Uttrykkjer medkjensle med leiaren i Folketingets delegasjon til PACE
Leiaren for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), Ingjerd Schou, har sendt eit brev til Jacob Lund i den danske delegasjonen til PACE etter terrorhandlingane i København 14. og 15. februar.
Les brevet til leiaren i Folketingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling.
Det er god kontakt og godt samarbeid mellom dei nordiske delegasjonane til PACE, og kampen mot terror, ekstremisme og hatefulle ytringar er tema som jamleg vert handsama i forsamlinga.
Sist oppdatert: 17.02.2015 10:53