Plenumssalen i Strasbourg. Foto: Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE).

Plenumssalen i Strasbourg. Foto: Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE).

Årets først delsesjon i PACE – nok ein gang utan Russland

Tap av statsborgarskap som ledd i kampen mot terror, Magnitskysanksjonar, inkluderande arbeidsliv og oppfølging av Europarådets Torturkomité (CPT) sine landrapportar er noko av det som elles står på agendaen.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) møtes til årets første delsesjon i Strasbourg 21.–25. januar.

Delegasjonsmedlem Espen Barth Eide (A), Vetle Wang-Soleim (H) og Emilie Enger Mehl (Sp) deltar på sesjonen og vil delta i debattar og stemme over ei rekke resolusjonar.

Sjå dagsorden for januarsesjonen

Russland deltar ikkje

Dette blir femte året på rad at PACE går inn i ein ny sesjon utan at Russland deltar med delegasjon frå Dumaen. Dette blei klart etter at Dumaen diskuterte situasjonen torsdag 17. januar. Russland har ikkje deltatt i arbeidet i parlamentarikarforsamlinga etter at dei mista stemmeretten i 2014 som følgje av anneksjonen av Krim og sin støtte til separatistgrupper i den austlege delen av Ukraina, Donbass.

Det har over lengre tid pågått eit arbeid for å finne ei løysing på denne situasjonen. Det er imidlertid eit krevjande og vanskeleg spørsmål med fleire ulike perspektiv, og som gjer seg gjeldande i PACE. I tillegg kjem at forsamlinga er splitta med tanke på korleis best finne fram til ei løysing.

Europarådets Torturkomité, Statsborgarskap, Magnitskysanksjonar

Europarådets Torturkomité (CPT)  publiserte sin siste rapport om Norge torsdag 17. januar. Denne veka skal PACE diskutere korleis nasjonale parlamentarikarar betre kan bidra til at regjeringane faktisk følgjer opp og gjennomfører dei anbefalingane CPT kjem med i sine rapportar. Ein annan interessant debatt er om tap av statsborgarskap som verktøy i kampen mot terrorisme er i samsvare med menneskerettane. Rapporten understrekar betydinga av å sikre at slik praksis skjer i samsvare med menneskerettane.

Spørsmålet om bruk av individuelle målretta sanksjonar, såkalla Magnitskysanksjonar skal også opp til debatt. Dette har vært diskutert i PACE tidlegare, og land som USA, UK, Canada, Latvia, Litauen og Estland har i løpet av denne tida vedtatt lovar som legg til rette for bruk av denne typen sanksjonar.

Andre debattar omfattar tema som inkluderande arbeidsliv, retningslinjer for gjennomføring av frie og rettferdige folkeavstemmingar, Sharialovgivings komptabilitet med Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen, medias rolle i gjennomføringa av demokratiske val, styring og regulering av internett opp mot menneskerettar.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.


Sist oppdatert: 21.01.2019 10:26