Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Markeringar i og utanfor Stortinget 11. juni

11. juni held Stortinget seminar i lagtingssalen, opnar utstilling i historisk sal og held jubileumsmøte i stortingssalen. På ettermiddagen inviterer regjeringa og stemmerettskomiteen til bursdagsfest og gratiskonsert på Eidsvolls plass framfor Stortinget.

Logo, Stemmerettsjubileet.

Tysdag 11. juni 2013 er det 100 år sidan Stortinget vedtok å innføra allmenn røysterett ved ei endring av § 50 i Grunnlova der det vart presisert at røysteføre norske borgarar er både «Kvinder og Mænd».

Seminar og opning av utstilling

Stortinget markerer jubileumsdagen med retorikkseminaret «Kraften i kvinners argumenter» i lagtingssalen klokka 09.15. Seminaret vil bli filma. Opptaket blir seinare tilgjengeleg på stortinget.no.

Etter seminaret vert det opning av utstillinga «Stemmeberettigede ere de norske Borgere» i historisk sal. Utstillinga kjem frametter til å vera del av temaomvisingane om røysterettsjubileet på Stortinget.

Frå 14.00 til 17.00 vert det høve til å få sjå den nye utstillinga. Det er frammøte på Eidsvolls plass der omvisarar frå Stortinget tek med seg grupper av publikum inn til historisk sal.

Jubileumsmøte i stortingssalen

Frå klokka 12.00 vert det eit jubileumsmøte i stortingssalen med talar ved stortingspresident Dag Terje Andersen, dei parlamentariske leiarane og statsminister Jens Stoltenberg. Temaet for møtet er «demokrati, likestilling og deltaking». Dette vert som andre møte i stortingssalen, overført på nett-tv.

Regjeringa og stemmerettskomiteen inviterer til bursdagsfest

Klokka 15.00–18.00 arrangerer regjeringa og stemmerettskomiteen bursdagsfest og gratiskonsert på Eidsvolls plass framfor Stortinget. Jens Stoltenberg og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen held opningstalar klokka 15.00, deretter skal presidentskapen, dei parlamentariske leiarane på Stortinget og likestillingsministeren dela ut bursdagskake til dei frammøtte.

Frå 15.30 vert det eit barneshow der konferansier Linn Skåber og Fantorangen mellom anna skal intervjua Gro Harlem Brundtland, Bushra Ishaq og Marit Bjørgen. Resten av skijentene kjem òg.


Klokka 16.30 kjem det eit historisk festopptog frå Rådhuset til Eidsvolls plass, der det etterpå vert konsert med Sisi & Nosizwe, Mari Boine og Bigbang fram til klokka 18.00.


Same dagen er det jubileumsarrangement mange andre stader i landet òg. For meir informasjon, sjå http://stemmerettsjubileet.no.

Sist oppdatert: 08.03.2021 15:22
: