Status for ny Europakommisjon, plenumsmøte i Europaparlamentet og parlamentarisk kontroll med Europol
Denne veka har det vore mest fokus på kommisjonshøyringar i Brussel. Politiske motsetnadar mellom parti i midten har ført til at det per nå ennå ikkje er klart om eit nytt kollegium kan ta over 1. desember. Samstundes hadde Europaparlamentet ein kort plenumssesjon i Brussel denne veka. Det var diskusjon om flaumen i Valencia-regionen og om EUs sivile og militære beredskap i tillegg til tilhøvet til USA i lys av det amerikanske valresultatet. Parlamentarikarane slutta seg til eit framlegg om å utsette innføringa av avskogingsforordninga, men vedtok samstundes andre endringsframlegg som gjer at det må forhandlast med Rådet før dette er endeleg vedteke. Parlamentet var denne veka vertsskap for den felles parlamentarikarkomiteen for kontroll med Europol.
Kjem ny Europakommisjon på plass til 1. desember?
Europaparlamentet har nå gjennomført høyringar av alle dei 26 kandidatane til å bli med i det nye kommisjonskollegiet. Etter litt politisk hestehandel, vart 19 av dei 20 kandidatane som vart høyrde førre veke, godkjende. Unnataket var den ungarske kandidaten, Olivér Várhelyi. Han har svara på skriftlege tilleggsspørsmål, men er ennå ikkje endeleg godkjent. Denne veka vart høyringane av dei seks kandidatane til å bli såkalla leiande visepresidentar gjennomført. Samla sett gjorde dei alle eit godt inntrykk og det skulle dermed normalt ligge til rette for at dei også kan få godkjentstempel. I staden har politiske motsetningar, ikkje minst mellom sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) ført til at det ennå ikkje er oppnådd semje om dette. S&D og Renew har vore skeptiske til at italienske Rafaello Fitto som tilhøyrer statsminister Melonis parti Italias brør, skal få verv som visepresident. Desse to gruppene og den grøne gruppa er også skeptiske til at Várhelyi som helsekomissær mellom anna får ansvar for å forsvare kvinners reproduktive helserettar globalt. Dei meiner Ungarns nasjonale politikk på området gjer han dårleg egna til å fronte dette. EPPs lefling med ytre høgre i fleire avrøystingar påverkar også forhandlingsklimaet, jf. mellom anna omtale av avskogingsforordninga nedanfor. EPP skal på si side insistere på at Fitto får det tiltenkte vervet. I tillegg forsøker spanske EPP-medlemmer å nytte høvet til å stikke kjeppar i hjulet for Teresa Ribera i samband med eit nasjonalt svarteperspel om ansvaret for effektane av flaumen i Valencia. Ho er i dag spansk miljøminister.
Gruppeleiarane for EPP, S&D og Renew har denne veka hatt fleire møter der også kommisjonspresident Ursula von der Leyen har delteke. Det er per nå usikkert når og om det vil bli nådd semje om å godkjenne dei sju siste kandidatane, men det vil eventuelt tidlegast bli avklart i midten av neste veke. Det har vore lagt opp til at konferansen for komitéleiarar endeleg skulle kome med ei samla innstilling i eit møte 21. november. Parlamentet kan i tilfelle halde tillitsvotering til det nye kollegiet i Strasbourg veka etter og ny Kommisjon kan ta over 1. desember. Det står att å sjå om denne timeplanen vil halde. Det har kome kritikk mot at avtaler på bakrommet og politisk spel gjer at det denne gongen er vanskeleg å ta høyringsprosessen seriøst. Mange meiner også at det i ein situasjon med geopolitisk uro og Trump på veg inn i Det kvite hus, bør ikkje politisk krangling stå i vegen for få på plass eit nytt kollegium raskt.
Avrøysting om avskogingsforordninga
Europakommisjonen foreslo tidlegare i haust å utsette gjennomføringa av avskogingsforordninga med eitt år til utgangen av 2025. Medlemslanda i Rådet har slutta seg til dette framlegget. Også i Europaparlamentet er det støtte til dette, men i staden for å nøye seg med å vedta berre ein endra gjennomføringsdato, vedtok Parlamentet torsdag andre substansielle endringsframlegg i tillegg, jf. også denne pressemeldinga frå Parlamentet. Det omfattar framlegg om ein fjerde kategori («no-risk») for klassifisering av produkt som kjem frå område der faren for avskoging er svært liten. Det medfører at det nå må startast forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet. Dersom det ikkje blir semje før nyttår, vil den opphavelege gjennomføringsfristen 31. desember i år bli ståande. Dette skaper ei uvisse som fleire næringslivsaktørar har åtvara mot. Det var sentrum høgre-gruppa (EPP) som hadde fremja endringsframlegga som vart vedteke med relativt knappe fleirtal. Det var i hovudsak partia på ytre høgre som støtta EPP, men også ein del medlemmer frå den liberale gruppa (Renew) røysta for. Spesielt Dei grøne og sentrum-venstre (S&D) kritiserte EPP for framlegga. Det skuldast både at desse partia vil unngå omkampar av denne typen, men også at det blir stilt spørsmål om samarbeidet mellom dei såkalla pro-europeiske partia i denne mandatperioden til Europaparlamentet. EPP har tidlegare i haust danna fleirtal med parti på ytre høgre i fleire saker. Dette har også bidratt til dårleg forhandlingsklima i samband med godkjenning av kandidatane til det nye kommisjonskollegiet denne veka, jf. eige sak.
Meir informasjon om endringsframlegget
Den nye «no-risk»-kategorien skal ifølge forslaget frå EPP gjelde land eller delar av land der «forest area development has remained stable or increased since 1990», som har signert Paris-avtalen og internasjonale konvensjonar om menneskerettar og om å arbeide mot avskoging, og der «regulations on preventing deforestation and forest conservation at national level are strictly implemented and enforced in full transparency and monitored». Dei forenkla krava for desse landa og områda, vil medfører at det ikkje lenger må gis full fråsegn om aktsemd. I staden gjeld svært forenkla opplysnings- og dokumentasjonskrav.
Ulike miljøorganisasjonar, men også enkelte industrirepresentantar, er skuffa over endringane Europaparlamentet nå vil forhandle for å få gjennom. Organisasjonen Bird Life International var blant annet raskt ute med ei fråsegn om at eit område på storleik med Moskva var i risikosona for avskoging som følge av utsettinga, og at den nye «no-risk»-kategorien «will potentially exempt all EU countries from due diligence requirements» og «undermine the EUDR’s objectives by allowing numerous contries to be classified as “no-risk” even where deforestation, degradation and illegal practices occur, continuing to flood the EU market with products linked to these destructive practices». Ein representant for Brasils største landbruksorganisasjon seier til Euractiv at «no-risk»-kategorien er «diskriminerande», og same artikkel viser til at ei rekke matprodusentar har motsett seg omfattande endringer av avskogingsforordninga fordi dei alt har investert mykje i tiltak for å oppfylle dei nye krava.
Les meir om avskogingsforordninga i EU/EØS-nytt 11. oktober og i bakgrunnsinformasjonen til Europautvalets møte 22. oktober. Her kjem det mellom anna fram at norsk skog- og treindustri har vore urolege for omfattande rapporteringskrav som følge av det nye regelverket.
Om norske skogar vil bli kategorisert som «no-risk»-område, må vurderast etter dei nye kriteria dersom dei blir endeleg vedteke. Skogindustrien i Norge er blant dei som har vist til at skogarealet i Noreg faktisk aukar.
Flaumen i Valencia
Plenumsmøtet drøfta onsdag flaumen i Valencia og behovet for krisehjelp og styrka beredskap onsdag. Jamvel om plenumsmøtet starta med eit minutts stillheit for offera, gjekk debatten alt anna enn stille for seg. Den vart derimot prega av den djupe usemja i Spania mellom konservative regionale styresmakter og den nasjonale sosialistregjeringa om kven som har ansvaret for at flaumen kosta så mange menneskeliv der skuldingane hagla mellom høgre og venstre. Dette prega også høyringa av Teresa Ribera som er kandidat til å bli leiande visepresident med ansvaret for rettferdig, rein og konkurransedyktig omstilling, jf. eigen sak.
I debatten onsdag uttrykte EUs krisehandteringskommissær Janez Lenarčič medkjensle med offera for flaumen og sa EU har bidrege mellom anna gjennom mekanismen for sivil beredskap og EUs krisehandteringsfond. Det har vore ei auke i ekstremvêrhendingar i Europa og Europa er kontinentet der klimaendringane skjer raskast. Det er nødvendig å fortsette med tiltak mot klimaendringar. Dei har allereie store kostnadar og kostnaden vil bli enda større om det ikkje blir handla nå. Lenarčič viste også til Niinistö-rapporten som vart presentert og drøfta torsdag morgon, jf omtale nedanfor. Vi må styrke den samla beredskapen, sa kommissæren.
Debatten vart dominert av spanske medlemmer av parlamentet (MEP) og nasjonale konfliktar om kven som har skulda. Sentrum høgre (EPP) kritiserte at Teresa Ribera er nominert til å bli kommissær sidan EPP meiner ho som spansk miljøminister har ansvar for det som har skjedd. Sentrum venstre (S&D) skulda på si side regionale styresmakter for å ha ignorert åtvaringar og for å takka nei til hjelp. Samstundes meinte gruppa at høgre-partia har spreidd falsk informasjon og ignorert vitskaplege råd. Ytre høgre (PfE) sa flaumen ikkje har noko med klimaendringar å gjere. Slike flaumar kjem med jamne mellomrom, men at den fekk så katastrofale effektar skuldast underinvesteringar i infrastruktur og manglande beredskap. Den konservative gruppa (ECR) meinte fokus hadde vore for einsidig på ein mislykka grøn giv i staden for førebyggjande tiltak. Ytre høgre-gruppa (ESN) sa styresmaktene ikkje hadde varsla tidleg nok og at det nå er behov for rask naudhjelp. Den liberale gruppa (Renew) la mellom anna vekt på styrka infrastruktur for å møte katastrofar. Den grøne gruppa sa det var skamfullt å la det gå partipolitikk i denne katastrofen. Jamvel om regionale styresmakter har hovudansvaret har også den sentrale regjeringa svikta. Ytre venstre la vekt på at flaumoffera må bli sikra europeisk hjelp og at beredskapen må styrkast. Den nesten to timer lange debatten vart avslutta med eit innlegg frå ein rumensk MEP som sa flaumen ikkje hadde noko med klimaendringar å gjere, men var Guds straffedom mot den gudlause politikken til venstre-partia.
Niinistö-rapporten om styrka europeisk beredskap
Som eit passande apropos til debatten om flaumen i Valencia, presenterte Sauli Niinistö torsdag morgon hovudpunkta i sin rapport om styrking av Europas sivile og militære beredskap, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 6. november. Han sa den russiske invasjonen i Ukraina har vist oss at sikkerheit ikkje kan tas for gitt og peikte også på at geopolitiske faktorar og klimaendringar også trugar europeisk sikkerheit. Vi må førebu oss for det verste for å hindre at det verste skal skje. Han peikte på at grunnleggjande tilhøve knytt til alt frå god infrastruktur til tillit i samfunnet er viktig både i ei krise og til vanleg. EUs beredskapsarbeid startar ikkje frå grunnen av, men Europakommisjonens varsla beredskapsstrategi må definere kva grunnleggjande funksjonar som må sikrast av styresmakter og private i ein krisesituasjon. Det er behov for europeisk lovgjeving for krisehandtering for å standardisere, sikre informasjonsdeling og lette samarbeidet mellom EU-landa i samband med ei krise. EU må også styrke etterretningssamarbeidet, men det betyr ikkje at det skal byggjast opp eit europeisk CIA. EUs samla forsvarsevne må bli betre både for å kunne hjelpe Ukraina og for å styrke EUs eiga avskrekkingsevne. EU må styrke samarbeidet med Nato. Nato er hjørnesteinen i militært forsvar, men sikkerheit og beredskap handlar om mange tilhøve som det er EU som kan handtere.
I runden med kommentarar frå dei politiske gruppene var det brei støtte til behovet for styrka beredskap og gjennomføring av tilrådingane i rapporten. Det kom samstundes enkelte åtvaringar mot å utvikle EUs militære samarbeid på ein måte som ikkje er kompatibelt med nøytraliteten til land som Austerrike og Irland. Sentrum høgre (EPP) la mellom anna vekt på at EU treng ein samla strategi og at militær og sivil beredskap er to sider av same sak. Sentrum venstre (S&D) understreka at beredskap ikkje berre handlar om pengar og lovgjeving, men om ein generell mentalitet. Det blir ei oppgåve for den nye forsvarskommissæren å bidra til å avklare kva som ligg i klausulen om gjensidig støtte i samband med eit væpna åtak på eit medlemsland, jf. artikkel 42.7 i Traktaten om Den europeiske unionen. Den liberale gruppa (Renew) sa Russland har starta ein krig og at Kina førebur krig. EU må gjere ei grundig vurdering av kva effekten av ein kinesiske blokade av Taiwan blir mellom anna for forsyningskjeder. Den grøne gruppa viste til at kriser er den nye normalen og at dette krev innsats for styrka beredskap og motstandskraft. Europeisk beredskap krev samarbeid og det vil koste dyrt å vente med å gjennomføre tiltak. Gruppa understreka også at cybersikkerheit ikkje må bli gløymt.
Gruppene på ytre høgre la vekt på andre tilhøve. Patriotar for Europa framheva migrasjon som den viktigaste utfordringa og sa migrasjon set heile den europeiske kulturen i fare. Den konservative gruppa (ECR) la vekt på å byggje vidare på eksisterande strukturar for sivil beredskap. Europa av Suverene Nasjonar (ESN) sa Europa har gjort seg alt for avhengig av USA. I staden for å kaste bort pengar på grøn giv og kjønnspolitikk bør EU fokusere på eit koordinert samarbeid om sikkerheits og forsvarspolitikk med mellom anna færre våpensystem. Dette må ikkje betyr oppbygging av ein EU-hær.
Ytre venstre sa klimaendringane er den viktigaste sikkerheitsutfordringa. I staden for å bruke pengar på våpen, må EU styrke den sivile beredskapen i møte med flaum, tørke, ekstrem varme og skogbrannar.
Tilhøvet mellom EU og USA i lys av resultatet frå presidentvalet
EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Josep Borrell, slo an ein mørk tone da han innleia i ein debatt om korleis tilhøvet mellom EU og USA ville bli påverka av ein ny periode med president Trump. Han sa resultatet har stor effekt og vil merkast globalt i lang tid framover, men at det ikkje er mogleg å seie nøyaktig kva effektane vil bli. Uansett vil det bilaterale tilhøvet bli påverka. Dei varsla tollaukane vil både påverke EUs økonomi direkte og indirekte gjennom kjedeeffektar i globale marknader. Også amerikansk migrasjonspolitikk og rentepolitikk vil kunne merkast i Europa. Endra politikk i USA vil påverke krigen i Ukraina, kampen mot klimaendringar og tilhøvet til Kina og Taiwan. EU må fortsette å gje Ukraina den støtta som trengs og ingen avtalar om fred må bli inngått over hovudet på ukrainarane sjølve. Attvalet av Trump gjer det ennå klarare at Europa må ta ansvar for eigen sikkerheit og eiga framtid som eit tillegg til det militære samarbeidet i Nato.
I runden med kommentarar var det ikkje uventa ulike vurderingar av kva effekten av valet ville vere. Sentrum høgre (EPP) meinte EU uansett resultat ville måtte ta større ansvar for eiga sikkerheit og forsvar og styrke økonomi og konkurranseevne. Europa må agere og ikkje berre reagere. Sentrum venstre (S&D) sa førre Trump-periode hadde gjeve ein forsmak på kva EU kunne vente. Dette omfattar manglande respekt for ein multilateral verdsorden, manglane oppslutning om klimatiltak og uvisse om Nato-samarbeidet. EU må sikre seg strategisk autonomi og beskytte eigen økonomi og eigne yttergrenser. Ytre høgre (PfE) sa EU-samarbeidet må handle om å verne om nasjonale interesser. Grøn ideologi øydelegg vekst og innovasjon i EU og er grunnen til at EU har lågare vekst enn USA. Den konservative gruppa (ECR) sa tilhøvet ikkje ville endre seg fordi dei kulturelle og historiske banda mellom Europa og USA er så sterke. Valresultatet viser derimot at venstresida ikkje forstår dei utfordringane vanlege folk opplev pga. industridød, migrasjon og narkotika.
Den liberale gruppa (Renew) sa valet vil ha reelle konsekvensar og at EU må ta vare på sine interesser knytt til forsvar, økonomi, konkurranseevne og handel. Dette må også omfatta støtte til Ukraina. Også den grøne gruppa tok til orde for at resultatet må føre til eit forsterka EU-samarbeid for å sikre næringsliv, sysselsetting og kampen mot klimaendringar. Gruppa sa det er vanskeleg å forstå kvifor europeisk høgreside jublar over eit valresultat som vil gje negative økonomiske og andre konsekvensar for mange av dei som røyster på høgrepartia. Også ytre venstre (The Left) sa resultatet er dårleg nytt for Europa. Trump fører ein politikk bygd på falske nyheiter og konspirasjonar, set EU-jobbar i fare og vil svekke den globale kampen mot klimaendringar. Han viser ikkje respekt på menneskerettar og vil gjere det vanskelegare å få til fred både i Ukraina og Midt-Austen. Ytre høgre-gruppa ESN sa resultatet må bety at EU blir ein reell geopolitisk aktør i staden for vere «underdog» til det demokratiske partiet i USA. EU må nå stå opp og forsvare eigne interesser. Politico skreiv 15. november at tre MEP frå ESN i eit brev til parlamentspresident Roberta Mestsola har teke til orde for å invitere Trump til å tale i eit plenumsmøte i Europaparlamentet.
Parlamentarisk kontroll med Europol
Europaparlamentet og det ungarske EU-formannskapet var denne veka vertsskap for det halvårlege møtet i den felles parlamentarikarkomiteen for parlamentarisk kontroll av Europol. I tillegg til ei generell orientering om verksemda til Europol, var det også drøfting av spørsmål knytt til personvern og grunnleggjande rettar. Det vart gitt informasjon om Europols aktivitet i Ukraina. Det vart vidare drøfta korleis illegal migrasjon kunne taklast for å hindre terroråtak som det som skjedde i den tyske byen Sollingen og korleis kunstig intelligens (KI) kan utnyttast i kampen mot cyberkriminalitet.
Avtroppande justiskommissær Ylva Johansson la i sin tale til møtet vekt på at det dei siste åra var gjort viktige endringar som hadde styrka Europol og gjeve nye verktøy i kampen mot grensekryssande kriminalitet. Samstundes har kommisjonspresident Ursula von der Leyen i sine prioriteringar for mandatperioden teke til orde for meir pengar og folk til Europol. Johansson la vekt på at styrka samarbeid med private aktørarar er viktig i kampen mot organisert kriminalitet og sa styrka samarbeid med ei rekke land i Latin-Amerika er viktig i kampen mot narkotika. Ho tok til orde for at Europol må få ei enda sterkare rolle kampen mot ulovleg innvandring. Det ungarske EU-formannskapet la også vekt på kampen mot ulovleg migrasjon, mellom anna fordi menneskesmugling gjev ei ny inntektskjelde som blir investert i anna kriminell aktivitet.
Direktør og styreleiar i Europol la i sine to innlegg vekt på at Europol har fått nye verkemiddel og mellom anna i kampen mot ulovlege våpen og at også det oppdaterte visainformasjonssystemet i Schengen er viktig. Europol har tett samarbeid med Det europeiske personvernrådet. Styrka samarbeid med landa i EUs nærområde er viktig, inkludert dei landa som er assosiert til Schengen. Dei framheva ein rapport frå april i år som har kartlagt over 800 av dei mest trugande kriminelle nettverka i Europa. Dei teikna eit bilete av grensekryssande og spesialiserte nettverk som raskt tilpassar seg endringar. Over halvdelen er involvert i narkotikatrafikk, men driv også med eigedomssvindel, menneskesmugling og online svindel. Dei trugar indre sikkerheit, rettsstat og økonomi i EU. Rapporten vil bli oppdatert annakvart år. Europol la vekt på behovet for å få betre datatilgang og å kunne ta i bruk ny teknologi, inkludert KI og trakk også fram behovet for styrka samarbeid med privat sektor. Blant dei mange områda som krev meir merksemd, trakk Europol også fram miljøkriminalitet og falske produkt.
Parlamentarikarkomiteen for kontroll med Europol samlar medlemmer av Europaparlamentet og nasjonale EU-parlament. Etter forretningsordenen kan også representantar frå tredjeland som Europol har samarbeidsavtaler med, inviterast til å delta på ad hoc-basis. Noreg har ein slik avtale, men norske parlamentarikarar har ikkje delteke på møta i kontrollkomiteen til nå.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg