Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenum i EP 26.-29. februar 2024

Talen til Julia Navalnaja fekk mykje merksemd under plenumsmøtet til Europaparlamentet 26. – 29. februar. Parlamentet ber om at EU støttar den demokratiske opposisjonen i Russland og gjer Ukraina det som trengs for å vinne over Russland. Både Parlamentet og Rådet gjorde formelt vedtak av revidert langtidsbudsjett, inkludert ein støttepakke for Ukraina. Det vart fleirtal til framlegget til naturrestaureringsforordning etter at det på førehand var spenning om dette. Parlamentet slutta seg til endringar i REMIT- og ACER-forordningane for å sikre betre vern mot manipulasjon i energimarknaden. Parlamentet vedtok sin forhandlingsposisjon for endringar i førarkortdirektivet. Det var også møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen der seks stortingsrepresentantar deltok.

Opninga av møtet
Måndag ettermiddag starta møtet med ei markering av at det er to år sidan den russiske fullskalainvasjonen i Ukrainia og deretter eit minutts stille for den svenske EU-parlamentarikaren Erik Bergkvist (S&D-gruppa) som døydde tidlegare i februar. Parlamentspresident Metsola viste også til at er 100 dagar igjen til valet til Europaparlamentet 6. – 9. juni.

Julia Navalnaja og støtte til russisk opposisjon
Julia Navalnaja, enka etter den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj, talte onsdag i plenum. Ho gav Putin og russiske styresmakter ansvaret for dødsfallet til ektemannen og sa det ikkje er mogleg å forhandle med regimet. Ho fekk ståande applaus frå ein nesten fullsett sal og innlegg frå alle dei sju politiske gruppene uttrykte støtte og sympati til Navalnaja, familien og dei som kjemper for demokrati i Russland. Det vart lagt merke til at relativt mange representantar frå ytre høgre og nokre frå ytre venstre ikkje var i salen under talen. Parlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som held Putin ansvarleg for dødsfallet til Navalnyj og som tek til orde for å auke støtta til den russiske, demokratiske opposisjonen.

Revidert langtidsbudsjett og meir støtte til Ukraina
Parlamentet gjorde tysdag formelt vedtak av det reviderte langtidsbudsjettet. Medlemslanda i Rådet gjorde sitt vedtak seinare i veka. Semja omfattar ein støttepakke til Ukraina på 50 milliardar euro i tillegg til ein plattform for investering i strategisk teknologi i Europa og meir pengar til å takle migrasjon, eksterne utfordringar og auka beredskap. Det var brei støtte til Ukraina-pakken og dei andre elementa i semja, i debatten om den. Det kom likevel kritiske røyster frå enkelte i ytre høgre- og ytre venstre-gruppene. Dei stilte spørsmål ved den militære støtta til Ukraina som dei meinte bidrar til å forlenge krigen og om Ukraina faktisk hadde bedt om slik støtte.

Parlamentet vedtok også ein resolusjon som understrekar at Ukraina må få den støtta som er nødvendig for å kunne vinne krigen. Det omfattar våpen, ammunisjon og luftvernustyr. Resolusjonen ber om at Representanthuset i USA godkjenner den militære støttepakka til Ukraina som er til behandling der. Den tek også til orde for å konfiskere fryste russiske middel og for at medlemslanda bør bruke 0,25 prosent av årleg BNP i støtte til Ukraina.

EUs utanriks- og sikkerheitspolitikk og sikkerheits- og forsvarspolitikk
Parlamentet vedtok sine to årlege rapportar om den felles utanriks- og sikkerheitspolitikken og om den felles sikkerheits- og forsvarspolitikken. EU må både fremje sine verdiar og forsvare sine interesser globalt. Parlamentet vil auke tempoet med utviding av EU samstundes som EU må reformere sitt vedtakssystem. Den militære støtta til Ukraina må vidareførast for å få ein ende på konflikten.

Samtykke til naturrestaureringsforordninga
Med 329 mot 275 røyster og 24 som avsto, gav Parlamentet 27. mars formelt samtykke til semja med Rådet om den såkalla naturrestaureringsforordninga. Forordninga som Kommisjonen har merka EØS-relevant, set krav til restaurering av skada økosystem både på land og i havet. Innan 2030 skal 20 prosent restaurerast, 60 prosent innan 2040 og 90 prosent innan 2050. Dette skal bidra til EUs klima- og miljømål, men også styrke matproduksjonen. Framlegget har møtt motstand mellom anna frå europeiske bønder og det var på førehand spenning til om semja med Rådet ville få fleirtal. Både ytre høgre-gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR) gjekk inn for å avvise heile framlegget. Dette fekk ikkje fleirtal, men medlemmer av desse gruppene samt ei nesten samla sentrum høgre-gruppe (EPP) og deler av den liberale gruppa (Renew) røysta deretter for å avvise kompromisset med Rådet. I forkant av avrøystinga har EPP og kommisjonspresident Ursula von der Leyen som er venta å bli toppkandidat for EPP til valet i juni, blitt kritisert for å ha trekt støtta til Kompromisset. Da von der Leyen annonsert at ho stiller til attval som Kommisjonspresident, understreka Leyen at ho framleis støttar det grøne og digitale skiftet. Samstundes la ho vekt på at EU må styrke konkurranseevna og at klimareglane må bli meir næringsvennlege. Medlemslanda må også formelt godkjenne forordning før den kan trå i kraft.

Kriminalisering av miljøkriminalitet og strengar reglar for eksport av avfall
Parlamentet slutta seg med stort fleirtal til å utvide lista over miljøkriminalitet til også å omfatte handel med ulovleg tømmer og øydelegging av vassressursar. Individuelle brot kan straffast med inntil ti år i fengsel, medan straffa for selskap kan utgjere opptil fem prosent av global omsetning eller 40 millionar euro. Parlamentet gav også samtykke til strengare reglar for eksport av avfall. Det vil medføre eit totalforbod mot eksport av plastikkavfall til tredjeland og at eksport av avfall frå eit EU-land til eit anna berre unntaksvis skal vere tillate. Begge regelverka må også formelt godkjennast av Rådet før dei kan trå i kraft.

Klart for forhandlingar om revidert førarkortdirektiv
Europaparlamentet vedtok sin forhandlingsposisjon til revisjonen av førarkortdirektivet. Vedtaket skjedde med 339 mot 240 røyster og 37 som avsto. Parlamentet støttar endringar i direktivet som ledd i kampen mot trafikkulykker. Mellom anna vil Parlamentet ha betre opplæring og foreslår strengare krav knytt til mellom anna alkohol og strengare straffar ved usikker køyring for sjåførar dei fyrste to åra etter at dei har fått førarkort. Parlamentet vil ikkje innføre automatisk redusert gyldigheitsperiode for førarkortet til eldre, men opnar for at medlemslanda kan erstatte eigenvurdering av helse med ein helsesjekk. Parlamentet vil at digitale førarkort skal vere ekvivalent med fysiske.

Nye reglar mot manipulasjon i energimarknaden
Parlamentet godkjende med stort fleirtal semja med Rådet om endringar i REMIT- og ACER-forordningane for å hindre manipulasjon i engrosmarknaden for energi. Reglane skal sikre meir transparens og gjere at sluttrekninga til forbrukarane blir mindre påverka av prisvariasjonar i engrosmarknaden og rolla til tilsynsorgana skal styrkast.

Meir openheit om politisk reklame
Parlamentet gav med solid fleirtal formelt samtykke til nye reglar som skal sikre meir openheit om politisk reklame. Målet er auka tillit til valkampanjar samstundes som reglane skal bidra i kampen mot desinformasjon og utanlandsk påverknad. Reglane skal styrke ytringsfridomen og sikre eit godt personvern. Det vil bli forbode med reklame betalt av tredjeland i forkant av val. Rådet må også formelt vedta forordninga før den trår i kraft.

Betre vern av journalistar og aktivistar
Parlamentet stadfesta med stort fleirtal semja med Rådet frå november om eit direktiv som skal gje journalistar, aktivistar, akademikarar og organisasjonane deira betre vern mot grunnlause søksmål som har til formål å kneble dei. Klart grunnlause søksmål skal lettare kunne avvisast og saksøkar skal i visse tilfelle kunne bli pålagt å betale estimerte kostnadar til saksøkte. Grunnlause dommar frå tredjeland skal kunne avvisast. Potensielle offer for slike grunnlause søksmål skal sikrast betre informasjon og støtte.

Uro for press mot EUs verdiar i medlemslanda
I ei vurdering av Kommisjonens årlege rettsstatsrapport uttrykker eit fleirtal på 374 mot 113 røyster og 45 som avsto, uro for utviklinga i mange EU-land. Fleirtalet meiner demokrati, rettsstat og grunnleggjande rettar er under press. Mellom anna er både sivilsamfunnet, sjølvstende til ulike myndigheiter og utsette grupper under press. Det blir framheva spesifikke eller systemiske utfordringar i Frankrike, Hellas, Malta, Slovakia, Spania og Ungarn.

Styrka samarbeid med Chile
Parlamentet gav samtykke til to avtaler mellom EU og Chile som skal styrke samarbeidet knytt til utanrikspolitikk, klimaendringar, energi og menneskerettar og liberalisere handel og investeringar. For fyrste gong i ein slik avtale er det inkludert eit særskilt kapittel om handel og likestilling og det er bindande reglar knytt til sosiale tilhøve, arbeidsvilkår og miljø. EU ynskjer mellom anna å sikre tilgang til råmateriale og rein energi gjennom samarbeidet med Chile.

Møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen
Parlamentarikarar frå Europaparlamentet, Island, Liechtenstein, Noreg og med Sveits som observatør, møttes til det halvårlege møtet i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen i Strasbourg 28. og 29. februar. Seks norske stortingsrepresentantantar deltok. På dagsorden sto mellom anna status for EØS-avtalen, framtida til den indre marknaden, kunstig intelligens, EUs mekanisme for sivil beredskap og støtta til Ukraina.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 05.03.2024 09:17
: