Europaparlamentet møtte Stortinget i Oslo
Måndag 16. mars tok utanriks- og forsvarskomiteen imot kollegaer frå Europaparlamentet til møte på Stortinget.
Parlamentarikarane drøfta tilhøvet mellom EU og Noreg, men òg klima og energi, situasjonen i Russland og Ukraina, og flyktning- og asylsituasjonen i Middelhavet stod på dagsordenen. Eit anna tema var tryggleikssituasjonen i Europa der auka terrortrugsmål gjev nye utfordringar når kampen mot terror må vegast mot omsynet til personvern og privatliv.
– På møtet kunne vi konstatere at hovudbiletet er at EU og Noreg har eit tett og godt samarbeid på mange område der EØS-avtalen er grunnsteinen, men som går langt vidare. Eg er glad for det gode tilhøvet og opplever at EU i dagens utfordrande geopolitiske situasjon òg er oppteken av å understreke nettopp dette, seier leiar i utanriks- og forsvarskomiteen Anniken Huitfeldt.
Noreg og Europaparlamentet har eit nært samarbeid og norske stortingsrepresentantar deltek på mange møte i Brussel. Det er viktig at Stortinget har god kjennskap til saker som blir drøfta i EU, og kan delta i ein tidleg fase i drøftingar av nytt regelverk som blir del av norsk rett gjennom EØS-avtalen. På møtet var det semje om at det er viktig å arbeide for å redusere talet på EØS-relevante rettsakter som er vedtekne i EU, men enno ikkje tekne inn i EØS-avtalen.
Dei årlege møta mellom Stortinget og Europaparlamentet gjev både høve til å få direkte informasjon om saker og prosessar i EU, og til å utveksle synspunkt i aktuelle spørsmål. Det gjev òg høve til å drøfte felles utfordringar der vi ofte kan ha gjensidig interesse av å stå saman. Eit svært aktuelt døme er tilhøvet til Russland der Noreg har innført dei same restriktive tiltaka som EU.
– Vårt tilhøve til Russland og situasjonen i Ukraina stod på dagsordenen i dag. Norske erfaringar med Russland er òg relevante for EU samstundes som det er nyttig for oss å høyre korleis medlemmer av Europaparlamentet vurderer situasjonen, seier Huitfeldt.
Stortinget og Europaparlamentet har heilt sidan 1982 hatt årlege møte for å drøfte tilhøvet mellom Noreg og EU og andre spørsmål av felles interesse.
Europaparlamentarikarane fortset opphaldet sitt i Fredrikstad der Stortingets EFTA/EØS-delegasjon er vertskap for eit møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen.