Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Nytt Europaparlament konstituert i Strasbourg – von der Leyen attvald som kommisjonspresident

Det nyvalde Europaparlamentet vart konstituert i Strasbourg 16. – 19. juli. Parlamentet har nå åtte politiske grupper – ei meir enn i førre periode. Roberta Metsola vart attvald som president og det vart vald 14 visepresidentar. Komiteane heldt konstituerande møte i Brussel 22. – 25. juli, medan delegasjonane ikkje vil bli konstituert før i september. Parlamentet gav i juli eit relativt solid tillitsvotum til Ursula von der Leyen som dermed vil leie Europakommisjonen også dei neste fem åra. Dei fleste medlemslanda har nå nominert sine kandidatar til kommissærar. Høyringane i Europaparlamentet av kandidatane vil tidlegast starte i slutten av september.

Samansetning og grupper
Etter valet i juni er det 720 medlemmer av Europaparlamentet (MEP). 54 prosent av parlamentarikarane er nye og kvinneandelen på 39 prosent er om lag 1 prosentpoeng lågare enn i førre periode. Medlemmane har ein gjennomsnittsalder på 50 år.

Det er åtte politiske grupper (medlemstal per 27. august) i det nyvalde parlamentet:

  • Sentrum høgre-gruppa (European People’s Party – EPP) – 188 medlemmer
  • Sentrum venstre-gruppa (Progressive Alliance of Socialists and Democrats – S&D) – 135 medlemmer
  • Ytre høgre-gruppa (Patriots for Europe – PfE) – 84 medlemmer
  • Den konservative gruppa (European Conservatives and Reformist – ECR) – 78 medlemmer
  • Den liberale gruppa (Renew Europe – Renew) – 77 medlemmer
  • Den grøne gruppa (Greens/European Free Alliance) – 53 medlemmer
  • Ytre venstre-gruppa (The Left group – GUE/NGL) – 46 medlemmer
  • Ytste høgre-gruppa (Europe of Sovereign Nations – ESN) – 25 medlemmer

Det er to nye grupper på ytre høgre. PfE er i stor grad ei vidareføring av den tidlegare gruppa Identitet og Demokrati og er altså den tredje største gruppa med 84 medlemmer. 30 medlemmer frå franske Nasjonal Samling er den største fraksjonen i gruppa som også har medlemmer frå mellom anna Fidesz (Ungarn), Lega (Italia), Vox (Spania), Chega (Portugal), Fridomspartiet (Austerrike), Fridomspartiet (Nederland) og Dansk Folkeparti. ESN med 25 medlemmer, er den minste gruppa og har 14 MEP frå tyske Alternativ for Tyskland som største enkeltfraksjon. Både italienske Italias brør og det polske Lov- og rettferdspartiet held fram som medlemmer av ECR-gruppa. Femstjernerørsla frå Italia som ikkje tidlegare har vore med i noko gruppe, er nå med i ytre venstre-gruppa (The Left). 32 MEP står utanfor dei politiske gruppene. Les også dette notatet frå Svensk europapolitisk institutt om Europa etter valet.

Val av president og visepresidentar
Det var lite spenning i juli til om Roberta Metsola ville bli gjenvald som president for Europaparlamentet for dei neste to og eit halv åra. GUE/NGL stilte rett nok med den tidlegare spanske likestillingsministeren Irene Montero som motkandidat, men ho vart ikkje oppfatta som ein reell utfordrar. Montero fekk da også berre 61 røyster, medan Metsola fekk 562 av 623 godkjende røyster. Støtta til Metsola var dermed enda breiare enn venta. Metsola lova å arbeide for å bringe folk saman og for eit parlament prega av gjensidig respekt og open debatt. I tillegg til mellom anna forsvar, sikkerheit, konkurranseevne, den indre marknaden, klima og miljø, trakk ho også fram støtta til Ukraina som viktig. I tidlegare periodar har EPP og S&D delt presidentvervet mellom seg med to og eit halvt år til kvar gruppe. Det er ikkje sagt kven som skal ta over vervet etter Metsola i 2027, men ut i frå storleiken på fraksjonane i S&D er det mest sannsynleg med ein italiensk eller spansk parlamentspresident frå 2027.

På plenumsmøtet vart det også vald 14 visepresidentar og fem såkalla kvestorar. Kvestorane har ansvar for spørsmål knytt til økonomi og administrasjon direkte knytt til medlemmane av Parlamentet. Ut i frå storleiken, skulle i utgangspunktet PfE hatt to visepresidentar. ESN stilte også med ein kandidat. Ingen av kandidatane frå desse to gruppene fekk nok røyster til å bli vald. Blant visepresidentane er det ein nordisk, Christel Schaldemose (S&D, Danmark).

Samansetning av komitear og delegasjonar
Dei 24 faste komiteane i Europaparlamentet konstituerte seg 23. juli etter at fordelinga av representantar mellom komiteane vart annonsert på plenumsmøtet veka før. Sjå Europaparlamentets heimeside for ei samla oversikt over kven som er med i dei ulike komiteane. Dei fleste av dei 24 komiteane har vald 1 leiar og 4 nestleiarar. Kandidatar frå dei PfE og ESN fekk ikkje nok støtte frå resten av Parlamentet til å bli valde. Medlemmer av den konservative gruppa (ECR), fekk fleire komitéverv.

Det er 39 prosent kvinner i det nyvalde Parlamentet, men kvinner er valde til berre 30 prosent av leiarverva i komiteane, jf. også omtale i EUObserver 24. juli. Sjølv om det i utgangspunktet er semje mellom dei fleste av partigruppene om ein kjønnsbalanse, nådde dei altså ikkje dette målet.

Dei 24 komiteane omfattar 20 lovgjevande komitear, og fire underkomitear, inkludert ein underkomité for sikkerheits- og forsvarspolitikk (SEDE). Kommisjonspresident Ursula von der Leyen har varsla at det blir ein eigen forsvarskommissær i det nye kommisjonskollegiet. Det vil truleg føre til vidare diskusjon i Europaparlamentet om ikkje SEDE bør bli oppgradert til ein ordinær, lovgjevande komité slik ikkje minst den liberale gruppa (Renew) har teke til orde for.

Som i førre periode er det berre ein nordisk komitéleiar. I denne perioden er det nyvalde Li Andersson (GUE/NGL) frå Finland og ho skal leie arbeids- og sosialkomiteen. I denne komiteen er også svenske Johan Danielsson (S&D) fyrste nestleiar. Det er også 5 andre svenske og 2 danske nestleiarar i komiteane. Den svenske Europaportalen skreiv at Sverige er det landet med flest nestleiarverv i høve til talet på representantar. Dei andre nordiske nestleiarane er:

  • Karin Karlsbro, (Renew, Sverige), tredje nestleiar i utanrikshandelskomiteen
  • Charlie Weimers (ECR, Sverige), andre nestleiar i borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen
  • Isabella Lövin (Dei grøne, Sverige), fyrste nestleiar i utviklingskomiteen
  • Abir Al-Sahlani (Renew, Sverige), tredje nestleiar i utviklingskomiteen
  • Jessica Polfjärd (EPP, Sverige), fjerde nestleiar i fiskerikomiteen
  • Kira Marie Peter-Hansen (Dei grøne, Danmark), fyrste nestleiar i underkomiteen for skatt
  • Stine Bosse (Renew, Danmark), andre nestleiar i underkomiteen for helse

Europaparlamentet har også ei rekkje delegasjonar, inkludert delegasjonen med ansvar for EØS, Island, Noreg og Sveits. Fordelinga av medlemmer mellom delegasjonane vil bli annonsert på plenumsmøtet 16. – 19. september i Strasbourg ifølge utkastet til dagsorden for denne sesjonen.

Val av kommisjonspresident
Ursula von der Leyen måtte sikre seg minst halvparten av røystene i Europaparlamentet for å få ein ny periode som kommisjonspresident. I 2019 var det berre eit fleirtal på 9 som støtta henne. Sjølv om EPP saman med S&D og Renew har meir enn halvdelen av mandata, var det klart at ikkje alle i desse gruppene ville støtte henne. Ho var derfor avhengig av røyster frå Den grøne gruppa og/ eller ECR for å få fleirtal. I avrøystinga fekk ho 401 av i alt 707 røyster. 284 røysta mot henne, 15 røysta blankt og 8 stemmer vart forkasta.

I ein førtifem minutt lang tale før avrøystinga presenterte ho sine prioriteringar for den kommande femårsperioden. Talen kom etter at ho hadde lagt fram sitt politiske program for 2024-2029 torsdag morgon. I talen kom ho med lovnadar på ei rekkje område, inkludert styrka konkurranseevne og indre marknad og mindre byråkrati. Ho lova gjennomføring av den grøne given og gjentok ambisjonen om 90 prosent utsleppskutt innan 2040. EU skal styrke kapitalmarknaden og forsvar og arbeide for vidare styrking av den sosiale søyla og av likestillingspolitikken. Ho lova ikkje mindre enn fire nye kommissærporteføljar for forsvar, bustadpolitikk, fiskeri og Middelhavsregionen respektivt. Det var samla sett mange forventa og kjende stikkord i talen som gav litt til mange. Signala om ein bustadkommissær og tiltak for å fremje privat og offentleg investering i bustadar var noko av det som kanskje var mest overraskande. Von der Leyen la elles mellom anna vekt på dialog med europeiske bønder for å møte utfordringane sektoren står overfor og framheva at matvaresikkerheit er viktig. EU vil støtte Ukraina så lengje det trengs og å stå opp for rettsstat, demokrati og mot korrupsjon. Ho fekk nokre rundar med applaus under talen, mest da ho refererte til Orbans møte med Putin i Moskva og sa at «This so-called peace mission was nothing but an appeasement mission.» Ho fekk ståande applaus frå eit fleirtal i salen etter talen.

I runden med innlegg frå leiarane av dei politiske gruppene og andre, kom det sjølvsagt klar støtte frå allierte i EPP-gruppa. Dei viste til behovet for politisk stabilitet i Europa og at ho hadde vist leiarskap dei siste fem åra. Dei trakk også fram at EPP er den største gruppa Parlamentet og har flest stats- og regjeringssjefar i EU. Det er dermed naturleg at EPP får Kommisjonspresidenten. Både S&D og Renew gav henne støtte, men sa støtta kom med klare krav og forventningar. Dette omfattar vidareføring av den grøne given, men også innsats for styrka konkurranseevne og forsvar og ei klar haldning mot ytre høgre. S&D la i tillegg spesielt vekt på styrka rettar for arbeidstakarar, styrka sosialpolitikk og kamp mot fattigdom. Den grøne gruppa sa von der Leyen ikkje er grøn nok, men sa samstundes at det er viktig at demokratiske krefter står saman. I ei melding på X etter gruppemøtet i etterkant av debatten, gjekk den grøne gruppa ut med at den ville støtte von der Leyen i avrøystinga.

ECR-gruppa sa det var ulike vurderingar internt i gruppa om von der Leyen og ho vart kritisert ikkje minst av polske MEP frå denne gruppa. Enda sterkare var kritikken både frå PfE, ESN og ytre venstre. Frå begge fløyene kom det kritikk av at ho var kandidat samstundes som hennar kontakt med Pfizer i samband med vaksinekjøp under pandemien blir granska. Ytre høgre-gruppene skulda henne elles for å øydeleggje Europa med ein grøn ideologi som raserer økonomi, industri og landbruk, for ein politikk som fører til masseinnvandring og for manglande respekt for nasjonal sjølvstende. Det vart vist til hennar lovnadar om ein europeisk bustadpolitikk som døme på at EU tek til seg makt på stadig nye område. Ytre venstre skulda henne mellom anna for å ignorere sosiale problem og fattigdom. Gruppa skulda henne også for doble standardar knytt til menneskerettar og for å gje Israel fritt spelerom til folkemord i Gaza.

Nytt kommisjonskollegium
Det skal også på plass eit nytt kommisjonskollegium i haust. Medlemslanda har frist til 1. september til å nominere sine kandidatar. Som i 2019 har von der Leyen bede alle land om å nominere to kandidatar – ein av kvart kjønn. Så langt har 22 regjeringar gjort sine nominasjonar. Ingen har nominert to kandidatar og berre seks har nominert kvinner.

Blant dei nominerte er EU-minister Jessika Roswall frå Sverige og medlem av Europaparlamentet, Henna Virkkunnen frå Finland. Danmark er venta å nominere Dan Jørgensen som sin kandidat. Han er nå minister for utviklingssamarbeid og global klimapolitikk og tidlegare medlem av Europaparlamentet. Kommisjonsveteranane Valdis Dombrovskis og Maroš Šefčovič er renominert frå Latvia og Slovakia. Dombrovskis  har vore kommissær sidan 2016, medan Šefčovič har fartstid heilt frå 2009.

Etter at alle har gjort sine nominasjonar vil von der Leyen fordele ansvarsområda mellom dei ulike kandidatane. Kandidatane må deretter gjennom ei høyring i komiteane i Europaparlamentet som har ansvar for dei respektive områda. Førebuing til og gjennomføring av desse høyringane vil dominere dagsorden til Parlamentet når aktiviteten startar opp igjen 2. september. Høyringane vil tidlegast starte i slutten av september. Etter høyringane røyster Parlamentet over kollegiet samla. Dei siste gongene har det vore kandidatar som Parlamentet av ulike grunnar har meint ikkje er kvalifiserte. Parlamentet har da gjort det klart at det ikkje vil støtte eit kollegium som omfattar desse personane. Det har ført til at desse kandidatane er blitt erstatta av andre frå same land.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 28.08.2024 10:21
: