Europarådets parlamentarikarforsamling – haustsesjon
Sesjonen var ei påminning om Europarådets grunnleggjande verdiar menneskerettar, rettsstatsprinsippet og demokrati, og kva dette har å seie for tryggingssituasjonen i Europa.
Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), leidd av Ingjerd Schou, deltok i veke 40 på Parlamentarikarforsamlinga (PACE) sin haustsesjon.
Den aktuelle situasjonen i Europa syner at vegen til uro, opprør og konflikt ikkje er lang når demokrati og rettsinstitusjonar står svakt, og innbyggjarane kjenner seg marginaliserte og ekskluderte, utan tillit til det styrande regimet. Mange av deltakarane understreka dette på ulike vis i sine innlegg under sesjonen, deriblant stortingsrepresentant Lise Christoffersen (A) og Frank J. Jenssen (H).
Dette kom særleg fram under sesjonens debattar om nynazisme og hatkriminalitet, om krisa i Ukraina, om terroristorganisasjonen ISILs framvekst i Irak og Syria.
I alle desse debattane blei økonomisk krise, mangel på framtidshåp, mistillit til det eksisterande regime og utfordringar knytte til multikulturelle samfunn peika på som årsaker til radikalisering og ekstremisme.
Under debatten om nynazisme og ekstremisme trekte mange inn situasjonen i Ukraina og ISILs rekruttering av unge framandkrigarar frå Europa og andre vestlege land. Nynazismedebatten understreka at demokratisk valde parlamentarikarar har eit særleg ansvar for å stå opp mot ekstremisme, hatprat og hatkriminalitet. Førebygging gjennom utdanning og formidling av kunnskap blei løfta fram som viktige tiltak for å hindre at slike haldningar får feste seg i samfunnet, og særskilt blant unge. Også blant dei mange av Europas unge som lèt seg verve som framandkrigarar i Irak og Syria.
22. juli, europeisk dag for offer for hatkriminalitet
Eit konkret resultat av debatten i parlamentarikerforsamlinga er vedtaket om støtte til ungdomskampanjen No Hate Speech sitt forslag om å etablere 22. juli som ein europeisk dag til minne om offer for hatkriminalitet.
Dette er eit positivt vedtak seier delegasjonsmedlem Frank J. Jenssen (H). I sitt innlegg sa Jenssen at hatkriminalitet som følgje av ekstremistiske haldningar i botn og grunn er eit angrep på Europarådets grunnleggande verdiar. Han understrekar at denne europeiske dagen må bli ein dag både for solidaritet med offer for hatkriminalitet og ein dag for førebyggjande arbeid mot ekstremisme, radikalisering, hatprat og hatkriminalitet.
Stortingspresident Thommessen var òg invitert til å delta i denne debatten.
– Oppfordring til hatkriminalitet bør bekjempast med lov, men kontroversielle ord og uttrykk bør møtast med at vi tek til motmæle, sa presidenten i sin tale.
Lise Christoffersen. Foto: Europarådet.
Stort engasjement for krisa i Ukraina
Nær 60 medlemmer av parlamentarikerforsamlinga deltok i debatten om situasjonen i Ukraina.
Behovet for varig fredsavtale og eit klart krav om Russlands tilbaketrekking av militære styrkar frå ukrainsk territorium blei understreka. Lise Christoffersen og Kristin Ørmen Johnsen deltok i debatten og var tydelege i sine forventningar til Russland og Russlands ansvar i konflikten.
Mange av deltakarane understreka betydinga av dialog med Russland som viktig for vegen vidare og fredeleg løysing av konflikten. Dette var likevel ikkje eintydig. Denne delen av sesjonen var såleis ein forsmak på den vanskelege debatten som vil komme i januar då Russlands status i Europarådet vil bli diskutert på nytt. Som følgje av invasjonen i Ukraina og annekteringa av Krimhalvøya blei Russland frateken røysteretten i parlamentarikerforsamlinga ut 2014.
ISIL
Debatten om konsekvensane av terroristorganisasjonen ISILs brutale framferd i Irak og Syria vekte stort engasjement blant deltakarane. Situasjonen blei omtala som desperat og hovudprioriteringa må vere å stoppe den pågåande massakren.
Den store mengda europeiske unge som vervar seg som framandkrigarar er til stor bekymring. Gjennom resolusjonsvedtak oppmoda forsamlinga medlemslanda til å styrkje innsatsen mot rekruttering av unge menneske til krigsteneste for terroristorganisasjonen.
Frå norsk side deltok Frank J. Jenssen. I tillegg til militær støtte la han i sitt innlegg vekt på å stoppe straumen av framandkrigarar og finansieringa av terroristorganisasjonen. Han understreka også, som mange andre talarar, den akutte humanitære situasjonen med historisk høgt tal flyktningar. Forsamlinga var klar på at dagens humanitære bidrag ikkje er tilstrekkeleg, og i sitt resolusjonsvedtak appellerte forsamlinga til ytterlegare humanitær innsats frå verdssamfunnet.