Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok følgjande uttale om lokalisering av GIEK/Eksportkreditt (sak U-8/21) i møtet 25.01.2021:
Uttale om lokalisering av GIEK/Eksportkreditt
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner hovudkontoret for GIEK/Eksportkreditt må leggjast til Ålesund.
Møre og Romsdal fylkeskommune støttar samanslåinga av dei to statlege finansieringsinstitusjonane Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt. Dette vil kunne auke effektiviteten og gjere det enklare for bedriftene. Men for at nye GIEK/Eksportkreditt skal lykkast, er det avgjerande med nært kjennskap til dei industrielle verdiskapande miljøa, kompetansen, relevante problemstillingar og behov.
Næringslivet i Møre og Romsdal er den suverent største brukaren av tenestene til både GIEK og Eksportkreditt.
Møre og Romsdal har det mest eksportintensive næringslivet i landet. Eksportinntekter per sysselsett (eks. petroleum) er meir enn det doble av landsgjennomsnittet. Samla eksport frå Møre og Romsdal i 2019 var 80 mrd. kroner. Eksportinntektene i Møre og Romsdal har auka med 50 prosent frå 2012 til 2019, medan utviklinga i landet samla var tilnærma flat.
Norge sin eksportdel har gått jamt ned over tid, og Norge er det landet i OECD som har tapt størst marknadsdelar. Det er avgjerande for Norge å løfte eksporten framover. Norge har store ambisjonar som leiande havnasjon, og potensialet for vekst i eksport er stort i havnæringane.
Å vere nær kundane er ikkje berre viktig for å sørve deira behov for støtte. Det er også viktig for GIEK/Eksportkreditt å vere i jamleg dialog med bedrifter, kunnskapsmiljø og andre finansinstitusjonar som til saman utgjer støttesystemet for eksportbedriftene som Norge er avhengige av. Møre og Romsdal har ei verdsleiande havklynge med sterke bedrifter innanfor maritim og marin næring, komplettert med gode og relevante utdannings- og forskingsmiljø.
Fylkeskommunen viser til at to regjeringsoppnemnde utval, Distriktsnæringsutvalet NOU 2020:12 og Demografiutvalet NOU 2020:15, på fagleg grunnlag har framheva at det vil vere ein styrke for statlege tilsyn, etatar og direktorat å vere lokalisert saman med sterke næringsmiljø i ulike delar av landet. Av erfaring gir dette vekst også i anna forretningsmessig tenesteyting. Det er viktig å snu sentraliseringa av kompetansearbeidsplassar.
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner regjeringa må lytte til næringslivet, og støttar kravet frå næringane i Møre og Romsdal om lokalisering av GIEK/Eksportkreditt i Ålesund. Etableringa må ha tilstrekkeleg kompetanse og storleik til å kunne betene det eksportretta næringslivet fullt ut, og styrke og mynde til å kunne ta gode vurderingar og sjølvstendige avgjerder innanfor relevante næringar.»