Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøtet til Europaparlamentet godkjente nytt kommisjonskollegium

Avrøystinga om nytt kommisjonskollegium dominerte plenumsmøtet til Europaparlamentet i Strasbourg denne veka. Kollegiet vart godkjend med 370 mot 282 røyster og 36 som avsto. Parlamentet drøfta støtta til Ukraina, energiprisar og -fattigdom og hybridtrugslar mot infrastruktur. Den internasjonale dagen for å avskaffe vald mot kvinner vart markert både med debatt og oransje lyssetting på fasaden til parlamentsbygningen. Etter ein lang periode med valkamp, val og godkjenningsprosess av den nye kommisjonen, er det nå mange europaparlamentarikarar som gjev uttrykk for at det er på tide å komme i gang med det politiske arbeidet.

Nytt kommisjonskollegium godkjent

Eit fleirtal i Europaparlamentet godtkjende onsdag det nye kommisjonskollegiet. Etter at Rådet formelt utnemnde den nye kommisjonen torsdag med skriftleg prosedyre, er det klart for at kollegiet kan ta over 1. desember. Den nye presidenten for Det europeiske råd, Antonio Costa, tar over for Charles Michel 29. november.

Ursula von der Leyen presenterte sitt kommisjonskollegium og sine prioriteringar for plenumsmøtet i Strasbourg. Etter ein lang debatt var det så klart for avrøysting der 370 (av 720) representantar støtta det nye kollegiet, medan 282 røysta mot. 36 avsto. Det betyr at berre 54 prosent av parlamentarikarane støtta kollegiet. Politico skriv at dette er den lågaste prosentvise støtta sidan Parlamentet fekk rett til å votere over kollegiet i 1993. I 2019 fekk kollegiet støtte frå 65 prosent av representantane. I juli var det elles 401 som røysta for von der Leyen som kommisjonspresident. Det var ingen av gruppene som røysta samla for von der Leyen, men både ytre høgregruppene Patriotar for Europa (PfE) og Europa av Suverene Nasjonar (ESN) og ytre venstre (The Left) røysta samla mot kollegiet, jf. side 14-15 i denne oversikta over stemmegivinga for alle representantane. I debatten før avrøystinga var det elles mange som sa at jamvel om kollegiet ikkje var ideelt, var det på tide å starte arbeidet med politiske saker i ei usikker geopolitisk verd.

Von der Leyen innleia sin tale til plenum med å framheva at kampen for fridom er noko som bind europearar saman på tvers av grenser og generasjonar. I ei usikker verd med krig i Ukraina og andre utfordringar, må vi nok ein gong kjempe for fridom og demokrati sa ho. Vi skal forme vår eiga framtid i ei usikker verd. EU må både takle dei overordna sikkerheitsutfordringane, men også dei levekårsutfordringane som mange av innbyggjarane står overfor. Von der Leyen viste til at kollegiet som ho hadde sett saman var mangfaldig på mange vis. Ho lova å arbeide med alle demokratiske krefter i Europaparlamentet og å arbeide frå sentrum. Ho lova tett samarbeid med Europaparlamentet og sa ho hadde bedt dei påtroppande kommissærane prioritere deltaking i plenum og komitear. Med utgangspunkt i ulike prioriteringar introduserte ho deretter alle dei 26 kandidatane til kollegiet. Ho viste mellom anna til Draghi-rapporten og sa Kommisjonen raskt vil legge fram eit konkurranseevnekompass. Det vil vere viktig å tette innovasjonsgapet til USA, fremje vidare avkarbonisering og auke konkurransekraft og å fremje sikkerheit og redusert avhengigheit av andre land. Den grøne given ligg fast, men samstundes må det tas meir omsyn til næringslivet mellom anna gjennom forenkling og den varsla «Clean Industrial Deal». Europa skal ha ei meir aktiv rolle globalt. Ho varsla auka fokus på investeringar og sa dagens EU-budsjett er for komplekst og bør prioritere tydelegare. Den sosiale profilen må styrkast og ho understreka at både landbruks- og regionalpolitikken er viktig.

I debatten etterpå var det ikkje uventa von der Leyens eiga gruppa, sentrum høgre (EPP), som gav den mest vilkårslause støtta til det nye kollegiet. Gruppa la vekt på at det nye kollegiet kan byggje vidare på gode resultat frå von der Leyen 1-kollegiet som har takla ei rad utfordringar knytt til mellom anna pandemi, migrasjon, brexit og behovet for klimatiltak på ein god måte. Gruppeleiar Manfred Weber takka sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) for samarbeidsplattforma dei tre gruppene har underteikna. Weber sa i ein pressekonferanse tysdag at han også meiner det er mogleg å samarbeide konstruktivt med deler av den konservative gruppa (ECR) og med den grøne gruppa. I debatten gjentok spanske EPP-medlemmer kritikken mot Teresa Ribera som dei meiner har ansvar for effektane av flaumen i Valencia. Dette var ein kritikk desse også fremja i høyringane av henne. Dei spanske EPP-medlemmane røysta mot å godkjenne kollegiet.

S&D la vekt på atdet nå er viktig å vise ansvar, godkjenne kollegiet og dermed kunne arbeide med dei mange utfordringane EU står overfor. S&D sa EPP må respektere samarbeidsavtalen som er inngått og at det vil vere uakseptabelt om EPP framover dannar fleirtal både til høgre og venstre. Det er viktig at EU bidrar til å løyse utfordringane vanlege folk møter og mellom anna sikrar anstendig lønn og tilgang til bustadar.

Ytre høgre-gruppa PfE meinte Kommisjonen er udemokratisk sidan den er sett saman av ukjende folk som ikkje er folkevalde. Kommisjonen forbyr bensinmotorar, overregulerer landbruket, gjennomfører ein vitlaus grøn politikk og legg Europas suverenitet i hendene på andre. EU er den sjuke mannen i verdsøkonomien og ligg etter India, Kina og USA.

Den konservative gruppa (ECR) var splitta i synet på kollegiet. Italienske medlemmer av gruppa røysta for kollegiet og dermed partifellen Rafaello Fitto. Desse medlemmene la vekt på at kvart land må få velje sin kommissærkandidat fritt og gav ros til von der Leyen for å ha stått i mot presset frå venstresida om å gje Fitto ein mindre viktig posisjon. Polske ECR-medlemmar røysta mot kollegiet. Desse kritiserte mellom anna den grøne given for å ha svekka konkurranseevna og sa det er galskap når det nå blir varsla meir av same politikk framover. Det er ikkje akseptabelt med ein politikk som fører til auka prisar for energi, bustadar, bilar og mat. Desse var også kritiske både til migrasjonspolitikken og sa ein handelsavtale med Mercosur vil drepe europeisk landbruk.

Renew er nå den femte største gruppa i Europaparlamentet, men vil ha fem av 27 kommissærar. Gruppa la vekt på den vil utgjere ei viktig kraft i det nye kollegiet. Med Trump, Putin og andre utfordringar er det nå viktig å få på plass eit nytt kollegium. Samstundes kritiserte gruppa godkjenningsprosessen i Europaparlamentet der nasjonale spørsmål har fått forsinka godkjenninga. Det er derfor nødvendig å gå gjennom heile høyringsprosessen. Også denne gruppa åtvara EPP mot å danne fleirtal med antidemokratiske krefter på ytre høgre.

Den grøne gruppa la vekt på at geopolitiske utfordringar og klimautfordringar gjer det nødvendig å få på plass det nye kollegiet nå. Det er viktig å byggje ein pro-europeisk majoritet i Parlamentet og det var samla sett eit knapt fleirtal for kollegiet i gruppa. Det kom likevel kritikk frå fleire i denne gruppa mot at Fitto får ein sentral plass i kollegiet. Det vart vist til at Melonis regjering nasjonalt har gått til åtak på rettane til lesbiske mødrer og kritisert journalistar og dommarar som gjer jobben sin. Dette er ikkje akseptabelt.

Ytre venstre-gruppa (The Left) sa det nye kollegiet hadde kryssa alle progressive raude liner, ikkje minst ved at italienske Fitto får ein sentral plass. Han var karakterisert som både fascist og korrupt av gruppa. Gruppa varsla den samla ville røyste mot kollegiet.

Også ytre høgre gruppa ESN røysta mot og sa folk i Europa vemmast over hestehandelen og dobbeltmoralen i dei europeiske institusjonane. Jamvel om von der Leyen ville vinne avrøystinga om kollegiet, meinte gruppa ho ville tape alt anna framover. Gruppa sa von der Leyen ikkje arbeider for interessene til europearar og hevda EU innkvarterer migrantar på luksushotell. Den meinte også Kommisjonen ved å halde attende overføringar, brukar pengar som utpressingsmiddel. Gruppa samanlikna Kommisjonens politikk med Stalins framferd og sa Kommisjonen er den mest korrupte organisasjonen i Europa.

Hybride trugsmål og TikToks rolle i det rumenske valet

Med bakgrunn i at to undersjøiske kablar i Austersjøen nyleg vart skada og øydelagt, debatterte plenumsmøtet onsdag hybride trugslar. Europakommisjonen var representert med likestillingskommissær Helena Dalli. Ho sa sikkerheit og motstandskraft for kritisk infrastruktur er viktig for heile EU og EU-landa må stå saman i kampen mot hybride trugsmål. Dette er ikkje minst viktig i ein situasjon der Russland har gått til krig mot eit naboland og Kina er meir aktivt globalt. Dalli viser til at EU har vedteke viktige direktiv knytt til motstandskraft i kritiske infrastruktur og til cybersikkerheit og at medlemslanda nå må prioritere å gjennomføre desse. Kommisjonen har også vedteke fleire tilrådingar som medlemslanda må følje opp. Styrka beredskap, stresstesting og betre koordinering er sentralt. Tilrådingane i Niinistö-rapporten må følgjast opp og ho sa EU vil samarbeide med G7-landa og Nato i kampen mot hybride trugslar.

Debatten vart prega av mange innlegg frå representantar frå austersjølanda, ikkje minst Finland. Det var stor grad av semje om at hybride trugsmål må tas på alvor og mange sa at Russland driv hybrid krigføring i Europa allereie. Det vart mellom anna teke til orde for ytterlegare sanksjonar mot landet og lagt vekt på at EU må handle bestemt og samla. Ytre høgre-gruppa PfE deltok ikkje i debatten. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) meinte det er EU-landas regjeringar som utgjer den viktigast trugselen, mellom anna gjennom utbygginga av Northstream 2-røyrledinga. Medlemmer av denne gruppa skulda dei andre gruppene for å fremje hat mot Russland og Kina fordi dei utan faktagrunnlag skulda desse landa for det som hadde skjedd i Austersjøen. Slike konspirasjonar mot desse landa dekker over rolla til USA i Europa vart det hevda.

Etter det overraskande resultatet i den fyrste omgangen i presidentvalet i Romania, er det fleire som har hevda at utanlandske krefter påverka resultatet. I samband med valet dukka det opp tusenvis av konti med uklar tilknyting på sosiale media, ikkje minst på TikTok. På sin pressekonferanse tysdag tok den liberale gruppa (Renew) til orde for at TikTok-sjefen må møte i Parlamentet for å garantere at plattforma ikkje bryt reglane i forordninga om digitale tenester. Det rumenske rådet for audiovisuelle tenester har bedt EU granske TikToks rolle i samband med valet.

Stigande energiprisar og kamp mot energifattigdom

Avtroppande energikommissær Kadri Simson deltok onsdag i ein debatt om energiprisar og kampen mot energifattigdom i Europa. Ho la vekt på at det er gjennomført ei rekkje tiltak dei siste åra som etter kvart vil føre til lågare prisar. Dette omfattar at EU har redusert importen av energi frå Russland, reformert både energimarknaden og gassmarknaden og stimulert til utbygginga av meir fornybar energi. Ikkje alle endringane gjev full effekt ennå og på kort sikt er det stadig slik at energiprisane er høgare i EU enn i USA mellom anna pga. høge gassprisar. Likevel er prisane langt under det høge nivået for nokre år sidan og EU er godt budd for den kommande vinteren. Det er viktig at marknaden fungerer og å byggje ut grensekryssande kapasitet. På kort sikt må det prioriterast ulike tiltak for å verne og hjelpe sårbare innbyggjarar slik også Europaparlamentet har lagt vekt på.

I debatten var mange samde i vurderingane til Simson og det vart vist til at EU stadig er for avhengig av import av fossile energi. Høge prisar skuldast også skattar og avgifter og nasjonale styresmakter kan senke desse for å hjelpe sårbare grupper. Ytre høgre (PfE) hevda på si side at dei høge prisane først og fremst skuldast ein tankelaus grøn politikk og sanksjonane mot Russland.

Støtte til Ukraina og det militære samarbeidet mellom Russland og Nord-Korea

Europaparlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som tek til orde for auka militær støtte til Ukraina. Nord-Koreas involvering i krigen og Russlands testing av nye ballistiske missil i Ukraina markerer ein ny fase i krigen. Resolusjonen ber Kina stanse all militær og fleirbruksassistanse til Russland og ber om ytterlegare sanksjonar mot økonomisk viktige sektorar i Russland. Resolusjonen vart vedteke med 390 mot 135 røyster og 52 som avsto.

I debatten tysdag viste europaminister János Bóka som representerte det ungarske EU-formannskapet, til at fullskalakrigen i Ukraina nå har vara i over 1000 dagar og sa EU vil intensivere støtta, inkludert støtte for å sikre landets energiforsyning. EU må også støtte både ukrainske flyktningar i EU og ukrainarane som er i heimlandet. Ved å ta i mot nordkoreanske soldatar har Russland internasjonalisert krigen. Det er nødvendig med ytterlegare sanksjonar ikkje berre mot Russland, men også mot Iran, Kviterussland og Nord-Korea.

Justiskommissær Didier Reynders sa EU og medlemslanda må fortsette å bruke alle tilgjengelege verktøy for å støtte Ukraina. Landet må få sikkerheitsgarantiar, settast i stand til å kunne forsvare seg også framover og det må leggast til rette for EU-medlemskap. Han viste til dei ulike finansieringsmekanismane som er vedteke og den militære støtta EU har gjeve. Det er viktig å auke produksjonskapasitet for våpen og ammunisjon, både fordi Ukraina treng det, men også fordi EUs medlemsland treng dette.

I debatten var det framleis brei støtte til Ukraina frå partigruppene i sentrum. Sentrum høgre (EPP) la vekt på at både sabotasje mot undersjøiske kablar og at dei set inn nordkoreanske soldatar viser at Russland er svekka. Sentrum venstre (S&D) la vekta på at det amerikanske valet ikkje påverkar kva EU må gjere, nemleg styrke innsatsen. Det er for stor skilnad mellom kva Kommisjonen seier og kva EUs hovudstader faktisk gjev i støtte. EU må sikre at Ukraina har det dei treng. Nato-medlemskap må ligge på bordet saman med sikkerheitsgarantiar for landet.

Ytre høgre (PfE) sa fred må stå i fokus. President Biden dyttar EU mot eskalering. Dette er ikkje det folk ynskjer. Det trengs ei meir modig tilnærming og EU må være ærlege om situasjonen. Den konservative gruppa (ECR) sa på si side at EU ikkje må vere naive og chamberlainske overfor Russland. Ukraina må få all våpenhjelp dei treng, sanksjonane må skjerpast, frosne russiske middel må stilast til råvelde for Ukraina og Ukraina må sikrast EU-medlemskap.

Den liberale gruppa (Renew) la vekt på at spenninga har auka både i Europa og på den koreanske halvøya på grunn av at nordkoreanske soldatar nå deltek i krigen. Gruppa la vekt på at Ukraina må få meir våpen utan restriksjonar og gjekk inn for skjerping av det internasjonale sanksjonsregimet mot Russland og dei landa som støttar Russland. Ukraina må få sikkerheitsgarantiar, inkludert Nato-medlemskap. Også den grøne gruppa sa Ukraina må få støtte så lenge det er nødvendig. Gruppa viste til at det skjer grove menneskerettsbrot i dei okkuperte områda i Ukraina. Med å sende soldatar til krigen kryssar Nord-Korea ei raud line som Putin sjølv har sett.

Ytre venstre sa situasjonen ikkje må få utvikle seg til ein tredje verdskrig. Meiningsmålingar viser at folket i Ukraina vil ha fred og EUs politikk bidrar ikkje til dette. Også ytre høgre-gruppa ESN åtvara mot ein tredje verdskrig og meinte EU nå er talerøyr for våpenindustri, Nato og krigshissarar. Trump vann valet i USA. Dette vil medføre at Ukraina snart får mindre våpen. Gruppa hevda at Zelenskyj nå helst vil forhandle og sa ei fredsløysing vil måtte medføre at Ukraina gjev opp territorium.

Situasjonen i Midt-Austen

Plenumsmøtet drøfta situasjonen i Gaza og Libanon tysdag. Overskrifta på debatten var «Fortsatt eskalering i Midt-Austen: den humanitære krisa i Gaza og på Vestbredden, UNRWA’s avgjerande rolle i regionen, behovet for å frigje alle gislar og Den Internasjonale Straffedomstolens (ICCs) nylege arrestordrar». Den vart vedteke som eit kompromiss ved opninga av plenumsmøtet og illustrerer både kompleksiteten i situasjonen og den ulike vektlegginga til gruppene i Parlamentet.

Europaminister János Bóka som representerte det ungarske EU-formannskapet, sa EU er uroa for den kontinuerlege eskaleringa og bad om våpenkvile både i Gaza og i Libanon. Hamas må straks sette fri gisla i Gaza og alle partar må følgje internasjonal rett. Naudhjelp må komme inn i Gaza. Kommissær for samhøyrigheit og reform, Elisa Ferreira, representerte Kommisjonen og sa i sitt innlegg ho mangla ord for å skildre situasjonen. Ho uttrykte uro for vedtaket i Knesset mot UNRWA. Det er ikkje akseptabelt at naudhjelp blir hindra av Israel eller plyndra etter at den har kome inn i Gaza.

I debatten var det stor avstand mellom gruppene. Hovudinnlegget til sentrum høgre (EPP) sa alle israelske gislar må frigjerast, at Hamas står bak krigsbrotverk og at det ikkje blir fred i regionen før alle landa der anerkjenner Israels rett til å eksistere. S&D la vekt på at Israel har rett til å forsvare seg, men at dette må skje i samsvar med internasjonal rett. Berre ei tostatsløysing kan sikre fred.

Ytre høgre (PfE) kritiserte ICC for å sette Hamas og Netanyahu i same bås. ICC bør i staden rette fokuset mot Iran. Gruppa la også vekt på Israels rett til å forsvare seg. Den konservative gruppa (ECR) var uroleg for den humanitære situasjonen, men meinte at UNWRA ikkje er den einaste organisasjonen som kan gje naudhjelp. Gruppa la også vekt på at gisla ikkje må bli gløymt. Den sa EU ikkje blindt kan følgje ICC og må sjekke om grunnlaget for arrestordren av Netanyahu er korrekt. Den liberale gruppa meinte på si side at ICC ikkje kan ignorerast. Denne gruppa sa det er for lite naudhjelp som slepp inn i Gaza og at det ikkje er noko alternativ til UNWRA. Både den grøne gruppa og ytre venstre (The Left) la vekt på at internasjonal rett er klar. Den grøne gruppa sa det er fare for folkemord i Gaza på grunn av svolt og øydeleggingane der. The Left tok til orde for sanksjoner mot Israel. Den minste ytre høgre-gruppa, ESN, deltok ikkje i debatten.

Markering av den internasjonale dagen for å avskaffe vald mot kvinner

Plenumsmøtet markerte den internasjonale dagen for å avskaffe vald mot kvinner 25. november mellom anna ved oransje lyssetting av hovudbygget til Europaparlamentet i Strasbourg måndag kveld. Ved opninga av møtet framheva parlamentspresident Metsola at Europaparlamentet har vedteke viktig lovgjeving som er sentral for å hindre vald mot kvinner, inkludert kriminalisering av fleire former for fysiske overgrep og nettovergrep. Samstundes sa ho lovgjeving bør skjerpast ytterlegare for å styrke vernet av kvinner og straffeforfølge overgriparar. Det var også ein debatt om kampen mot overgrep mot kvinner måndag kveld.

Budsjettet for 2025 vedteke

Etter ei forhandlingssemje 16. november med medlemslanda i Rådet, vedtok Europaparlamentet tysdag EUs 2025-budsjett. Parlamentert la vekt på at det har fått gjennomslag for ein auke på 230 millionar euro til program retta mot å betre folks liv, styrking av konkurranseevna og til å takle aktuelle utfordringar. 2025-budsjettet er samla 6 prosent høgare enn årets budsjett.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 29.11.2024 11:09
: