Plenum i Europaparlamentet
Kommisjonspresident Ursula von der Leyens årstale prega Europaparlamentet septembermøte i Strasbourg. Ho overraska mange ved å ta til orde for tiltak mot Israel og la elles vekt på ein del satsingar som samsvarar med prioriteringane til partigruppene i sentrum. Medan dette vart sett på som eit forsøk på å betre samarbeidsklimaet mellom sentrumsgruppene, var det klart i debatten at klimaet ikkje er det beste. Gruppene som støtta von der Leyen i 2024, meiner sentrum høgre-gruppa EPP ignorerer deira prioriteringar. Parlamentet hadde eigne debattar om mellom anna handelsavtalen med USA, situasjonen på Gaza og Ukrainas EU-medlemskap – tema som også var dekka i årstalen og debatten om denne.
Europaparlamentets septembermøte i Strasbourg 8. – 11. september var prega av Ursula von der Leyens årstale. Den timelange talen vart avbroten både av applaus og avskyrop frå parlamentarikarane. Ho lanserte og relanserte mange initiativ knytt til konkurranseevne, forsvar og sikkerheit, sosial rettferd og livskvalitet, demokrati, verdiar og EU som global aktør. Ho starta talen med å teikne eit dystert bilete av eit Europa som nå kjemper på mange frontar for fred, fridom, sjølvstende og europeiske verdiar. Les heile talen og sjå oversikt over varsla initiativ på Kommisjonens heimeside. Les også pressemeldinga frå Europaparlamentet om talen og reaksjonane frå dei politiske gruppene.
Få trudde von der Leyen ville kome med ny politikk knytt til Israel. Det overraska derfor at ho varsla ein langt tøffare tone mot Israel. Ho sa EU vil sette den bilaterale støtta til Israel på pause og stanse utbetalingar, med unnatak av støtte til sivilsamfunn og Holocostminnesmerket Yad Vashem. Kommisjonen vil foreslå sanksjonar mot ekstreme ministrar og valdelege busetjarar og ein del delvis suspensjon av handelsavtalen med Israel. EU vil også opprette ei gjevarlandsgruppe for Palestina i samarbeid med regionale partnarar og med fokus på gjenoppbygging av Gaza. Mange av dei varsla tiltaka vil det truleg vere vanskeleg å få vedteke i Rådet, men von der Leyen sa Kommisjonen vil gjennomføre det den kan. Ho gjentok at Hamas er ein terrororganisasjon og at gisla må bli sett fri, men sa det uansett er uakseptabelt at Israel bruker svolt som våpen og undergrev tostatsløysinga. Det var ein eigen debatt om situasjonen i Gaza tysdag og vedtok ein resolusjon torsdag som mellom anna tek til orde for bistand til Gaza og frigjeving av gisla. I debatten vart høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, skulda av venstregruppene for å gjere for lite. Ho sa med eit stort hjartesukk at slik EU er organisert, kan ikkje ho gjere meir enn det medlemslanda vil. De må derfor kritisere eigne regjeringar og ikkje meg, sa ho.
Von der Leyen sa både presset mot Russland og støtta til Ukraina må aukast. Ho tok mellom til orde for ei ordning der avkastninga av fryste russiske middel kan lånast av Ukraina. Ukraina skal i sin tur berre skal betale tilbake når Russland byrjar å betale for krigsskadane.
Ein ukrainsk gut som hadde vorte bortført til Donetsk som 11-åring, var gjest i salen saman med bestemora som hadde klart å hente han heim. Alle bortførde barn må få kome heim, sa kommisjonspresidenten. Parlamentet debatterte Ukrainas EU-kandidatur i ein debatt tysdag. Eit fleirtal ynskjer å opne forhandlingane om kapitla om dei grunnleggjande kriteria for medlemskap. Også Kommisjonen sa landet fyller vilkåra for å starte forhandlingar om dette, og oppmoda Rådet om å opne for dette. Så langt har Ungarn blokkert for eit slikt vedtak. Moldovas president talte elles til plenumsmøtet tysdag. Ho understreka kor avgjerande valet i landet 28. september er og viste til den massive russiske påverkinga og hybride krigføringa mot landet. Om Russland lykkast vil Moldova bli ein trussel mot Europa.
