Europarådets parlamentarikarforsamling møttes til sesjon i hybrid format
Stortinget deltok digitalt med sju delegatar då Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) møttes til sesjon for første gang på eit år, denne gangen i hybrid format, med rundt 100 delegatar til stades i Strasbourg og resten på heimekontor i dei 47 medlemslanda.
Ny norsk visegeneralsekretær i Europarådet
Som følgje av koronapandemien har det ikkje vært mogleg for forsamlinga å møtas til sesjon i plenum sidan januar i fjor. Arbeidet det siste året har likevel gått for fullt med digitale komitémøter og i den såkalla Faste komité, forsamlingas høgste beslutningsorgan mellom sesjonane.
– Den tekniske gjennomføringa av sesjonen har vært svært vellukka, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou. – Eg er spesielt glad for at vi endeleg fikk gjennomført val til viktige posisjonar i både Menneskerettsdomstolen, Europarådet og i PACE, og då sjølvsagt ekstra fornøyd med at PACE fekk sin første kvinnelege generalsekretær, og at norske Bjørn Magnus Berge blei vald til ny visegeneralsekretær i Europarådet.
Berge blei vald til stillinga som visegeneralsekretær for ein periode på fem år. Han har bakgrunn frå den norske utanrikstenesta, statsministerens kontor, og som stabssjef for Thorbjørn Jagland då han var generalsekretær i Europarådet.
Gjennomføring av domsvedtak i Den europeiske menneskerettsdomstolen, Navalnysaken og rettferdig fordeling av koronavaksiner
Dette var bare nokon av temaene på dagsorden for sesjonen. Også viktige tema som etnisk profilering, stadig mindre handlingsrom for sivilt samfunnsorganisasjonar (NGO), dommarstandens uavhengigheit i Polen og Moldova, og store teknologiselskaps ansvar for ytringsfridom og moderering av debatt på nett, blei debattert.
Sjå sesjonens nettside og dagsorden.
– Det er av stor betyding at vi fekk gjennomført denne sesjonen og vist at vi kan oppretthalde både interparlamentarisk diplomati, og PACEs viktige arbeid – også i unntakstider som vi har hatt dette siste året. Koronapandemien forsterka det presset som allereie var på demokrati, menneskerettar og rettsstat i mange av Europarådets medlemsland. PACE og Europarådets rolle som vakthund for nettopp desse verdiane er derfor viktigare enn nokon sinne, seier Lise Christoffersen, nestleiar for delegasjonen.
Viktige verv til den norske delegasjonen
Under sesjonen fekk både Ingjerd Schou (H) Emilie Enger Mehl (Sp) fornya sine verv som høvesvis leiar for den sentrale regelkomiteen (Committee on Rules of Procedure, Immunities and Institutional Affairs), og nestleiar for komiteen for val av dommarar til den Europeiske menneskerettsdomstolen (Committee on the Election of Judges to the European Court of Human Rights). Lise Christoffersen (A) og Petter Eide (SV) fortsetter også i sine verv som rapportør for høvesvis Nord-Makedonia og Albania.
Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling deltok med følgjande medlemmar: delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Espen Barth Eide (A), Emilie Enger Mehl (Sp), Jette Christoffersen (A), Kårstein Eidem Løvås (H).
Europarådet og parlamentarikarforsamlinga
Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.
Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei vesentleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ein rekke område, og overvaker i kva grad medlemslanda overheld sine forpliktingar som medlem.