Konfirmasjonsgåva frå Stortinget til Prins Sverre Magnus

Laurdag 5. september blei Prins Sverre Magnus konfirmert i Asker kirke. I gåve frå Stortinget fekk prinsen ein kano.

Stortingspresident Tone W. Trøen viser fram kanoen som Stortinget gir i konfirmasjonsgåve til Prins Sverre Magnus. Fotoet er frå lageret på Stortinget, der gåva låg før den blei frakta til Slottet. Foto: Stortinget.

Prins Sverre Magnus er nummer tre i arverekkefølgja til den norske trona, og Stortinget gir ei gåve til prinsen ved konfirmasjonen.

Gåva frå Stortinget er ein norskutvikla kano med padleårer. Kanoen er samanleggbar og er lett å bere mellom vatn på ekspedisjonar. Monogrammet til prinsen er også brent inn i blada på padleårene.

Les også: Stortingets konfirmasjonsgave til Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra

Sist oppdatert: 05.09.2020 18:00