Von der Leyen sa vidare i årstalen at europeisk forsvar må styrkast ytterlegare og varsla mellom anna eit europeisk forsvarssemester og eit vegkart for forsvarsberedskap. Von der Leyen viste til Readiness 2030-planen, som skal mobilisere opptil €800 milliardar i forsvarsinvesteringar, og til SAFE-initiativet som 19 medlemsland ynskjer å delta i. Ho framheva også støtte til overvaking gjennom ei «Eastern Flank Watch». På neste møte i Det europeiske råd vil Kommisjonen derfor leggje fram ein plan for å få nye, felles forsvarsprosjekt i gang. EU også sikre yttergrensene – det er vi og ikkje menneskesmuglarar som skal bestemme kven som kan komme inn i EU, sa ho.
Europeisk konkurransekraft fekk mykje merksemd. Kommisjonspresidenten viste til den amerikanske tollauken og den inngåtte avtalen som er inngått i sommar. Ho bad Europaparlamentet støtte avtalen og sa den er viktig for europeiske arbeidsplassar og eksport. Samstundes sa ho det er EU som bestemmer miljø- og digitale standardar.
Vi har sett at når vi er avhengige av andre, kan det bli brukt mot oss. Derfor vil vi investere massivt i digital og rein teknologi, sa von der Leyen. Ho peikte spesielt på framlegga om eit konkurranseevnefond og dobling av forskingsprogrammet Horisont Europa i neste budsjettperiode. Både Draghi-rapporten og Letta-rapporten har peikt på at det stadig er mange hindringar i den indre markanden. Von der Leyen varsla i sin tale eit vegkart for å styrke den indre marknaden og tok til orde for å fjerne hindringar for fri utveksling av varer og tenester som ho sa svarar til 45 prosent intern toll på varer og 100 prosent på tenester. Spesielt er det viktig å fjerne hindringar knytt til energi, telekommunikasjon og kapital. Ho varsla mellom anna ein nettverkspakke for å fjerne flaskehalsar for energioverføring og sikre raskare godkjenningsprosessar.
Kommisjonen har hatt såkalla strategiske dialogar med viktige sektorar, inkludert bil, stål, kjemi, legemiddel, forsvar og landbruk. Bodskapet frå desse har vore tydeleg: For å sikre europeiske arbeidsplassar må det bli enklare å drive næringsverksemd i Europa. Ho varsla derfor fleire forenklingstiltak i tillegg til dei som alt er lagt fram. Parlamentet gav elles denne veka samtykke til forenklingar av CBAM-ordninga.
For innovative selskap førebur Kommisjonen eit såkalla 28. reguleringsregimé. Den vil også prioritere arbeidet spare- og investeringsunion. Kommisjonen vil samarbeide med investorar om eit europeisk oppskaleringsfond på fleire milliardar euro. Dette skal fremje investeringar i nye selskap som veks raskt. Kommisjonen ynskjer å leggje til rette for fri rørsle for forsking, kunnskap og innovasjon, også omtalt som den femte fridommen.
Von der Leyen sa europeiske selskap som fremjar rein teknologi også framover må finne det attraktivt å være basert i Europa. Planen for rein industri («Clean Industrial Deal») har peikt på hindringar for dette. Det er nå på tide å gjennomføre tiltaka, sa kommisjonspresidenten. Kommisjonen vil mellom anna lansere ei pakke på 1,8 milliardar euro som skal auke batteriproduksjonen i Europa. Den vil også kom med eit framlegg som skal bidra til å akselerere utviklinga av viktige strategiske sektorar og teknologiar.
Kommisjonspresidenten sa generelt lite om klima og miljø i årstalen, men understreka at EU skal styre mot dei måla som er sett. Ho la vekt på at grøn omstilling også er sentralt for det geopolitiske sjølvstende fordi EU blir mindre avhengig av energiimport. Sirkulærøkonomi gjer også EU meir autonomt.
EU må også utvikle partnarskap med andre land. Det er derfor avtalene med Mercosur og Mexico er viktige og det er derfor det er viktig å ferdigstille forhandlingar med mellom anna India.
Handelskommissær Maroš Šefčovič deltok onsdag ei ein eigen debatt om avtalen med USA. Han gjentok argumenta frå årstalen og sa ein avtale var betre enn handelskrig og at EU har ein betre avtale enn andre. EU har ikkje kompromissa på våre vedia, sa han. Den gjev også grunnlag for positiv samhandling med USA framover.
Viktige delar av talen var mynta på gruppene i sentrum. Det omfatta mellom anna varsla tiltak for å takle levekostnader, bustadmangel og fattigdom. Ho varsla også tiltak for å klimatilpassing og for å sikre levevilkåra til europeiske bønder, inkludert ein kjøp europeisk-kampanje. Parlamentet vedtok denne veka sin posisjon knytt til den framtidige landbrukspolitikken.
Von der Leyen la vekt på behovet for å styrke europeiske verdiar, frie media og europeisk demokrati. Mellom anna varsla ho ein strategi mot korrupsjon og eit program for berekraftige media. Ho understreka at Europa treng meir kapasitet til å oppdage informasjonsmanipulasjon og desinformasjon. Derfor treng vi det europeiske demokratiskjoldet, sa ho. Von der Leyen omtalte også sosiale media særskilt og kritiserte algoritmar med det eksplisitte formålet å skape avhengigheit hjå barn. Eit ekspertpanel skal innan utgangen av året gje Kommisjonen råd om kva som er den beste tilnærminga for regulering av dette i Europa.
Von der Leyen fekk applaus fleire gonger under talen. Den kom sjølvsagt spesielt frå hennar eiga politiske gruppe, sentrum-høgre gruppa EPP. Det kom spontan applaus frå den liberale gruppa (Renew), den grøne gruppa, sentrum venstre (S&D) og ytre venstre (The Left) til dei varsla tiltaka mot Israel. Det var knapt noko av det ho sa som vart positivt motteke av dei to ytre høgregruppene, Patriotar for Europa (PfE) og Europa av suverene nasjonar (ESN). Etter at medlemmer av desse gruppene hadde avbrote og forstyrra talene med gjentekne avskyrop, gav parlamentspresident Metsola beskjed om at dei som ropte måtte forlate salen om det gjentok seg. Den konservative gruppa (ECR) var meir delt i sine reaksjonar.
EPPs gruppeleiar, Manfred Weber, gav ikkje uventa brei støtte til von der Leyen og sa EPP nå leverer det dei lova i valkampen i fjor. Han tok til orde for ein realistisk klimapolitikk og forsvarte avtalen med USA. Han skulde ytre høgre for å være upatriotiske gjennom sin støtte til Trump og amerikanske teknologimilliardærar. Samtidig vart det lagt merke til at han skulda S&D for å splitte sentrum gjennom sin motstand mot avtalen med USA. Han valde også å trekke fram den splitta haldninga internt i S&D-familien eksemplifisert med den danske og den spanske statsministeren som står langt frå kvarandre. Ein spansk EPP-parlamentarikar trakk i sitt innlegg fram nylege avsløringar om at den spanske riksadvokaten skal ha lekka detaljar om kjærasten til ein av statsminister Pedro Sánchezs viktigaste politiske rivalar. Ho samanlikna rettsstatssituasjonen i Spania mellom anna med den i Ungarn.
Iratxe García, gruppeleiar for S&D, sa Webers utsegner om sosialdemokratane viser kvifor samarbeidsklimaet mellom sentrumsgruppene i Europaparlamentet er så dårleg. Ho var glad for ei skifte i synet på Israel, men sa det kom for seint. Samstundes nytta ho høvet til å etterlyse europeiske tiltak knytt til mellom anna bustadar og kvalitetsjobbar – tilsynelatande utan å ha lytta til von der Leyens tale på desse punkta. Ho var også kritisk til handelsavtalen med USA og sa den må endrast. Mellom anna understreka ho at amerikanske produsentar må følgje dei same standardane som europeiske.
Gruppeleiar for PfE, Jordan Bardella, var enda tydelegare i sin kritikk av avtalen med USA og andre handelsavtaler. Han sa von der Leyen var meir opptatt av tyske interesser enn franske, meir opptatt av tyske bilar enn fransk vin.
Nicola Procaccini frå ECR-gruppa la vekt på at EU må styrke verdiar, økonomi, forsvar og globale alliansar. Han støtta avtalen med USA fordi den er betre enn handelskrig, men sa på ein pressekonferanse måndag at gruppa ville fristille sine medlemmer i spørsmålet om å støtte avtalen. Det er skepsis til den og Mercosur-avtalen hjå dei polske representantane i gruppa. Det er viktig med økonomisk vekst for å kunne investere i forsvar og klima. Derfor er dei nye avgiftene som er inkludert i framlegget til EUs langtidsbudsjett er feil. Han sa EU nå derimot går i rett retning på migrasjonsområde, mellom anna i synet på trygge tredjeland.
Gruppeleiar i Renew, Valerie Hayer, sa europearar mistar tillit til eit EU som er svakt i møte med Putin, Trump, Kina eller klimaendringar. Ho sa også kranglinga mellom EPP og S&D er patetisk. Dei prodemokratiske kreftene i parlamentet må stå samla. Ho var samd i behovet for meir støtte til Ukraina, men slutta seg til rekka av dei som var kritiske til avtalen med USA. Ho oppmoda medlemslanda i Rådet om å samle seg om tiltak mot Israel.
Bas Eickhout frå Dei grøne var glad for von der Leyens signal knytt til tiltak mot Israel, men sa det er behov for meir omfattande tiltak. Han etterlyste ein meir offensiv klimapolitikk. Løysinga for Europa ikkje er å erstatte det som nå er ein relativt liten russisk import av fossil energi med omfattande import av skitten LNG frå USA slik handelsavtalen med USA legg opp til. Han sa konkurranseevne ikkje berre handlar om forenkling – Europa kan uansett ikkje vinner over USA på det området. EU må skattlegge digitale selskap. Ropinga frå ytre høgre-gruppene i salen illustrerer kvifor EPP ikkje kan samarbeide med desse gruppene, men søke fleirtal i midten.
Martin Schirdewan frå The Left, sa handelsavtalen med USA trugar tusenvis av europeiske arbeidsplassar sidan den medfører tollfri import til EU frå USA, meda EU-varer får toll inn i USA. Han etterlyste ei tøffare line mot Israel knytt til situasjonen i Gaza og sa EU held seg med ulike standarar i Ukraina og Gaza.
René Aust frå ESN sa EU sakkar akterut globalt på grunn av overregulering. Migrasjonspolitikken fører til auka vald, kriminelle gjengar, narkotika og usikre tilhøve for kvinner i Europa.
Den danske europaministeren, Marie Bjerre, sa på vegne av Rådet, at EU treng eit sterkt leiarskap og sa ho personleg var stolt over at von der Leyen er ein sterk leiar. EU treng ein klar versjon og vi må ha europeiske løysingar. Ho tok til orde for å gjennomføre tiltaka i asyl- og migrasjonspakta og ein forsterka returpolitikk. Det er viktig å halde fram arbeidet med forenkling og det nye langtidsbudsjettet må vere i samsvar med utfordringane EU står overfor.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg