Høringsinnspill fra Sigerdriva (nordisk nettverk for tverrfaglig forsking på kjønn og kjønnspolitikk)

Høring: Endringer i straffeloven (konverteringsterapi)
Innspillsdato: 25.09.2023

Høyringsfråsegn til forslag om lovforbod mot konverteringsterapi frå Sigerdriva, Nordisk nettverk for tverrfagleg forsking på kjønn

Sigerdriva takkar for høvet til å gje høyringssvar. Sigerdriva er eit nordisk nettverk for kritisk tverrfaglig forsking på kjønn og kjønnspolitikk. 

Samanfatta innspel

Sigerdriva ønsker velkomen eit lovforslag med intensjon om å hindra konverteringsterapi retta mot personar med homofil, lesbisk eller bifil legning (orientering). Ved å inkludera det uavklara uttrykket «kjønnsidentitet» og blanda det saman med kjønn, vurderer vi Regjeringas lovforslag som å vera i direkte strid med denne intensjonen. Lovforslaget heng såleis ikkje i saman, men kan faktisk lesast som eit lovpåbod om slike konverteringspraksisar Regjeringa ynskjer å forhindra, idet forslaget gjer det straffbart å motarbeida internalisert homofobi.  

Bakgrunn, omgrepsdefinisjonar og grunngjeving

Sigerdriva vurderer at lovforslaget ber preg av ein grunnleggande mangel på konsise og fagleg forankra definisjonar. Sentrale omgrep som «kjønn» er til dømes ikkje definert, og «kjønnsidentitet» som ein storleik frakopla den biologisk kjønna kroppen, manglar kunnskapsgrunnlag. 

Lovforslaget viser ikkje til forsking som definerer kva «kjønnsidentitet» er, men til Bufdir og andre lover som baserer seg på aktivistars terminologi, og gjennom sirkelargumentasjon og pseudovitskaplege termar som «cis». Der er inkje kunnskapsgrunnlag for å hevda at menneske si inndeling i to kjønn er følgt av bestemte, indre disposisjonar og identifikasjonar som gjeld for kjønn som gruppe på tvers av tid og rom (kjønnsessensialisme) og uavhengig av kulturelle/sosiale konstruksjonar. Kjønn er biologisk mekanisme for reproduksjon, binært og uavhengig av kjønnsstereotypar. Idear om indre kjønnsidentitetar fråkopla den biologisk kjønna kroppen, er derimot basert på at kjønnsstereotypar blir opphøgde til noko meir enn kulturelle konstruksjonar som varierer i tid og rom. 

Kjønnsdysfori («kjønnsinkongruens») er eit reelt fenomen som har krav på forståing og behandling. I staden for behandling har norske lovgjevarar i fleire nyare lover gjort førestillingar om ein kjønnsidentitet fråkopla den kjønna kroppen til norm. Lov om endring av juridisk kjønn er eit døme på dette. Lova la daudt det lenge uttalte målet i norsk politikk at kvinner og menn, jenter og gutar, skal få utfalda seg uavhengig av kjønnsroller. Med ei forståing av kjønn som kjensle, som ser bort frå materielle og biologiske realitetar for kjønn, opphevar ein også det juridiske rettsgrunnlaget og -vernet for likekjønna kjærleik. Kjønn er framleis ein viktig variabel i mykje av norsk lovverk, der dei som forholder seg til det kjønnet dei faktisk er, også har krav på vern og fridom frå diskriminering, ikkje minst kvinner, som har særskilt diskrimineringsvern som kjønn. Juristane Halvorsen og Robberstad (2022) viser at Lov om juridisk kjønn gjorde forholdet mellom kvinners og transidentifiserande menns rettsvern uavklart.

Det aktuelle lovutakstet er i strid med seg sjølv fordi det blandar saman to inkompatible kjønnsforståingar – kjønn som biologi og kjønn som kjensle – i ein og same lovforslagstekst. Det er viktig for Sigerdriva å peika på at lover ikkje kan baserast på ideologi og pseudovitskap, men må ha ein solid kunnskapsbasis. Påstandar om indre, kjønna, essensielle «identitetar» som så blir likestilte med biologiske realitetar, som seksuell legning, er ikkje kunnskapsbasert, sjølv om ein har gjort same språklege og røyndsfornektande krumspring elles i verda (jmf gjennomgangen av andre lands lovverk). Korleis samfunnet skal skapa trygge og ikkje-diskriminerande rammer for at menneske fritt skal kunna tru at dei er det andre kjønnet, eller «inkjekjønn» («ikkje-binær»), er eit stort spørsmål.

Omgrepet «kjønnsidentitet» og barn og unge med kjønnsinkongruens

Det ligg sannsynlegvis gode intensjonar om inkludering bak å skulla stadfesta barn i ei kjensle av å vera det motsette kjønnet av fødselskjønnet sitt eller ikkje noko kjønn i det heile. Ein kan argumentera for at dette er strategiar som bidreg til å lindra plager hos barn som opplever alvorleg ubehag med den kjønna kroppen sin. Likevel kan dei gode intensjonane i dette tilfellet vera å førebu vegen til eit langt liv med kjønnsdysfori, og fysiske konsekvensar av tunge medisinske inngrep. Den første som ope stod fram med at ho angra forsøket sitt på å skifta kjønn i Skandinavia, Emilie Köhler, fortel om korleis ho levde heile livet som «gutejente», og at kjønnsdysforien først oppstod då ho vart presentert for ideen om at sex var ein subjektiv, medfødd storleik som sit i hovudet. Først då denne forstillinga byrja å verka, tenkte ho at ho faktisk kunne vera ein mann (Köhler, 2023), og ho opplevde sterkare og sterkare dysfori jo meir ho aksepterte denne framsyninga.
Köhler si oppleving får støtte i forsking. All forsking tyder på at sosial transisjon, eller stadfesting av kjensle av å vera noko anna enn fødselskjønnet, er assosiert med vedvarande kjønnsdysfori (Hembree et al., 2017; SEGM, 2021; Steensma et al., 2013; Olson et al., 2022). Det å stadfesta førestillinga til barnet om å vera fødd i feil kropp kan altså innebera ei form for psykologisk intervensjon med potensielle varige effektar (Zucker, 2020) og opnar slik moglegheita for iatrogenese og for risikoen ved framtidige medisinske og kirurgiske behandlingar utan at gunstige psykiske helseeffektar er tilstrekkeleg dokumentert (Morandini et al., 2023). 
 
Medan dei helsefremjande resultata av medisinsk kjønnsimiterande behandling hos barn og unge er ukjende, er fleire negative effektar vanlege. Til dømes fører pubertetsblokkere etterfølgd av krysskjønnshormon ofte til infertilitet og sterilitet (Cass, 2022, s. 62; Laidlaw et al., 2019). Operasjonar for å fjerna bryst eller kjønnsorgan er irreversible. Andre helserisikoar, inkludert risikoar for beinskjørheit og hjarte- og karsjukdommar, er ikkje fullt ut forstått og er usikre, men nye studiar er alarmerande (Alzahrani et al., 2019; Biggs, 2021; Levine et al., 2022, s. 713–714 ). Prosedyren rundt medisinsk behandling av kjønnsdysfori er i endring etter at ei rekkje land, inkludert Noreg, har avdekt alvorleg mangel på evidens for at kjønnsidentitetsbekreftande behandling gir betre helse i eit langt perspektiv (Levine et al., 2022; Ukom, 2023). Når me veit at ein høg prosentdel av barn med kjønnsdysfori er på det autistiske spekteret, lid av komorbiditet og/eller har atypiske sexuttrykk (Cass, 2022; Socialstyrelsen, 2020; Vandenbussche, 2022); og at angrare knyter saman oppleving av kjønnsdysfori med indre kvinnehat og homofobi (Köhler & Lundberg, 2021; Schevig, 2023), er det å påleggja omgivnadene å stadfesta «transidentitet» hos barn som ein normal variasjon av identitetsutvikling potensielt svært skadeleg.

Det førestillinga om ein medfødd kjønnsidentitet ser ut til å ignorera er at eit misforhold mellom oppleving av kjønnsidentitet og den kjønna kroppen kan forklarast på same måte som me gjer greie for identitetsutvikling generelt: som ein pågåande prosess mellom ein persons erverva kart av verda og deira eigen plass i han – av kva som tel som kvinneleg eller mannleg – og korleis dei personleg kjenner seg heime i det, eller ikkje gjer det. Gitt tilgjengeleg evidens, verkar dette meir sannsynleg. Når barn seier at dei "kjenner" kjønnsidentiteten sin eller har "oppdaga" han, eller at kjønnsidentiteten deira er deira "verkelege" sjølv, er det høgst usannsynleg det er fordi dei på ein eller annan måte fekk privilegert tilgang til medfødd indre "hjernefakta" om dei sjølv. Det er sannsynleg at det er smale og utdaterte sexroller som gjer at barn kjenner seg fanga og ukomfortable i kjønnet sitt og at omgrepet «kjønnsidentitet» som dissosiert frå den kjønna kroppen er noko dei har høyrt eller lese om. Kvinner og menn som angrar på å ha prøvd å «byta kjønn», rapporterer både om kvinnehat og homofobi som indre drivkraft til den opphavlege trongen deira til å leva som det motsette kjønn (Köhler & Lundberg, 2021; Schevig, 2023). Emilie Köhler fortel at då ho innsåg at konseptet om eit indre kjønn identitet var ei løgn, letna dysforien; ho forstod at ho ikkje trong å kjenna seg som ei kvinne, det var nok å vera ei kvinne (Köhler, 2023).
 

Kamilla Aslaksen PhD. Førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet.
Anne Kalvig PhD. Religionsforskar.

 

Litteratur:

Alzahrani, T., Nguyen, T., Ryan, A., Dwairy, A., McCaffrey, J., Yunus, R., Forgione, J., Krepp, J., Nagy, C., Mazhari, R., & Reiner, J. (2019). Cardiovascular Disease Risk Factors and Myocardial Infarction in the Transgender Population. Circulation. Cardiovascular Quality and Outcomes, 12(4), e005597. https://doi.org/10.1161/CIRCOUTCOMES.119.005597

Biggs, M. (2021). Revisiting the effect of GnRH analogue treatment on bone mineral density in young adolescents with gender dysphoria. Journal of Pediatric Endocrinology and Metabolism, 34(7), 937–939. https://doi.org/10.1515/jpem-2021-0180

Cantor, James M. (2019): Transgender and Gender Diverse Children and Adolescents: Fact-Checking of AAP Policy, Journal of Sex & Marital Therapy, DOI: 10.1080/0092623X.2019.1698481. 

Cass, Hilary (2022): The Cass Review. Independent review of gender identity services for children and young people: Interim report https://cass.independent-review.uk/publications/interim-report/ 

Hembree, W. C., Cohen-Kettenis, P. T., Gooren, L., Hannema, S. E., Meyer, W. J., Murad, M. H., Rosenthal, S. M., Safer, J. D., Tangpricha, V., & T’Sjoen, G. G. (2017). Endocrine Treatment of Gender-Dysphoric/Gender-Incongruent Persons: An Endocrine Society Clinical Practice Guideline. Endocrine Practice, 102(11), 3869–3903. https://doi

Köhler, E. (2023, September 16). Vad kan vi lära av detransitionerades erfarenheter? Speech held in Kvinneaktivistenes Lørdagsverksted, Oslo.

Köhler, E., & Lundberg, A. (2021, May 6). Kön och könsidentitet är olika saker. https://open.spotify.com/episode/6JjmMBsZjpbK4H1LWLB0my

Laidlaw, M. K., Van Meter, Q. L., Hruz, P. W., Van Mol, A., & Malone, W. J. (2019). Letter to the Editor: “Endocrine Treatment of Gender-Dysphoric/Gender-Incongruent Persons: An Endocrine Society Clinical Practice Guideline”. The Journal of Clinical Endocrinology and Metabolism, 104(3), 686–687. https://doi.org/10.1210/jc.2018-01925

Levine, S. B., Abbruzzese, E., & Mason, J. W. (2022). Reconsidering Informed Consent for Trans-Identified Children, Adolescents, and Young Adults. Journal of Sex & Marital Therapy, 48 (7), 706–727. https://doi.org/10.1080/0092623X.2022.2046221

Littman, Lisa (2018): Rapid-onset gender dysphoria in adolescents and young adults: A study of parental reports. PloS One, 13(8), e0202330-. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0202330

Morandini, J. S., Kelly, A., de Graaf, N. M., Malouf, P., Guerin, E., Dar-Nimrod, I., & Carmichael, P. (2023). Is Social Gender Transition Associated with Mental Health Status in Children and Adolescents with Gender Dysphoria? Archives of Sexual Behavior, 52(3), 1045–1060. https://doi.org/10.1007/s10508-023-02588-5

Olson, K. R., Durwood, L., Horton, R., Gallagher, N. M., & Devor, A. (2022). Gender Identity 5 Years After Social Transition. Pediatrics, 150(2), e2021056082. https://doi.org/10.1542/peds.2021-056082

Robberstad, Anne, & Halvorsen, Marit (2022): Menn i damegarderoben? Lov og Rett, 61(3), 170–192. https://doi.org/10.18261/lor.61.3.4 

SEGM. (2021). The NHS Ends the «Gender-Affirmative Care Model» for Youth in England. Society for Evidence-Based Gender Medicine. https://segm.org/England-ends-gender-affirming-care

Singh, Devita et al (2021): A Follow-Up Study of Boys With Gender Identity Disorder, Front. Psychiatry, 29 March 2021, https://doi.org/10.3389/fpsyt.2021.632784.

Socialstyrelsen (2022): Stöd, utredning och hormonbehandling vid könsinkongruens hos barn och ungdomar. www.socialstyrelsen.se, februari 2022

Steensma, T. D., McGuire, J. K., Kreukels, B. P. C., Beekman, A. J., & Cohen-Kettenis, P. T. (2013). Factors Associated With Desistence and Persistence of Childhood Gender Dysphoria: A Quantitative Follow-Up Study. Journal of the American Academy of Child & Adolescent Psychiatry, 52(6), 582–590. https://doi.org/10.1016/j.jaac.2013.03.016

Ukom. (2023). Pasientsikkerhet for barn og unge med kjønnsinkongruens. Ukom. https://ukom.no/rapporter/pasientsikkerhet-for-barn-og-unge-med-kjonnsinkongruens/sammendrag

Zucker, K. J. (2020). Debate: Different strokes for different folks. Child and Adolescent Mental Health, 25(1), 36–37. https://doi.org/10.1111/camh.12330