Naboskapspolitikk, energi og TTIP i Riga
Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen og av Europautvalet på Stortinget Anniken Huitfeldt (A) og Sylvi Graham (H) var i Riga i veke 23 på møte for medlemer av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa.
Dagsordenen for det såkalla COSAC-møtet inkluderte status for Latvias EU-formannskap, EUs naboskapspolitikk, energi og forhandlingane om eit handels- og investeringspartnarskap (TTIP) mellom EU og USA. Mange kommentererte også flyktningsituasjonen i Middelhavet. Rolla til nasjonale parlament i europeisk lovgjevingsarbeid vart òg drøfta.
Den latviske statsministeren orienterte om prioriteringar og resultat under det latviske formannskapet og framheva både lovgjevingsarbeid på personvernområdet, arbeidet med digital agenda og toppmøtet om austleg partnarskap i Riga i mai.
Støtte til reformer i Ukraina, Georgia og Moldova
I innlegget sitt nemnde Anniken Huitfeldt det nordisk-baltiske initiativet til å hjelpe Ukraina med å utvikle ein ny forretningsorden for parlamentet.
– Basert på erfaringane frå Latvia, kva slags konkret bistand meiner du Ukrainia, Georgia og Moldova treng? spurte Huitfeldt den latviske statsministeren Laimdota Straujuma. Ho svarte at det er viktig å støtte reformer i desse landa, men at landa sjølve må vise reformvilje. Samstundes er det viktig å erkjenne at endringar tek tid.
Framlegg til energiunion
Visepresident i Europakommisjonen med ansvar for energiunionen, Maroš Šefčovič, presenterte hovudpunkta i framlegget til energiunion og la vekt på ein tett dialog og godt samarbeid med nasjonale parlament i arbeidet med å realisere måla i framlegget. Leiar i Europaparlamentets miljø-, helse- og mattryggleikskomité Jerzy Busek sa i innlegget sitt at han mellom anna ynskjer eit innkjøpssamarbeid på energiområdet. Mange deltakarar tok ordet i debatten, og tok mellom anna opp forsyningstryggleik, overføringskapasitet, energieffektivisering og diversifisering av energikjelder, til dømes ved å auke bruken av fornybar energi.
– Det er alltid nyttig å møte kollegaer frå heile Europa, både i og utanfor møtesalen. Diskusjonen om energi er i stor grad prega av at Russlands politikk gjer at EU i større grad ynskjer å verte sjølvforsynt med energi, seier Graham.
Orientering om TTIP-forhandlingane
EUs handelskommissær Cecilia Malmström orientere om status i TTIP-forhandlingane mellom EU og USA og andre handelsavtalar. Handel er viktig for eksport, vekst og sysselsetjing i EU. Jamvel tollsatsar som kan synast uvesentlege, kan vere brysame å fjerne, ikkje minst for små og mellomstore verksemder. Ho la òg vekt på TTIP som eit verkemiddel for å sikre EU og USA gjennomslag for felles verdiar globalt.
– Det har vore viktig med meir openheit om forhandlingane, og eit moderne tvisteløysingssystem mellom investor og stat må inn i ein avtale. Nasjonale parlament bør spele ei aktiv rolle i drøftingane om TTIP, sidan nasjonale parlamentarikarar er nære borgarane. Ein dialog må vere basert på fakta om kva TTIP er og ikkje er, og eg nektar å akseptere premissen om at forhandlingane er udemokratiske og lukka, sa Malmström.
Det var mange kommentarar frå både tilhengjarar og motstandarar av TTIP. Fleire tok til orde for at nasjonale parlament må få høve til å ta stilling til avtalen når han er ferdigforhandla.
Sylvi Graham viste i innlegget sitt til at EØS/EFTA-landa er i ein spesiell situasjon som fulle medlemer i den indre marknaden i EU. Ho bad om at EU så langt som mogleg informerer EFTA-landa undervegs i forhandlingane. Det er også viktig at TTIP ikkje vert utforma på ein måte som skaper nye hindringar i den indre marknaden, sa ho. I oppsummeringa frå innleiarane vart det uttrykt forståing for dette.
– Handelspolitikk og eit høve til å sikre arbeidstakar- og forbrukarstandardar i samband med EUs forhandlingar om frihandelsavtalar, var eit tema som engasjerte mange. Eg er derfor glad for at Malmström gav eit klart signal om meir openheit og informasjon i forhandlingane som vert førte, seier Huitfeldt.
COSAC
COSAC er ein møteplass for medlemer av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa, der Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap òg deltek. På møtet var Noreg, Island, Sveits, Kosovo og Georgia inviterte som observatørar.
Neste COSAC-møte er i juli i Luxembourg.