Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Ingjerd Schou. Foto: PACE.

PACE strammer inn etiske retningslinjer

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) har hatt ein gjennomgang av sine interne etiske retningslinjer (Code of Conduct), og vedtok ved årets siste delsesjon ei rekke innstrammingar. 

Gjennomgangen viste blant anna at mange av forsamlingas medlemmer ikkje var godt nok kjend med dei interne retningslinjene, og i praksis ikkje forholdt seg til desse i sitt arbeid i PACE. Dei reviderte retningslinjene krev no at medlemmene signerer på å ha lest og forstått retningslinjene. Dette betyr blant anna å erklære at dei ikkje skal love, gi, be om eller godta noko form for betaling eller kompensasjon for tenester utført i samband med sitt arbeid i PACE.

Det er også skissert rutinar for gransking ved mistanke om brot på retningslinjene, og det vil bli lågare terskel for sanksjonar ved brot på retningslinjene.

Lise Christoffersen. Foto: PACE.

Betre kontroll med lobbyaktivitet

Lobbyaktivitet under forsamlingas sesjonar i Strasbourg har vært lite oversiktlig. Dette blir no betre regulert, blant anna gjennom at det skal bli lettare å identifisere lobbyistar og kven dei representerer. Det skal vurderas å etablere eit lobbyregister.

– Det har vært heilt vesentleg å få betre kontroll med det som skjer av lobbyaktivitet i forsamlinga. Eg er særleg positiv til at det blir stramma inn i forhold til tidlegare medlemmers, såkalla honorære medlemmer, aktivitet i forsamlinga. Denne gruppa har hatt ubegrensa tilgang til forsamlingas møter og sesjonar, og det har i mange tilfelle vært uklart om dei representerer andre enn seg sjølv, kven dei eventuelt representerer, og om dei mottar noko form for kompensasjon for å drive lobbyaktivitet. Dei nye retningslinjene vil rette opp i dette, seier Ingjerd Schou, delegasjonsleiar.

Også nestleiar Lise Christoffersen ønskjer desse innstramingane velkommen.

– PACE er i ferd med å ta eit riktig og viktig oppgjør med ein ukultur som har vært i deler av forsamlinga. Eg håpar at både nye retningslinjer, og det arbeidet som no bli gjort av den eksterne granskingskommisjonen, vil gi oss ein ny start og meir ro til å konsentrere oss om det arbeidet vi eigentleg er satt til å gjere, seier Christoffersen.

Både Lise Christoffersen og Ingjerd Schou har denne veka bidrege til granskinga av korrupsjonspåstandane i PACE gjennom samtalar med den eksterne ganskingskommisjonen som etterforskar påstandane om korrupsjon.

Andre aktuelle debattar

I tillegg til å rydde opp i interne forhold, var det under denne delsesjonen også aktuelle debattar om menneskerettar og demokrati i Aserbajdsjan, retten til utdanning på minoritetsspråk i Ukraina, ISILs overgrep i Syria og Irak, spørsmålet om eit mogleg fjerde Europarådstoppmøte, og trugslar mot rettsstaten i Europarådets medlemsland m.m. Sjå sesjonens nettside.

PACE valde også denne veka Stella Kyriakides (EPP, Kypros) til ny  president for dei resterande tre månadene av 2017 sesjonen. President Agramunt gjekk av fredag 6. oktober etter ein lengre periode med mykje støy og mistillit til han som president. Ingjerd Schou, som var den først til å signere mistillitsforslaget mot Agramunt, skulle ha deltatt i mistillitsdebatten mandag 9. oktober. Men debatten blei avlyst, då Agramunt på eige initativ gjekk av som president.

Valet på president for neste års sesjonen vil skje ved sesjonens opning i januar 2018.

Sist oppdatert: 29.01.2021 11:44
: