Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Uavhengig granskingskommisjon for brannen på Scandinavian Star

Stortinget vedtok 12. mai å nemna opp ein uavhengig granskingskommisjon som skal granska brannen på ferja MS «Scandinavian Star» i 1990.

Natt til 7. april 1990 braut det ut brann om bord på bilferja Scandinavian Star. Foto: NTB scanpix. 

Føremålet med granskingskommisjonen skal vera å vurdera om dei faktiske tilhøva det er gjort greie for under den tidlegare handsaminga av saka i Stortinget, gjev eit korrekt og fullnøyande bilete av saka i ljos av den informasjonen som seinare er komen fram.

Kommisjonen skal òg vurdera korleis offentlege styremakter fylgde opp saka og tok vare på overlevande og pårørande.

I vedtaket står det at Stortingets presidentskap skal velja ut medlemer og skriva eit mandat til granskingskommisjonen, og dra opp grensa mot den pågåande etterforskinga av eventuelle straffbare forhold i saka. 

Les framlegg, innstilling, debatt og vedtak om å oppretta ein stortingsoppnemnd granskingskommisjon for å vurdera forhold rundt Scandinavian Star-katastrofen.

Presidentskapet kjem til å fylgja saka opp i tråd med vedtaket, og skal frametter arbeida med å utforma mandat, setja saman kommisjonen og etablera eit fagsekreteriat. Ein føresetnad i innstillinga er at samansetnaden av kommisjonen og mandatet skal skje i samarbeid med partigruppene på Stortinget.

Framlegget om å oppretta ein stortingsoppnemnd granskingskommisjon for å vurdera forthold kring Scandinavian Star-katastrofen vart sett fram i stortingsmøtet 17. februar 2015 av leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen, Martin Kolberg, på vegner av representantane Gunvor Eldegard, Jette F. Christensen, Jan Bøhler, Per Olaf Lundteigen, Hans Fredrik Grøvan, Abid Q. Raja, Bård Vegar Solhjell, Rasmus Hansson og seg sjølv. 

Parlamentarisk granskingskommisjon 

Parlamentariske granskingskommisjonar er eit av verktøya Stortinget har til å uføra kontrollverksemda si. Granskingskommisjonar er oppnemnde av Stortinget for å klarleggja eller vurdera ein tidlegare faktisk hendingsgang. Reglane for parlamentariske granskingskommisjonar er fastsette i Stortingets forretningsorden § 19.

Les meir om kontrollverksemda på Stortinget.

Om det er naudsynt kan Stortinget gjeva ei eiga særlov med lovheimel som sikrar at kommisjonen får tilgang til nok opplysingar og dokument i granskinga.

Ein stortingsoppnemnd granskingskommisjon rapporterer direkte til Stortinget. Denne rapporten er i regelen offentleg, om ikkje særskilde omsyn tilseier at det bør vera teieplikt for heile rapporten eller delar av han.

Slike parlamentariske kommisjonar er sjeldsynte; det har oftare vore regjeringa som har sett ned kommisjonar når det har vore naudsynt å granska ei sak. Døme på regjeringsoppnemnde undersøkingskommisjonar er kommisjonen etter Åsta-ulukka i 2000 og Reinås-utvalet som evaluerte måten norske styremakter handterte tsunamikatastrofen i Søraust-Asia i 2004. 

Tidlegare kommisjonar

Stortinget har sidan 1985 oppnemnt fem granskingskommisjonar:

  • Ryssdal-kommisjonen (1985–87) granska måten styremaktene handterte problema som reiarlaget Reksten hadde på slutten av 1970-talet.
  • Lund-kommisjonen (1994–1996) granska dei hemmelege tenestene og påstandar om ulovleg overvaking.
  • Smith I-kommisjonen (1997–1998) granska måten styremaktene handterte bankkrisa på 1980-talet.
  • Smith II-kommisjonen (2000–2001) granska Gardermo-utbygginga.
  • Mehamn-kommisjonen (2003–2005) granska luftfartsulukka med Twin Otter LN-BNK nær Gamvik 11. mars 1982.
Sist oppdatert: 18.05.2015 12:37
: