Leiinga i utanriks- og forsvarskomiteen på møte om europeisk utanriks- og sikkerheitspolitikk
Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen Anniken Huitfeldt (A) og dei to nestleiarane Øyvind Halleraker (H) og Kristian Norheim (FrP) deltok måndag 1. desember på eit møte i regi av utanrikskomiteen i Europaparlamentet.
I tillegg til Stortinget deltok representantar frå utanrikskomiteane i 22 EU-land sine parlament.
Tema for møtet var strategiske utfordringar for EUs felles utanriks- og sikkerheitspolitikk og EUs naboskapspolitikk. EUs nye høgrepresentant for utanrikspolitikk, Federicia Mogherini og kommissær for naboskapspolitikken og utviding, Johannes Hahn, innleidde til debatt.
Sikkerheitssituasjonen i Europa som følgje av Russlands folkerettsbrot i Ukraina var sentralt på møtet, i tillegg til situasjonen i Midtausten, Vest-Balkan, Georgia og Moldova. I tillegg blei utvidingsprosessen i EU drøfta. Det var også ei orientering om den førebels rapporten frå den nederlandske havarikommisjonen etter nedskytinga av flyet til Malaysian Airlines i Ukrainia tidlegare år.
– Etter den russiske aggresjonen i Ukraina er det viktig med eit tett samarbeid mellom EU og Nato, sa Anniken Huitfeldt i sitt innlegg. Eg oppmoda også Mogherini til å styrkje EUs innsats for å løyse konflikten mellom Israel og Palestina og la vekt på at ei tostatsløysning er nødvendig for å sikre dette, sa Huitfeldt.
– Noreg og EU har felles interesser i å fremje fred, stabilitet og vekst i vårt nabolag. Det er viktig å synleggjere at Noreg også bidrar aktivt her, seier Øyvind Halleraker, og viser m.a. til avtalen om den norske støttepakken til Ukraina som statsminister Solberg signerte under sitt besøk i landet i november.
Anniken Huitfeldt (A) og Federicia Mogherini.