Ny løysing for skriftlege innspel

Det er kome ei ny løysing for utlysing og innsending av skriftlege innspel til sakene komiteane handsamar.
Til no har komiteane invitert til skriftlege innspel i nokre saker i staden for å halda munnleg høyring, og informert om det med eigne oppslag på komitésidene og sakssidene på stortinget.no. Med den nye løysinga vert skriftlege innspel utlyste på same måten som opne, munnlege høyringar.
 
 
I staden for at skriftlege innspel vert sende inn til e-postmottaket til komiteen, er det no kome eit skjema der innspelet kan skrivast inn. 

Sist oppdatert: 22.01.2021 11:11