Maritime CleanTech bidreg til industrialisering av grøn maritim teknologi
Maritime CleanTech er ein offentleg-privat samarbeidsarena på tvers av over 150 partnarar i den maritime verdikjeda som arbeider aktivt for å utvikla grøn grøn skipsfart og energiomstilling. Me legg vekt på kvalifisering og demonstrasjon av teknologiar, oppbygging av nye verdikjeder, samt kommersialisering og eksport av grøne løysingar. I desse fasane koplar me små og store aktørar på tvers av maritim sektor, for eksempel i grøne utviklingsprosjekt eller skaleringsprogram.
Den norske maritime klynga er svært godt posisjonert for industriell og eksportretta vekst
Den norske maritime klynga er blant verdas mest komplette og er heilt i verdstoppen når det gjeld maritim klimateknologi. Kvart fjerde fartøy i den norske flåten er låg- eller nullutslepp, noko som er best i verda. Maritim sektor står allereie for 8 prosent av den totale norske verdiskapinga, og har ein eksport på om lag 22 mrd. dollar [HT1] i året. Her aukar andelen klimateknologi år for år. Den gode posisjonen innan klimateknologi skyldes først og fremst at me har kome langt på batterielektrifisering. Men dette er kun ei begrensa løysing for skipsfarten som heilhet, og Norge har tøff konkurranse om teknologieigarskap og marknadsandelar knytta til alternative drivstoff som vil være dei mest omfattande løysningane innan maritim klimateknologi.
Den norske maritime klynga er også langt framme på digitale og autonome løysingar som kan optimalisera energibruken i flåten. Næringa er derfor blant dei best posisjonerte til å auka verdiskaping og eksport for å vere ein grøn omstillingsmotor i norsk økonomi når produksjon, aktivitet og eksport frå petroleumssektoren er venta å falla i åra framover.
Det globale marknadspotensialet for maritim klimateknologi er gigantisk
Med dei nye klimareguleringane som for få veker sidan er førstegangsvedteke i IMO kjem det frå 2027 ei global prising av utslepp frå internasjonal skipsfart. Dette kjem på toppen av europeisk regulering med skipsfarten i EUs kvotesystem og FuelEU Maritime. Samla kjem dette til å skape ei kraftig auke i etterspurnaden etter klimateknologi i skipsfarten om berre få år.
Verdsmarknaden for skipstenester er utruleg stor – om lag 550 milliardar USD i 2021. Storleiken på skipsmarknadene er avgjerande for vår maritime industri (verfta, utstyrsprodusentar og tenesteleverandørar) sine marknadsutsikter. Heile verdsflåten må oppgraderast mot nullutsleppsdrift i dei komande tiåra. Marknaden vil bli enormt viktig, og norske konkurransefordelar vil kunne byggast på Noreg si leiande rolle i utviklinga og implementeringa av grøne løysingar for skip.
Me treng ein aktiv og heilskapleg industripolitikk for maritim klimateknologi
For at Noreg skal kunne auke produksjonen og utviklinga av maritim klimateknologi som skal danne grunnlaget for industrivekst og auka eksportinntekter, er det nødvendig med ein aktiv politikk som dyttar fram teknologi og marknadsutvikling.
Dette handlar først og fremst ikkje om subsidiar, men om å stilla teknologinøytrale og tilpassa klimakrav til ulike segment og setta ei tilstrekkeleg høg pris på utslepp.
Offentlege innkjøp spelar ei nøkkelrolle for å skape ein heimemarknad for bruk av klimateknologiar. Framover vil det lysast ut anbod på ei rekke krevjande ferje- og hurtigbåtstrekningar i regi av stat og fylkeskommunar. Kystrutas neste kontraktsperiode frå 2031 skal også snart ut på anbod. Og Stortinget har nettopp vedtatt ei historisk satsing på sjøforsvaret der det skal byggast 28 standardfartøy, fem fregattar og ei rekke ubåtar. Å etterspørje låg- og nullutsleppsteknologi i desse anboda er svært viktig tiltak for å stimulere grøn industriutvikling innan både maritim sektor og energisektor.
Ulike formar for marknadsrisiko bler av reiarane peika på som den største risikoen for å investera i klimateknologi. I Rederiforbundets nyaste konjukturrapport bler det oppgitt at manglande infrastruktur på land, tilgjengelegheit og pris på grøne drivstoff som dei største barrierane. Mens for dei aktørane som skal produsera, distribuera, lagra og tilby bunkringstjenester bler det oppgitt at usikkerheit knyta til betalingsvillig marknad som største barriere.
Løysinga på denne gordiske knuten – eller høna og egget – er at myndigheitene stillar klimakrav til dei ulike segmentene. For tida arbeidar regjeringa med å utforme klimakrav for offshore-fartøy. Dette er den største shippingmarknaden i Noreg i dag, og er god egna for alternative drivstoff. Eit klimakrav vil kunne redusere marknadsrisiko for produsentar av alternative drivstoff betydeleg, og sikre investeringsbeslutningar som omstiller norsk industri og sikrar maritim konkurransekraft for framtida.
Det same gjeld for havbruksfartøy og cruisebåtar i turistfjordane. Samla vil dette kunne skapa ein solid heimemarknad, som posisjonerer den norske maritime industrien for å ta ein stor del av den globale marknaden framover.
For å skapa føreseielege vilkår for produsentar og sluttbrukarar anbefaler Maritime CleanTech anten ei ordning med differansekontraktar eller ei negativ CO2-avgift [HT4] for bruk av utsleppsfrie drivstoff. Desse verkemidla bør kombinerast med ei føreseieleg vidare opptrapping av CO2-avgifta til 3400 kroner per tonn i 2035.
Alternativt anbefaler me at Noreg set av nasjonale midlar til bruk av EUs hydrogenbank si ordning med auksjon som ei teneste («auction-as-a-service»). Då vil me kunne bruke saksbehandlinga til EU til å støtte opp dei norske hydrogenprosjekta som ikkje når opp i den spissa konkurransen i hydrogenbankens ordinære auksjon på europeisk nivå. Dette handlingsrommet er mogleg for Noreg å bruka.
Noreg har store moglegheiter innan hydrogenøkonomien
Regjeringa skriv i meldinga at det er stor usikkerheit knytt til kva segment hydrogen vil spela ei rolle i, og kor store volum som vil bli etterspurd. Regjeringa påpeiker at fornybart hydrogen er kraftkrevjande og inneberer eit betydeleg energitap. Regjeringa er tvilande til Norges rolle som produsent av hydrogen.
Maritim sektor vil utvilsamt etterspørre store volum av hydrogen og hydrogenderivater som ammoniakk. Etterspurnaden er riktig nok forsinka. Men det er knyta til at politiske lovnader og vedtak om klimakrav og differansekontrakter har blitt utsatt, nedjustert eller avlyst.
Sjølv om mange hydrogenprosjekt har blitt lagt på hylla, er det per i dag tatt investeringsbeslutning for fornybare hydrogenprosjekt i Norge med samlet kapasitet på 14 600 tonn hydrogen per år fra 2027. Fleire av prosjekta har fått Enova-støtte. Dette er er store nok volum til å drifte minst 40 hydrogenfartøy. I dag er det rundt 20 norske hydrogenfartøy i pipeline.
Når det kjem til ammoniakk, er det tre fornybar ammoniakkprosjekt på vestlandet (Sauda, Holmaneset og Skipavika) som til saman kan produsere ca 550 000 tonn ammoniakk i året frå 2030. To av prosjekta har fått støtte frå EUs Innovasjonsfond. Volumet er meir enn tilstrekkeleg til forventa behov for ammoniakk i maritim sektor i 2030.
Norge er og blant dei mest konkurransedyktige innan hydrogen. THEMA Consultings analyser forventar at Norge er billigast i Europa innan 2040. Norge har nest flest prosjekt bydd i EUs førre hydrogenauksjon, og hadde i snitt dei fjerde lågaste boda.
Mange hydrogenprosjekt har blitt lagt på hylla, men nokre kritiske prosjekt står igjen. Det er avgjerande for Noregs framtidige konkurransekraft at desse prosjekta fattar investeringsbeslutning.
Bruk av nasjonale innovasjonssenter i grøn industriomstilling
For å lukkast med grøn omstilling i norsk industri må ein utnytta krafta frå dei nasjonale og industridrivne innovasjonsmiljøa som allereie gir resultat. Etablerte offentleg-private verktøy, som Maritime CleanTech, bør nyttast aktivt for å realisera nasjonale mål innan utsleppskutt, eksport og industriutvikling.
I oppfølginga og realiseringa av grønt industriløft er for eksempel grøn skipsfart ei norsk hovudsatsing. Eit eksempel er korleis Maritime CleanTech i dei siste 15 åra har bygd opp eit sterkt innovasjonsmiljø som fungerer som ein katalysator for grøn maritim omstilling i Europa. Gjennom arbeidet er det mellom anna henta betydelege EU-midlar til norsk industriinnovasjon for å demonstrera og skalera industriløysingar som reduserer utsleppa og styrkar eksport. Her er også verdsleiande testinfrastruktur påkopla gjennom katapultordninga, som blir tilgjengeleggjort for små og mellomstore bedrifter.
Gjennom tett samarbeid med industri, forsking og forvalting fjernar slike modne innovasjonsmiljø barrierar for industrien i omstillinga. Dette gir stor gjennomføringskraft og tillit, også internasjonalt. Slike nasjonale innovasjonssenter bør også spela ei nøkkelrolle i å kople sivil og forsvarsretta utvikling, der grøn industriutvikling og tilhøyrande infrastruktur også kan nyttast for å styrka forsvar og strategisk autonomi.
Det er avgjerande å vidareutvikle og styrke desse innovasjonsmiljøa som fungerer – dei er allereie etablerte, og sentrale motorar for ei berekraftig, sikker og eksportretta norsk industriomstilling.
I inudstrimeldinga er det ikkje tydeleggjort korleis ein bør bruka desse miljøa. Ei modne klynger-satsing kan og bør koplast på som verktøy for oppfølging og realisering av strategiske satsingar i grøne industriløft.