Stortingsrepresentantar på studiebesøk til Ungarn
Fire medlemmer av Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), besøker 15.–17 september Budapest for å få innblikk i, og ei betre forståing av den demokratiske utviklinga i landet.
Demokratiets stilling i Europa er i endring, og mange vil sei at dei verdiane demokratiet bygger på er trua. Ungarn er eit av dei landa som har vært gjenstand for kritisk merksemd i Europarådet. Dette gjeld særleg utviklinga ein ser med innskrenking av vilkåra for sivilt samfunn, media og akademia. Det same gjeld rettsstatsutviklinga.
Vil lære meir om utviklinga i landet
Dette er ei utvikling ein også ser i enkelte andre medlemsland i Europarådet, og det er derfor interessant og relevant for Stortingets PACE-delegasjon å sette seg nærmare inn i problemstillinga. Det er dette som er føremålet med besøket til Budapest, og erfaringane frå reisa vil styrke delegasjonens kompetanse og høve til aktiv, engasjert og informert deltaking i arbeidet i parlamentarikerforsamlinga.
– Det unike ved Europarådet, og også dets styrke, er at det er ein paneuropeisk arena for dialog, som samlar heile 47 medlemsland. Dette gir rom for å samtale om saker der ein har felles interesse, men også om saker der ein er klart ueinig – blant anna når det gjeld Europarådets grunnleggande verdiar, menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsipp, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.
– Eg er derfor svært glad for at vi på denne måten får høve til å møte våre ungarske kollegaer i tillegg til representantar for både regjering, media, sivilt samfunn og akademia. Dette er ein god måte å styrke sin kunnskap og kompetanse på, avsluttar ho.
Delegasjonen har tradisjon for å ein til to gangar i løpet av ein stortingsperiode gjennomføre studiereiser for å betre sette seg inn tema og problemstillingar som er gjenstand for diskusjon i parlamentarikarforsamlinga. Ingjerd Schou (H), Lise Christoffersen (A), Emilie Enger Mehl (Sp) og Morten Wold (FrP) vil delta på den aktuelle studieturen.
Europarådet og parlamentarikarforsamlinga
Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.
Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.