Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Møte i felles EØS-parlamentarikarkomité i Strasbourg

Sju medlemmer av Stortingets EFTA/EØS-delegasjon deltok i veke 51 på det halvårlege møtet i den felles EØS-parlamentarikarkomité i Strasbourg. Dette var det fyrste møtet med Europaparlamentet etter valet til Europaparlament i mai i år. 

Bas Eickhout, medlem av Miljø-,folkehelse- og mattrygghetskomiteen i Europaparlamentet, i møte med Stortingets delegasjon. Til venstre: Delegasjonsleder Svein Roald Hansen. Foto: Stortinget.

Sentrale tema for møtet var etterslepet i gjennomføring av direktiv og pågåande forhandlingar mellom EU og EFTA/EØS-landa, inkludert EØS-finansieringsmekanismen og handel med landbruksprodukt. I tillegg kommenterte mange den sikkerheitspolitiske situasjonen og effektar av denne mellom anna for energimarknaden i EU. Det var god oppslutning på møtet både frå Europaparlamentet og frå EFTA-landa.

To resolusjonar

Komiteen vedtok samrøystes to resolusjonar. I resolusjonen om den årlege rapporten frå den felles parlamentarikarkomiteen tek komiteen mellom anna til orde for at også parlamentet på Island, Liechtenstein og Sveits bør opne kontor i Europaparlamentet. Det vart også vedteke ein resolusjon kring EUs rammeverk for klima og energi fram til 2030. Framover ynskjer komiteen mellom anna å bli oppdatert i status på forhandlingane om TTIP mellom EU og USA på kvart møte.


På møtet deltok ESA-president Oda Sletnes, Liechtensteins ambassadør Kurt Jäger, formann i Rådets EFTA-gruppe Jacopo Martino og ansvarleg for EØS-saker i EUs utanriksteneste Gianluca Grippa. Alle desse la vekt på at gjennomføring av ny EU-lovgjeving i EØS-avtalen er viktig for å sikre homogeniteten i avtalen. Alle ynskte løysinga som er funne for EFTA/EØS-landa si tilknyting til EUs finanstilsyn velkomen, men fleire sa det er viktig å finne løysingar også for tredje energimarknadspakke og telekompakken.

Sletnes sa ESA vil leggje vekt på å vere operative frå fyrste dag etter at EFTA/EØS-landa formelt blir knytte til finanstilsyna. Ho informerte også om at ESA vil ta Noreg til EFTA-domstolen for manglande gjennomføring av luftkvalitetsdirektivet. Jäger la vekt på at ei eventuell TTIP-avtale mellom USA og EU vil påverke også EFTA/EØS-landa og la vekt på behovet for informasjon om status for forhandlingane.


Martino sa det er et godt og tett tilhøve mellom EU- og EFTA-landa og la spesielt vekt på at det er ein god politisk dialog mellom EU og EFTA/EØS-landa mellom anna om Ukraina-krisen, situasjonen i Midt-Austen og energi.

Grippa sa det både var positive og negative utviklingstrekk sidan førre møte. Sjølv om det har vore ein viktig innsats for å redusere etterslepet i gjennomføring av direktiv, men at etterslepet er stadig for stort. EFTA/EØS-landa bruker for lang tid på konstitusjonelle tilhøve og det er viktig at nasjonale parlament vise politisk vilje til raske vedtaksprosessar. EU er glad for at det nå skal startast forhandlingar om artikkel 19 og vonar på reduksjon i toll for landbruksprodukt. EU ynskjer også forhandlingar om foredla landbruksprodukt. Han la også vekt på at mange EU-land har eit stort behov for ressursar og oppmoda EØS/EFTA-landa ti å vise solidaritet i dei pågåande forhandlingane om ein ny EØS-finansieringsmekanisme. EUs krav i forhandlingane er ikkje urimelege, sa Grippa.

Bilaterale møte

Den norske delegasjonen hadde også fem bilaterale møte med medlemmer av Europaparlamentet. Dette omfatta Marita Ulvskog (svensk, S&D), om innvandrings- og migrasjonsspørsmål, Vicky Ford (britisk, ECR) som leier Indre marknads- og forbrukarvernkomiteen, Gunnar Hökmark (svensk, EPP) om regulering av finanssektoren og Junckers investeringspakke, Christofer Fjellner (svensk, EPP) om TTIP og landbrukstoll, og Bart Eichhout (nederlandsk, Dei grøne/ALE) om utvikling i EUs kvotehandelssystem.

Sist oppdatert: 18.12.2014 15:21
: