Ombodsmannen for Forsvaret leverte rapport
Ombodsmannen for Forsvaret, Roald Linaker, overleverte den årlege rapporten til stortingspresident Tone W. Trøen måndag 1. april.
I årets rapport blir det fokusert på tre hovudtema: verneplikta, personellet og veteranarbeidet. Ein av hovudkonklusjonane i år er at talet på vernepliktige som er inne til teneste er for få til å dekke alle funksjonane.
Ombodsmannen for Forsvaret passar på rettane til personellet i Forsvaret. Alt personell, både vernepliktige, befal og sivilt tilsette, som meiner at dei er urimeleg eller urettferdig behandla kan ta saka si til Ombodsmannen. Ein kan klage på alle forhold i samband med militærtenesta, både før, under og etter fullført teneste.
Ombodsmannen for Forsvaret er eit av Stortingets eksterne kontrollorgan. Les meir om kontrollorgana.