Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget har valt nye riksrevisorar og ny ombodsmann for Forsvaret

Per-Kristian Foss vart vald til leiar av Riksrevisjonen og Roald Linaker vart vald til Stortingets ombodsmann for Forsvaret i møte i Stortinget 3. desember.

Tidlegare stortingsrepresentant Per-Kristian Foss er vald til ny leiar for Riksrevisjonen.

Delar av kontrollverksemda i Stortinget er overlaten til eksterne organ som er underlagde Stortinget og som rapporterer til Stortinget. Riksrevisjonen held oppsyn med pengebruken i staten og at statens midlar vert forvalta i tråd med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget. Stortingets ombodsmann for Forsvaret skal syta for at ingen vert urett handsama medan dei tenestegjer i Forsvaret.

I tillegg til desse har Stortinget òg kontrollorgana Sivilombodsmannen og EOS-utvalet.

Les meir om Stortingets eksterne kontrollorgan.

Nye riksrevisorar

Stortinget vel fem riksrevisorar for fire år om gongen med verknad frå 1. januar etter eit stortingsval. Stortinget vel leiar og nestleiar for kollegiet. Leiaren av kollegiet er den daglege leiaren for Riksrevisjonen. Riksrevisor Jørgen Kosmo vert 1. januar 2014 avløyst av tidlegare stortingsrepresentant og statsråd frå Høgre, Per-Kristian Foss.

Til det neste riksrevisorkollegiet er desse valde: Per-Kristian Foss (leiar), Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (nestleiar), Beate Heieren Hundhammer, Gunn Karin Gjul og Arve Lønnum.

Stortinget har òg valt personlege varamedlemer til riksrevisorane.

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

Stortinget vel sju medlemer til Ombodsmannsnemnda for Forsvaret for fire år og har valt Roald Linaker til å ta over etter ombodsmann Kjell Arne Bratli frå 1. januar 2014.

Oppheving av instruks for Ombodsmannsnemnda for sivile vernepliktige

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret har fram til no òg vore ombodsmannsnemnd for sivile vernepliktige. Sidan ordninga med sivilteneste som alternativ til militær verneplikt vart avvikla i 2012, vart instruksen for ombodsmannsnemnda for sivile vernepliktige oppheva 3. desember 2013 og dette kontrollorganet er såleis òg avvikla.

Sist oppdatert: 03.12.2013 14:06
: