Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Parlamentarisk kunnskapsdeling

13. april orienterte Stortingets første visepresident, Marit Nybakk (A), ei gruppe på 14 kenyanske partipolitikarar, derav to senatsmedlemmer, om Stortingets arbeid og rolle i det norske samfunnet.

Marit Nybakk med delegasjonen frå Kenya. Foto: Stortinget.

Nybakk la vekt på dei grunnleggjande forskjellane mellom parlamentarisk arbeid i Kenya og i Noreg. Dette gjeld både arbeidsmetodar, struktur, rutinar, og ikkje minst den norske tradisjonen med godt tverrpolitisk samarbeid og god dialog mellom opposisjon og posisjon. Dette vekkjer alltid interesse. Det same gjeld dynamikken mellom storting og regjering og Stortingets kontrollfunksjon.

Den kenyanske delegasjonen er i Noreg på studiebesøk som ein del av eit samarbeidsprosjekt KrF har om demokratiseringsstøtte i Kenya. Prosjektet tek utgangspunkt i det grunnleggjande at godt fungerande politiske parti og partiorganisasjonar er viktig for eit velfungerande demokrati. Prosjektet er eit samarbeid med kenyanske partipolitikarar for å byggje sterkare partiorganisasjonar som gjer medlemmene betre i stand til å utøve politisk aktivitet også utanom valkamp. 

Den kenyanske delegasjonen er i Noreg til og med 17. mai, og vil også ha møte på fylkes- og kommunenivå i tillegg til møte med andre norske parti om organisasjonsstruktur og kommunikasjon m.m.

Sist oppdatert: 18.05.2015 09:04
: