Ny kunstbrosjyre frå Stortinget
Den nye brosjyren «Stortinget – bygningen og kunsten» tek føre seg kunsten og arkitekturen på Stortinget.
Brosjyren er skriven av Eivind Torkjelsson og er komen på bokmål, nynorsk og engelsk.
Arkitekturdelen i brosjyren femner om historia om stortingsbygningen frå Stortinget ikkje hadde noko eige hus til arkitektkonkurransen som leidde til at stortingsbygningen var på plass i 1866, eksteriøret til stortingsbygningen med tilbygget mot Akersgata frå 1958, og interiøret i dei ulike romma i stortingsbygningen.
Kunstdelen handlar om historiemåleria, landskapsmåleri, portrettsamlinga, utsmykking og byster i stortingsbygningen og statuane utanfor.
Last ned brosjyren:
Stortinget – bygningen og kunsten, bokmål (pdf, 9 MB)
Stortinget – bygningen og kunsten, nynorsk (pdf, 9 MB)
The Storting – art and architecture, english (pdf, 9 MB)
Side 30 og 31 i brosjyren presenterer portretta av Georg Sverdrup (av Christian Horneman, 1813), Johan Sverdrup (av Christian Krohg, 1882), Christian Michelsen (av Henrik Lund, 1908) og Anna Rogstad (av Eyolf Soot, 1914).