Nytt kommisjonskollegium truleg på plass 1. desember
Det ser nå ut til at det nye kommisjonskollegiet vil bli formelt godkjend i ei avrøysting i plenumsmøtet til Europaparlamentet neste veke i Strasbourg. Det nye kollegiet vil dermed kunne overta 1. desember. Politisk usemje og spel både knytt til dei som er kandidatar til å bli nye kommissærar og til heilt andre spørsmål har forsinka godkjenningsprosessen. Både bakromsavtalar mellom partigrupper og eit genuint ynskje om stabilitet i eit uroleg geopolitisk landskap, kan forklare kvifor Parlamentet trass uro denne gongen ikkje har vraka nokon av kandidatane. Samstundes har det kome kritikk av godkjenningsprosessen.
Status og vegen vidare
Onsdag vart sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) omsider samde om å gå inn for å godkjenne dei siste sju kandidatane til kommisjonskollegiet. Det skjedde etter fleire forhandlingsmøte der både kommisjonspresident Ursula von der Leyen og fleire av EUs regjeringssjefar pressa på for å få ei semje. Med bakgrunn i ein situasjon med geopolitisk uro og Trump på veg inn i Det kvite hus, var det mange som tok til orde for at politisk krangling ikkje måtte stå i vegen for få på plass eit nytt kollegium raskt. Dei tre gruppene som var involvert i forhandlingane, vart onsdag også samde om ei fråsegn om samarbeidet i denne mandatperioden til Europaparlamentet.
Det var 17. september kommisjonspresident Ursula von der Leyen presenterte sitt framlegg til nytt kollegium, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 20. september. Etter dette har Europaparlamentet vurdert alle kandidatane. Rettskomiteen vurderte fråsegner frå kandidatane om økonomiske og eventuelle andre bindingar i oktober. Alle kandidatane har også svart på skriftlege spørsmål. Dette omfattar både generelle spørsmål og spørsmål knytt til dei respektive ansvarsområda, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 30. oktober. 4. til 12. november møtte dei ulike kandidatane så til munnleg høyringar i regi av ulike komitear i Europaparlamentet. Alle innlegga og spørsmåla i høyringane er referert i originalspråk på Europaparlamentets heimeside (følg lenkene til kvar kandidat). Medan det i 2019 var tre kandidatar som ikkje kom gjennom godkjenningsprosessen, var det til slutt ingen som fekk tommelen ned i år. Det er 25 år sidan sist Parlamentet godkjende alle kandidatar.
Det betyr ikkje at prosessen har vore smertefri. Det var ikkje alle som gjorde eit like godt inntrykk eller som unngjekk kritikk i høyringane. Spesielt vart innsatsen til svenske Jessica Roswall vurdert som spesielt svak. Ungarske Olivér Várhelyi måtte svare på skriftlege tilleggsspørsmål og fekk redusert sin portefølje før han fekk godkjendstempel. Det kom også kritikk mot italienske Rafaello Fitto på grunn av banda til Meloni og mot spanske Teresa Ribera i eit internt spansk oppgjer om ansvaret for konsekvensane av flaumen i Valencia.
Forretningsordenen til Europaparlamentet slår fast at dei respektive komiteane skal kome med ei vurdering av kandidatane i form av innstillingsbrev etter høyringane. Dette skal i utgangspunktet skje straks etter at høyringane er avslutta. For 19 av kandidatane skjedde også dette. For Várhelyi og dei seks kandidatane til å bli leiande visepresidentar kom innstillingane fyrst onsdag denne veka. Konferansen av komitéleiarar skal vurdere alle innstillingane samla på sitt møte 26. november. 27. november skal etter planen kommisjonspresident von der Leyen presentere kollegiet og arbeidsprogrammet på plenumsmøtet i Europaparlamentet i Strasbourg. Etter debatt vil parlamentarikarane votere over kollegiet samla. Det er berre krav om vanleg fleirtal i denne avrøystinga. Jamvel om både gruppene på ytterfløyene og enkeltmedlemmer av gruppene i sentrum har vore kritiske til det nye kollegiet, er det likevel venta at kollegiet vil bli godkjend. Medlemslanda må deretter også formelt godkjenne kollegiet. Det kan skje ved skriftleg prosedyre på slutten av neste veke. Det nye kollegiet kan dermed etter alt å døme ta over 1. desember.
Overordna vurderingar
Fleire av dei 26 nye kommissærane har sjølv vore medlemmer av Europaparlamentet (MEP) og visste kva knappar dei skulle trykke på for å gjere eit godt inntrykk. Dette gjaldt til dømes danske Dan Jørgensen som både har vore assistent og MEP og som på starten av høyringa insisterte på at han gledde seg til utspørjinga. Ikkje alle verka like avslappa og fleire vart merkbart stressa eller slitne i løpet av høyringar som varte i tre timar eller meir. Som vanleg var høyringane også ei blanding av forsøk på å få lovnadar på spesielle politikkområde og å avdekke manglande innsikt eller eignaheit. Samstundes kom også nasjonale politiske motsetningar fram. Dette gjaldt ikkje minst i høyringa spanske Teresa Ribera der politiske motstandarar frå høgresida gav henne ansvar for effektane av flaumen i Valencia.
Det er ulike vurderingar av kor reell eller effektiv høyringsprosessen er. Mellom anna har granskinga av økonomiske og andre bindingar vorte skulda for å vere for overflatisk. I dei munnlege høyringane stilte mange MEP samansette spørsmål. Det gjorde det mogleg for kandidatane å velje kva dei vil svare på, men den korte taletida gjorde det også vanskeleg å svare utfyllande. Samstundes er ikkje spørsmåla frå MEP koordinerte slik at fleire i røynda spør om det same.
Det har vore klart i prosessen at gruppene har unngått å felle ein kandidat frå andre grupper av redsle for at kandidatar frå eiga gruppe skulle bli felt til gjengjeld. Det har også kome fram at andre saker har vorte lagt i potten i samband med evalueringa av høyringane. Sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) gjorde ei uformell avtale som omfatta to kandidatar og mandatet for den nye helsekomiteen. EPP skal ha opna for å felle belgiske Hadja Lahbib (Renew) om ikkje svenske Jessica Roswall (EPP) vart godkjent. Medan Lahbib gjennomførte ei relativt solid høyring var det generell semje om at Roswall var svært svak. S&D støtta begge og fekk til gjengjeld gjennomslag for sine prioriteringar for mandatet til den nye helsekomiteen. Det vart til dømes også lagt merke til at den konservative gruppa (ECR) støtta 19 av 20 av dei fyrste kandidatane og dermed gjorde det meir sannsynleg at Raffaelo Fitto unngå å bli vraka til posisjonen som ein av seks visepresidentar.
Ein artikkel i Altinget viser at danske MEP har svært ulike syn på om årets prosess er uttrykk for at høyringsprosessen er feilslått, eller om det er realpolitisk klokt å få på plass eit nytt kollegium så snart som råd. Per Clausen (Enhedslisten, The Left) meiner Parlamentet ikkje tek sitt ansvar på alvor når det godkjenner også svake kandidatar som Roswall. Morten Løkkegaard (Venstre, Renew) og Stine Bosse (Moderaterne, Renew) seier på si side at det viser at Parlamentet har andre prioriteringar og at det nå er viktig at den nye Kommisjonen kjem i gang med sitt arbeid.
Før høyringane var det mange som spådde at ungarske Olivér Várhelyi var ein av dei som ville få størst problem med å bli godkjent. Ein viktig grunn var at han er kandidaten til Orbán som har gjort seg grundig upopulær i Brussel. I tillegg kjem at Várhelyi som også er kommissær i dag, heller ikkje personleg har ei høg stjerne. Det knyter seg til alt frå soloutspel i samband med konflikten i Midt-Austen til at han har omtala MEP som idiotar ved eit høve. I høyringane vart han mellom anna grilla på abort, LHBTQ-rettar og vaksiner og han måtte også svare på skriftlege oppfølgingsspørsmål om dette. Han vart godkjent onsdag, men berre etter at porteføljen hans vart redusert. Det medfører at han ikkje får ansvaret for seksuell og reproduktive helse og heller ikkje for EUs helseberedskaps- og krisehandteringsmyndigheit (DG HERA).
Også italiensk Rafaello Fitto møtte som venta motbør i høyringane. Det var ikkje så mykje på grunn av eigen innsats, men på grunn av banda til Georgia Meloni. Hennar partifellar i Europaparlamentet er med i den konservative gruppa ECR. Fleire partigrupper argumenterte for at ein politikar frå eit ytre høgre-parti ikkje bør få ei rolle som leiande visepresident. Samstundes fekk ECR-medlemmar verv som visepresident, komitéleiar og nestleiarar i komitear da Parlamentet vart konstituert i sommar. Heller ikkje i førre periode var denne gruppa omfatta av den såkalla brannmuren som dei såkalla pro-europeiske gruppene har etablert mot ekstreme høgre-grupper.
Tilhøvet til Noreg og norske interesser
Maroš Šefčovič som har vore medlem av Europakommisjonen sidan 2009, får nå ansvar for handel og interinstitusjonelle tilhøve. Han beheld ansvaret for EØS-avtalen og er dermed viktig for Noreg. Sentralt i EØS-samarbeidet er den indre marknaden. Franske Stéphane Séjourné blir leiande visepresident med ansvar for nettopp den indre marknaden som han sa er ein juvel i EU-samarbeidet, men han meiner det stadig er behov for å fjerne hindringar. Han lova også å arbeide for forenklingar utan at dette skulle medføre deregulering.
Med dei mange andre avtalene og breie samarbeidet mellom EU og Noreg er det mange andre kommissærar som også blir viktige. Det omfattar rumenske Roxana Mînzatu som mellom anna har ansvar for arbeidsliv. Ho tok i høyringa mellom anna å til orde for å styrke rettane til mobile arbeidstakarar og å styrke Det europeiske arbeidsmarknadsbyrået. Danske Dan Jørgensen blir historias fyrste bustadkommissær, men får også ansvar for energi. Han lova mellom anna å arbeide for reduserte energiprisar, bygge ut fornybare energi og betre energieffektivitet. Spanske Teresa Ribera blir leiande visepresident med ansvaret for rettferdig, rein og konkurransedyktig omstilling og vil også ha ei viktig rolle for energi- og klimapolitikken. Ho gjekk i høyringa ikkje inn for ei ny reform av elektrisitetsmarknaden for å sikre reduserte elektrisitetsprisar, men argumenterte for at andre tiltak som mellom anna styrka overføringskapasitet vil bidra til dette. Fleire av høyringane kom inn på den varsla strategien for rein industri. Innhaldet i denne vil vere viktig også for Noreg, men det er foreløpig uklart kva strategien vil fyllast med, jf. også omtale i Energi og Klima 13. november.
Noreg eller EØS vart stort sett ikkje nemnd i høyringane. Eit unnatak var i høyringa av Costas Kadis som blir ny fiskeri- og havkommissær. I si innleiing lova han å sikre at «fisheries are part of a comprehensive approach to our bilateral relations with Norway, building on the successful high-level dialogue that has been started a few months ago.» Han fekk ros frå ein spansk MEP for å ha lova å forsvare EUs fiskeriflåte i forhandlingar med Noreg og Storbritannia.
Forsvars- og sikkerheitspolitikk har fått auka prioritet etter den russiske invasjonen i Ukraina. Litauiske Andrius Kubilius blir EUs fyrste kommissær for forsvar og rom. Han la vekt på at Europa på forsvarsområdet står overfor utfordringar både straks og på lang sikt. Dette knyter seg til at USA vender merksemda frå Europa til Kina, for låge europeiske forsvarsinvesteringar, ein fragmentert forsvarsmarknad og store forsvarsinvesteringar i Russland og Kina. Det er derfor nødvendig med styrka forsvarssamarbeid i Europa. Han la mellom anna vekt på at dette må vere basert på eit tett samarbeid mellom EU og Nato. Han sa «There is no competition between NATO and the EU on defence issues. On the contrary, the EU needs to use its unique budgetary and legislative powers to help develop the capabilities and resources needed for the implementation of NATO military deterrence and defence plans.»
Også estiske Kaja Kallas som blir EUs nye høgrepresentant for utanrikspolitikk, kommenterte tilhøvet mellom EU og Nato. Ho sa EU ikkje treng eigne militære styrkar utanom Nato, men at EU kan bidra med å styrke forsvarsindustrien og auka produksjonen av ammunisjon. Både Kubilius og belgiske Hadja Lahbib som får ansvar for beredskap og krisehandtering, trakk fram rapporten frå den tidlegare finske presidenten Sauli Niinistö knytt til europeisk beredskap. Begge slutta seg til tilrådingane i rapporten og la mellom anna vekt på at han også har tatt til orde for styrka samarbeid mellom EU og Nato.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg