Sør-Korea. Noreg og Sør-Korea har lang historie med helsesamarbeid og har mykje å lære av kvarandre.

– Me vil først og fremst takka for den opne, venlege og hjartelege velkomsten me har opplevd over alt kor me har ferdast, seier komitéleiar Tone W. Trøen.

Samarbeid i 70 år

Helsesamarbeidet mellom Noreg og Sør-Korea har pågått i over 70 år. Under Koreakrigen bidrog Noreg med «NORMASH» - eit kirurgisk feltsjukehus, der over 600 nordmenn jobba, både som helsepersonell, støttepersonell og soldatar. Over 90 000 menneske blei behandla på feltsjukehuset. Då krigen var over, gjekk Noreg, Sverige, Danmark, FN og Korea saman om å starta det største sjukehuset i Asia på den tida - National Medical Center (NMC).

Totalt jobba 139 nordmenn på sjukehuset dei første ti åra for å bygge det opp. Me hadde æra av få å vitja sjukehuset og få ei omvising «The Scandinavian Hall» - ei samling av historier knytt til feltsjukehuset og oppstartinga av sjukehuset som står der i dag. I våre møter med koreanarar, uttrykte dei stor takksemd for arbeidet dei skandinaviske landa bidrog med under og etter Koreakrigen. Nokre kunne til og med bringe fram personlege historier frå sine familiemedlem.

Felles utfordringer

Mangel på helsepersonell, samhandling og eldrebølge er store utfordringar me står ovanfor både nå og spesielt i framtida. Difor var det svært interessant å reisa til Sør-Korea, der dei står i alle desse tre utfordringane akkurat nå. Landet har ein fødselsrate på 0,81 barn per kvinne, ein høg gjennomsnittleg alder, ein aldrande befolkning og kvinner som går tidleg ut av arbeidslivet for å ta vare på barn.

Me hadde eit viktig og lærerikt møte med det koreanske sjukepleiarforbundet. Der samanlikna me landa våre og utfordringane me i begge land sit med. Diskusjonane var gode og ærlege. Etter møtet viste dei oss simuleringssenteret, som er utstyrt med simuleringsdokker frå norske Laerdal Medical!

Langt framme på digital helse

Sør-Korea sit i førarsetet når det kjem til digital helse. Dei er eit av få land der dei har eigen «Google» som gjer det enklare å blant anna implementera tenester til innbyggjarane gjennom forskjellige appar. Dei har eit eige ikkje-regulert geografisk område sett av til digital helse, slik at ikkje lovverk «står i vegen» for innovasjon og utvikling. Store digitale aktørar som Samsung og Naver (deira «Google») bidreg tungt i dette arbeidet.

Helse- og omsorgskomiteen reiser heim med inspirasjon, mykje lærdom og takksemd for hyggelege og gode møter i Sør-Korea, seier komitéleiar Tone W. Trøen.

Sist oppdatert: 28.09.2022 00:24
: