Anniken Huitfeldt (A), leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, leia møtet frå norsk side. Foto: Stortinget.

Anniken Huitfeldt (A), leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, leia møtet frå norsk side. Foto: Stortinget.

Stortinget i årleg bilateralt møte med Europaparlamentet

Møtet fann stad i digitalt format torsdag 29. oktober. I tillegg til aktuelle saker som koronapandemien og det framtidige tilhøvet til Storbritannia, vart også det overordna tilhøvet mellom EU og Noreg drøfta.

Anniken Huitfeldt (A), leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, leia møtet frå norsk side, medan det var hennar kollega, tyske Svein Giegold, som leia delegasjonen frå Europaparlamentet. Frå utanriks- og forsvarskomiteen deltok Morten Wold, Ingjerd Schou, Trine Skei Grande, Marianne Marthinsen, Hårek Elvenes, Geir Sigbjørn Toskedal, Emilie Enger Mehl og Carl I. Hagen. Også EUs utanriksteneste og Norges ambassadør til EU, Rolf Einar Fife, deltok på møtet.

‒ Noreg og EU har eit svært tett og godt tilhøve. Covid-19-krisa har svært tydeleg vist kor viktig internasjonalt samarbeid er. EØS-avtalen har danna grunnlag for eit svært omfattande samarbeid for å løyse krisa, seier Anniken Huitfeldt.

Også EU-ambassadør Fife la i si innleiing vekt på at samarbeidet med EU har vore viktige for Noreg i samband med pandemien. Det har sikra tilgang til medisinar og utstyr, gjort det mogleg å få norske borgarar trygt heim og ikkje minst er den basis for avtalen som sikrar norsk tilgang til vaksiner.

Europaparlamentet er ein viktig aktør i pågåande diskusjonar i EU om mellom anna langtidsbudsjettet. Langtidsbudsjettet vil avgjere storleiken på EUs ulike program, inkludert forskingsprogrammet Horisont Europa som Noreg deltek i. Samstundes skal EU vedta ein gjenreisingspakke etter koronapandemien og har som mål om at den skal bidra til målet om å stanse klimaendringar og sikre grøn omstilling. EU drøftar også sitt framtidige mål for reduksjonar i utsleppa.

‒ Det er positivt at EU nå signaliserer høge ambisjonar for klimapolitikken, framheld Huitfeldt. ‒ Noreg og EU bør samarbeide om å nå klimamåla mellom anna gjennom forsking og teknologiutvikling. Samstundes vil eit ambisiøst EU kunne inspirere andre land.

Dersom smittsituasjonen tillèt eit fysisk møte, vil neste møte med Europaparlamentet finne stad i Oslo i 2021.


Sist oppdatert: 29.10.2020 16:27