Europeisk konferanse for parlamentspresidentar (ECPP 2014)
Stortinget ynskjer europeiske parlamentspresidentar velkomen til konferanse i Oslo i september.
11.–12. september er Stortinget vertskap for Den europeiske parlamentspresidentkonferansen (ECPP) som blir arrangert kvart anna år. Her møtes alle parlamentspresidentane frå medlemslanda i Europarådet.
– Konferansen er ein viktig arena for å drøfte mange av dei mest aktuelle europeiske spørsmåla i dag. Eg er derfor glad for at Stortinget er vertskap for denne konferansen, seier stortingspresident Olemic Thommessen.
Sist oppdatert: 11.07.2014 14:03