Plenum i Strasbourg førre veke
Europaparlamentet møttes til sitt andre plenumsmøte i oktober i Strasbourg førre veke. Sentralt var diskusjon om migrasjon og at Kommisjonen har opna for å vurdere retursenter i tredjeland. Parlamentet gav samtykke til ein lånepakke på 35 milliardar euro til Ukraina og drøfta behovet for våpenkvile i Libanon. Parlamentets Sakharov-pris vil bli tildelt opposisjonen i Venezuela og journalistprisen til eit prosjekt som har granska forsvunne migrantbarn.
Migrasjon
Migrasjon var eit sentralt tema på toppmøtet i Brussel 17. oktober. I forkant av møtet sendte kommisjonspresident Ursula von der Leyen eit brev til EUs stats og regjeringssjefar med ti punkt ho meiner EU bør prioritere i sin migrasjons- og asylpolitikk framover. Det vart spesielt lagt merke til at ho tok til orde for at EU bør arbeide med å utforme innovative måtar å møte illegal migrasjon på, inkludert utvikling av retursenter i tredjeland (jf. omtale i EU/EØS-nytt 23. oktober 2024). Onsdag diskuterte Europaparlamentarikarane migrasjon under overskrifta «handtering av migrasjon på ein effektiv og heilskapleg måte gjennom fremme av returar». Likestillingskommissær Helena Dalli som representere Europakommisjonen, var samd i behovet for ei heilskapleg tilnærming. Gjennomføring av asyl- og migrasjonspakta som er vedteke, har nå prioritet og Kommisjonen samarbeider tett med medlemsland og partnarland om dette. I tillegg til å takle illegal migrasjon er det også viktig å legge til rette for lovleg migrasjon i ein situasjon der folketalet i Europa går ned og det er mangel på arbeidskraft. Ho var samd i behovet for ein meir effektiv returpolitikk av dei som ikkje skal ha opphald i Europa. Ho varsla eit framlegg knytt til dette innan 100 dagar etter at den nye Kommisjonen tek over.
Runden kommentarar frå talspersonane i dei politiske gruppene viste at migrasjon både er eit tema som engasjerer og som splittar. Sentrum høgre (EPP) understreka behovet for å sikre kontroll med yttergrensene og felles europeiske løysingar kombinert med ein effektiv returpolitikk. EPP opna for å vurdere retursenter i tredjeland og la også vekt på behovet for tiltak for å hindre instrumentalisering av migrasjon, til dømes av Russland. Gruppa observerte at ytre høgre og ytre venstre har funne saman i motstanden mot ein felles europeisk migrasjonspolitikk. Sentrum venstre (S&D) karakteriserte von der Leyens brev som skamfullt og sa gruppa ikkje ville la det øydeleggje semja om migrasjons- og asylpakta. Det er viktig at migrasjonspolitikken respekterer grunnleggjande rettar. Framlegget om retursenter i tredjeland er uakseptabelt. Gruppa skulda også ytre høgre for å spreie løgner om og hat mot migrantar. Migrasjonspolitikken må kombinerast med bistand og andre tiltak for å fremje stabilitet og økonomisk vekst i land som migrantane kjem frå.
Ytre høgre gruppa Patriotar for Europa (PfE) sa det var eit stort misstak av Kommisjonen å presse gjennom migrasjons- og asylpakta. Den sikrar ikkje yttergrensene og manglar også tiltak knytt til opphavs- og transittland og for retur. Mange land innfører nå indre grensekontroll. Det viser at politikken ikkje fungerer og det bør opnast for at medlemslanda kan trå ut av den felles politikken. Den konservative gruppa (ECR) understreka at migrasjonen må styrast betre for å hindre illegal migrasjon og sikre retur av dei som ikkje skal få opphald. Det må leggjast til rette for integrering av dei som skal ha vern. Det er fornuftig å leggje til rette for at behovet for vern kan vurderast før migrantane kjem til Europa. Dette vil også hindre at håpefulle migrantar betalar store summar til smuglarar for å kome seg til Europa. Ytre høgre-gruppa Europa av Suverene Nasjonar (ESN) sa at når ein køyrer gjennom Brussel eller Strasbourg må ein spørje seg om ein stadig er i Europa. Vi kjenner oss ikkje lengre heime på eige kontinent, vart det sagt. Sjølv om migrasjon har endra landa i Europa, er dette ikkje ein sjukdom utan kur. Europa kan redusere innvandringa ved å stanse utlendingar på grensene og sende dei heim. Politikken må endrast nå.
Den liberale gruppa viste til at det italienske initiativet med retursenter i Albania hadde blitt stansa etter 48 timar av ein italiensk domstol og at heller ikkje den førre britiske regjeringa hadde klart å gjennomføre ambisjonen om eit senter i Rwanda. Dette viser at retursenter i tredjeland ikkje er ei løysing som funger. I tillegg er det ei svært dyr løysing. Gruppa sa det er viktig å ta utgangspunkt i migrasjons- og asylpakta som er vedteke, og at det berre er felles europeiske løysingar som vil fungere. Den grøne gruppa sa debatten om retur var prega av hard retorikk og lite gjennomføringskraft i mange land. Snarare enn å gjere framlegg om enda tøffare tiltak, bør Kommisjonen heller be medlemslanda oppfylle sine plikter etter gjeldande reglar og i samsvar med menneskerettane. Retursenter i tredjeland vil medføre at migrantar endar i limbo og løyser ikkje migrasjonsutfordringa. Ytre venstre-gruppa kritiserte Kommisjonen for einsidig fokus på retur og sa Kommisjonen i praksis tek til orde for å byggje konsentrasjonsleirar for migrantar. Retursenter i tredjeland er ikkje løysinga. Politikken må ta utgangspunkt i menneskerettane og leggje til rette for lovleg migrasjon.
På slutten av debatten viste Dalli til at migrasjon alltid har funne stad. Det er viktig å kjempe mot ulovleg migrasjon og leggje til rette for lovleg. Returdirektivet er 16 år gamalt og modent for revisjon. Kommisjonen er open for å vurdere ulike alternativ, inkludert retursenter i tredjeland. Dette må likevel skje i samsvar med grunnleggjande rettar og internasjonal rett. Europeiske løysingar er nødvendig for europeiske utfordringar.
I ei avrøysting onsdag om EU-budsjettet for 2025 la fleirtalet vekt på at EU må prioritere forsking, utdanning, helse og tiltak mot klimaendringar. Vel så mykje merksemd fekk likevel eit framlegg frå ytre høgre-gruppa (ESN) som tok til orde for at EU-pengar kan brukast til grenseinfrastruktur og retursenter i tredjeland. Framlegget fekk støtte frå dei andre ytre høgre-gruppene og sentrum høgre (EPP). ESN skreiv på X at dette viste at den såkalla brannmuren mot ytre høgre er fjerna. Både medlemmer av EPP og av sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) kritiserte EPPs støtte til eit framlegg frå ESN.
Lån til Ukraina
Parlamentet gav med stort fleirtal samtykke til at Ukraina får eit langsiktig lån på 35 milliardar euro som skal betalast attende med avkastinga av fryste russiske middel. Pengane skal utbetalast framover til utgangen av 2025. Lånet er EUs del av den støtta til Ukraina som G7-landa vart samde om i juni. Saksordførar var Karin Karlsbro (Renew, Sverige). Etter avrøystinga uttalte ho mellom anna at «the need for financial support is both immense and urgent. Russia must pay for attacking Ukrainians and brutally destroying the country’s infrastructure, cities, villages, and homes. The burden of rebuilding Ukraine will be shouldered by those responsible for its destruction, namely Russia.» Medlemslanda i Rådet har alt gjeve samtykke til lånet. Vedtaket i Parlamentet skjedde med 518 mot 56 røyster og 61 som avsto. Det var altså eit stort fleirtal som støtta å gje dette lånet, inkludert partifellane til Giorgia Meloni og Viktor Orbán. Mange av dei som røysta mot eller avsto representerer parti på ytste venstre og ytste høgre side av politikken, men også andre parti slik EUObserver kommenterer. Mellom anna avsto mange av medlemmane av det ungarske opposisjonspartiet Tisza i avrøystinga, og partileiar Peter Magyar deltok ikkje i avrøystinga.
Behovet for våpenkvile i Libanon og trygging av UNIFILs innsats
Tysdag drøfta parlamentarikarane situasjonen i Libanon med EUs krisehandteringskommissær Janez Lenarčič. Han la vekt på at UNIFIL bidreg til stabilitet og vil vere viktig også for ei våpenkvile. I debatten sa fleire at EU må auke den diplomatiske innsatsen. Det er uhøyrt med åtak på UNIFIL og at FNs generalsekretær er erklært som persona non grata i Israel. Samstundes kom det krav om at Hizbollah må avvæpnast og oppløysast. Ytre høgre la vekt på at Libanon må sikrast sjølvstende utan islamistisk kontroll. Mange frå sentrum og til venstre kritiserte Israel og sa EU burde stanse våpenleveransar og avslutte assosieringsavtalen med landet. Lenarčič sa i ein kommentar at det er kvart medlemsland som har kompetanse i spørsmål som knyter seg til militært samarbeid med tredjeland.
Pengar frå EUs globaliseringstilpassingsfond til oppsagde belgiske arbeidstakarar
Med 601 mot 47 røyster og 17 som avsto, gav Europaparlamentet 22. oktober samtykke til at EUs fond for tilpassing til globaliseringseffektar for oppsagde arbeidstakarar kan utbetale 2,7 millionar euro til Belgia. Saman med 470 000 euro frå vallonske regionstyresmakter skal dette gå til 365 tidlegare tilsette i daglegvarekjeda Match-Smatch. Midla vil i hovudsak gå til opplærings, rådgjeving og jobbsøkehjelp.
Europaparlamentets posisjon til COP29 i Baku
Miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomiteen vedtok 21. oktober sin posisjon til COP29 i Baku 11. – 22. november i år. Vedtaket skjedde med 54 mot 23 røyster. Fleirtalet i komiteen går inn for auka internasjonal klimafinansiering, utfasing av bruk av og subsidiar til fossilt brensel og å utvide internasjonal utsleppshandel. Det er lagt opp til at posisjonen skal formelt vedtakast på plenumsmøtet til Europaparlamentet 13. – 14. november.
Sakharov-prisen vil bli tildelt opposisjonen i Venezuela
Europaparlamentets pris for menneskerettar og demokrati vil i 2024 gå til opposisjonsleiaren i Venezuela, María Corina Machado og Edmundo González Urrutia som var den reelle vinnaren av presidentvalet i sommar. Prisen vil bli delt ut på ein seremoni 18. desember.
Journalistpris til prosjekt som har granska forsvunne migrantbarn
Europaparlamentets journalistpris for 2025 vart tildelt journalistar frå Belgia, Hellas, Irland, Italia, Storbritannia og Tyskland som har avdekka at over 50 000 einslege barn har forsvunne mellom 2021 og 2023 etter at dei kom som migrantar til Europa. Prisen som er oppkalla etter den maltesiske gravejournalisten Daphne Caruana Galizia som var drept i 2019, var delt ut for fjerde gong.
Kritikk av Kinas militære aktivitet i Taiwansundet
Eit relativt stort fleirtal i Europaparlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som fordømmer Kinas militærøving i Taiwansundet og gjentekne militære provokasjonar mot Taiwan. Parlamentet meiner Kina forsøker å forvrenge historia og internasjonale reglar. Fleirtalet seier at Eit Kina-politikken ligg til grunn for EUs tilhøve til Kina og understrekar at det ikkje vil vere akseptabelt om Kina tvingar Taiwan til gjenforeining.
Parlamentet og Kommisjonen samde om ny institusjonell samarbeidsavtale
Europaparlamentet og Europakommisjonen underteikna 22. oktober ei fråsegn med fellesprinsipp som samarbeidet mellom dei to institusjonane. Målet er styrka samarbeid, auka innsyn og betre dialog.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg