Høyringsinnspel frå Den norske Forfatterforening til Kunstnarkår
Om Den norske Forfatterforening
Den norske Forfatterforening (DnF) organiserer forfattarar av skjønnlitterære bøker for vaksne. Foreningen blei grunnlagt i 1893, og har 760 medlemer.
Den norske Forfatterforening (DnF) er takknemleg for regjeringa sitt arbeid med Kunstnarkår, og ambisjonane for å betre lappeteppeøkonomien til kunstnarar og sjølvstendig næringsdrivande. Samtidig er det med stor uro vi les nokre av forslaga i Kunstnarkår. Dette høyringsinnspelet frå DnF er difor like mykje ei bekymringsmelding. Vi meiner regjeringa med Kunstnarkår går langt i å eksperimentere og øydeleggje ei vellukka norsk litteraturpolitikk, som nyleg fekk fram ein nobelprisvinnar i litteratur.
Norske skjønnlitterære forfattarar skriv litteratur i verdsklasse. Det er Jon Fosse synleg bevis på med Nobelprisen i litteratur. Som forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, sa i Dagsavisen: «Fosse skrev i 40 år før dette skjedde, og hadde ikke vært der han er uten det norske litterære systemet».
Norge er eit lite språkområde, med ein liten bokmarknad, kor særs få forfattarar kan leve av boksalet aleine. Vi er difor heilt avhengige av det litterære systemet, som baserer seg på statleg finansiert kunstpolitikk. Statens kunstnarstipend har kvalitet som eit heilt grunnleggjande prinsipp. No fryktar vi at dette står i fare, noko som skapar stor uro i det norske forfattarmiljøet.
Vi fryktar at forslaga i Kunstnarkår vil:
- endre den velfungerande litteraturpolitikken vi har i dag, der kunstnarisk kvalitet skal liggje til grunn for tildeling av kunstnarstipend
- gi ein meir marknadsstyrt litteraturpolitikk, som vi føre til mindre mangfald og kvalitet og breidde blant bøkene
- gå utover prinsippet om armlengds avstand i stipendtildelingar
- auke byråkratiseringa i staten
Til kapittel 4.5.3 Vurdering av forvaltninga av kunstnarstipenda
I dette kapittelet føresler stortingsmeldinga at departementet set i gong eit arbeid med å overføre sekretariatsfunksjonen i stipendkomitea til Kulturdirektoratet.
Argumentene som blir nytta er blant anna: 1) Forvaltninga av kunstnarstipenda er ikkje tilstrekkeleg etterprøvbar og transparent, og systemet er ikkje fleksibelt nok til å følgje utviklinga på kunstfeltet. 2) Kunstnarorganisasjonane har ulike føresetnader for å vareta sitt ansvar. 3) Fleire av kunstnarorganisasjonane nyttar dei same stipendkomiteane til å dele ut andre stipend organisasjonane sjølv forvaltar. 4) Kulturdirektoratet har ikkje innsyn i korleis organisasjonane disponerer midlane dei mottar for å honorere medlemane i stipendkomiteane.
DnF anerkjenner og er heilt samd i desse argumenta er viktige. Men DnF er ein av kunstnarorganisasjonane kor stipendforvaltninga fungerer godt og kan difor kvittere ut alle desse problemstillingane. Til punkt 3 kan vi nemne at det er ein styrke at same stipendkomite deler ut både til vederlagsfondet og Statens kunstnerstipend, då ein nyttar same forvaltningsprinsipp ved utdeling av begge stipenda.
Overordna meiner DnF at ei overføring av sekretariatsfunksjonen til Kulturdirektoratet i større grad vil utfordre prinsippet om armlengds avstand, og står i kontrast til det vi les i kapittel 4.1 Armlengds avstand om at regjeringa ynskjer å sikre dette prinsippet ytterlegare. Flyttinga vil også gjere avstanden større frå kunstnaren og til sekretariatet som forvaltar stipendet. Kunstnarorganisasjonane vil miste viktig dialog mellom kunstnar og sekretariat, som gjer det vanskeleg for kunstnarorganisasjonane å fange opp endringar og behov som skjer i feltet over tid, stikk i strid ynskjet i punkt 1. Flyttinga av 23 sekretariat frå kunstnarorganisasjonane vil også føre til unødvendig byråkratisering. DnF handterer aleine nærmare 800 søknader til kunstnarstipend og har allereie ressursar til å handtere denne sekretariatsfunksjonen. Det er lite effektiviserande og økonomisk å skulle erstatte dette med fleire byråkratar. Vi fryktar også det vil gå på akkord med den viktige rettleiinga, som krev god feltkompetansen.
DnF føresler difor at regjeringa i staden finn ei mellomløysing, der sekretariatfunksjonen blir verande hos kunstnarorganisasjonar som ynskjer det og der dette fungerer godt, slik som hos DnF. For å sikre at stipendforvaltninga er i tråd med regjeringa sitt ynskje, anbefaler vi at det blir inngått ein forvaltningsavtale mellom desse kunstnarorganisasjonane og Kulturdepartementet.
Til kapittel 4.5.4 Stipendkomiteane
I dette kapittelet tar stortingsmeldinga til orde for å endre oppnemningsretten til stipendkomiteen som forvaltar Statens kunstnarstipend. Som argument blir det peikt på: at ein må vere medlem i ein kunstnarorganisasjon for å kunne stemme fram kandidatar til stipendkomiteane.
DnF har kriterier for medlemskap som legg vekt på kvalitet. I tillegg til å vere eit profesjonsforbund og ein interesseorganisasjon, er DnF ein kunstnarorganisasjon. Det blir stilt både handverksmessige og kunstnariske krav ved medlemsopptak, slik som i andre kunstnarorganisasjonar. Som forvaltar av kollektive vederlag, er DnF forplikta til å arbeide for heile forfattargruppa, uansett medlemskap. Det er viktig å påpeike at ikkje-medlemar også er valbare til stipendkomiteen. Rundt halvparten av alle spørsmål til foreninga om bistand kjem frå ikkje-medlemar.
Måten statlege stipend for skjønnlitteratur blir delt ut på i Norge er unik og annleis enn innanfor dei andre kunstargruppene. For å vurdere ein forfattarskap, må ein lese alle bøkene til denne forfattaren. Stipendkomiteen til DnF, som også blir kalla for Det litterære råd, les alle skjønnlitterære bøker som kjem ut i Norge. For det tar tid å skrive bøker. Difor tar det tid å lese bøker. Men ved å lese alle bøkene som blir utgitt, har Det litterære råd ein unik kompetanse på kva forfattarskap som fortener statlege stipend utifrå kvalitet. Denne måten å vurdere kvalitet på kan forsvinne ved å endre på stipendkomiteen. Viss Det litterære råd forsvinn, forsvinn også ein av grunnsteinane i det norske litterære systemet, som gjer at ukjende og smale kvalitetsforfattarskap kan bli oversett. Kven skal oppdage den nye Jon Fosse, viss ein ikkje les og vurderer alle bøkene som kjem ut i Norge?
DnF fryktar for at kvalitetskriteriet blir svekka ved å endre på oppnemningsretten. Forfatterforbundet legg ikkje vekt på kvalitet hos sine medlemar. Forfatterforbundet har også i sitt høyringsinnspel til kunstnermeldinga, datert 28.06.2022, lagt vekt på at det er viktig at marknaden i større grad skal styre etterspurnad og tilbod:
«Bredde og mangfold må ikke alene bestemmes av etablerte premissgivere og utøvere, men må i større grad styres av dem tilbudet er rettet mot. Disse må gis plass som premissgivere. Kulturfeltet må bli bedre til å møte målgruppenes behov og la disse være med på å styre.»
DnF meiner at kunstpolitikk handlar om det motsette. At statleg finansiert kunst skal sikre at det blir mogleg å skape kunst som ikkje er etterspurt i marknaden, men som held høg kvalitet. Slik forfattarskapen til Jon Fosse var i starten.
Forfatterforbundet skriv også i det same høyringsinnspelet:
«Vi mener det er riktig at stipendmidler skal fordeles på flest mulig og brukes til å gi støtte til forfattere som kan dokumentere at stipendtildeling vil bidra til å skape ny litteratur.»
DnF meiner at stipendmidlar skal gå til forfattarskap som held høg kvalitet, og trur det vil vere øydeleggjande for framveksten av forfattarar som skriv litteratur av høg kvalitet viss dette forslaget om å endre oppnemningsretten vil bety at stipendmidlane blir meir jamt fordelt.
DnF kjem difor med eit forslag som kan bevare måten skjønnlitterære forfattarskap og bøker blir vurdert på i dag, samstundes som Forfatterforbundet kan få oppnemningsrett:
Stipendkomiteen for vaksen skjønnlitteratur består som i dag med dei same prinsippane for kvalitetsvurdering. Forfatterforbundet får rett til å oppnemne to medlemar som supplerer Stipendkomiteen for vaksen skjønnlitteratur
Beste helsing
Brynjulf Jung Tjønn
Leiar for Den norske Forfatterforening