Sette søkjelyset på organdonasjon
Helse- og omsorgskomiteen sette søkjelyset på organdonasjon i samband med handsaminga av ny transplantasjonslov i Stortinget 9. april.
Heile komiteen var samla i vandrehallen før møtet der komitémedlemene fylte ut kvart sitt donorkort. Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) deltok òg på denne markeringa. Komiteen ynskjer å vera med på å skapa merksemd om behovet for å sikra organ til organdonasjon.
– Vona er at transplantasjonslova skal bidra til at flest mogeleg seier ja til organdonasjon. Det er difor viktig å styrkja arbeidet med å spreia kunnskap om temaet, uttala leiaren i helse- og omsorgskomiteen Kari Kjønaas Kjos (FrP). Ho oppfordra alle til å ta stilling til dette spørsmålet, og informera sine næraste om haldninga si.
Informasjons- og opplysningsarbeid er viktig for å sikra donasjonar. I innstillinga til Stortinget seier ein samrøystes helse- og omsorgskomité at det er viktig å spreia kunnskap om kva det har å seia å ta stilling til organdonasjon for seg sjølv. Det er òg viktig at kvar og ein finn ut kva haldning nære pårørande har til organdonasjon.
Hovudregelen skal vera at organdonasjon må byggja på samtykke frå den avlidne; donasjonen må anten vera ynskt av den avlidne sjølv eller med samtykke frå dei pårørande. Når det er kjent kva haldning den avlidne hadde til organdonasjon, kan ikkje pårørande overprøva det standpunktet. Det er viljen til den avlidne som er avgjerande og som alltid skal leggjast vekt på.
Organdonasjon kan ikkje gjennomførast om det ikkje er råd å få kontakt med pårørande. Helsepersonell vert etter den nye lova pålagt å ta opp spørsmålet om organdonasjon der det er aktuelt.
Stortinget vedtok framlegg om transplantasjonslov og obduksjonslov i fyrste gongs handsaming i møtet i Stortinget 9. april. Føremålet med ei ny transplantasjonslov er å balansera omsynet til integriteten til donorane med best mogeleg tilgang på organ, celler og vev, og å gje ei best mogeleg behandling av alvorleg sjuke menneske.