Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøtet i Europaparlamentet

På det nest siste plenumsmøtet før valet i juni, vedtok Europaparlamentet denne veka formelt den nye KI-forordninga, revidert bygningsenergidirektiv og revidert industriutsleppsdirektiv. Parlamentet vedtok også eit direktiv som skal sikre mediefridom og -pluralisme. I debatten om EU-toppmøtet neste veke var det merksemd knytt til situasjonen i Midt-Austen og utviding av EU. Mellom anna varsla kommisjonspresident at Kommisjonen vil tilrå oppstart i medlemskapsforhandlingane med Bosnia-Herzegovina. Miljøkommissæren presenterte ei melding om handtering av klimarisiko og sa EU må auke innsatsen mot klimaendringar, men samstundes førebu seg på meir ekstremvêr. Den finske statsministeren la i ein tale til plenumsmøtet vekt på konkurranseevne, sikkerheit, grøn omstilling og støtte til Ukraina i sin tale til plenumsmøtet.

Toppmøtet
Det belgiske EU-formannskapet ved utanriksminister Hadja Lahbib og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok 12. mars i ein debatt om EU-toppmøtet 21. og 22. mars i Brussel. Lahbib viste til ein omfattande dagsorden som omfattar mellom anna vidare støtte til Ukraina, sikkerheit og forsvar, situasjonen i Midt-Austen, utviding, migrasjon, landbruk og Det europeiske semester. FNs generalsekretær António Guterres vil møte EUs stats- og regjeringssjefar til lunsj og Lahbib nemnde også at statsministrane frå Island, Liechtenstein og Noreg vil delta på markeringa av at EØS-avtalen er 30 år.

Lahbib brukte mest taletid på situasjonen i Midt-Austen og utvidingspolitikk, og von der Leyen brukte heile si taletid på desse to sakene. Begge la vekt på behovet for å få inn humanitær hjelp i form av mat og medisinar til Gaza. Det må arbeidast for våpenkvile, fredsforhandlingar og ei tostatsløysing. Samstundes understreka dei at dei isrealeske gislane må frigjevast. Det er også viktig unngå at konflikten spreier seg. Von der Leyen sa EU vil, mellom anna i lys av den interne granskinga FN har sett i gang, igjen utbetale pengar til UNWRA.

Begge la vekt på EU-utviding, og von der Leyen fekk applaus da ho sa Kommisjonen vil tilrå til Rådet at det blir starta formelle forhandlingar med Bosnia-Herzegovina. Landet fekk kandidatstatus i 2022 og von der Leyen viste til ei positiv utvikling i landet mellom anna knytt til lovgjeving mot kvitvasking og terrorfinansiering og knytt til migrasjonshandtering. Jamvel om dette ikkje er nok, har landet vist både evne og vilje til reform. Generelt sa ho det ikkje er nok at EU opnar døra for medlemskap – EU må aktivt støtte landa på Vest-Balkan på vegen dit. Kommisjonens vekstplan for regionen som vart lagt fram i november i fjor, er eit element i dette.

I debatten la leiarane både for sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) vekt på behovet for å auke EUs innsats knytt til sikkerheit og forsvar. EPP viste til at EU må auke sikkerheita i vid forstand, mellom anna også gjennom auka konkurransekraft. EU må bruke denne konkurransekrafta til å slå Putin. S&D la vekt på at EU må styrke forsvaret mellom anna gjennom felles innkjøp av forsvarsmateriell, men sa dette ikkje skal svekke Nato. Både S&D og Renew la vekt på at støtta til Ukraina må vidareførast og Renew understreka at det ikkje er mogleg å forhandle med Russland. S&D sa EU må snakke med ei stemme i spørsmålet om Midt-Austen og at EU må sende ei klar melding til Benjamin Netanyahu om at naudhjelp må få kome inn til Gaza. EU må også innføre sanksjonar mot valdelege settlarar. Renew understreka at Israel må leve opp til sine verdiar som ein demokratisk stat og tok til orde for våpenkvile og ei tostatsløysing, men understreka samstundes at gislane som Hamas held, må frigjevast.

Den grøne gruppa gjekk til åtak på ein sparepolitikk og politiske prioriteringar som fører til at vanlege folk må ta rekninga for auke i forsvar, grøn omstilling og kostnadar på grunn av klimaendringane mellom anna gjennom kutt i helse- og sosialbudsjett. Også ytre venstre-gruppa (The Left) var opptatt av meir rettferdig fordeling og av å ta utfordringane knytt til dyrtid på alvor. The Left understreka også behovet for våpenkvile i Midt-Austen straks.

Den konservative gruppa (ECR) sa EU må styrke sin forsvarsindustri, men at dette krev ein sterk økonomi. EU må derfor ikkje øydeleggje eigen økonomi gjennom den grøne politikken. ECR åtvara også mot å regulere vekk heile landbrukssektoren.

Ytre høgre-gruppa (ID) sa det er farleg når europeiske leiarar gjev inntrykk av at det blir krig i EU. Ein slik retorikk er ikkje i samsvar med det europeiske prosjektet. I staden må EU styrke samarbeidet i Europa. Gruppa er ikkje i mot støtte til Ukraina, men sa det må skje som eit fredsprosjekt. Det er derfor viktig å kome til forhandlingar som kan resultere i eit sikkert og fredeleg Europa. Støtta til Ukraina må gå hand i hand med støtte til dei mest sårbare i EU, inkludert europeiske bønder. Også ein representant frå Den italienske femstjernerørsla (som ikkje er med i nokon av gruppene i Europaparlamentet) gjekk inn for fredsforhandlingar i Ukraina.

Enkelte av innlegga i debatten bar preg av at valkampen før EU-valet 6. – 9. juni er i gang. EPP understreka at gruppa hadde vore for styrka forsvar og Nato-utviding til Sverige og Finland før S&D. S&D på si side åtvara mot at EPP samarbeider med ytre høgre-parti. Og både i venstre- og høgre-fløyene var det fleire som sa dei ikkje støttar ein ny presidentperiode for Ursula von der Leyen. Ytre venstre viste mellom anna til at hennar fokus på forsvar var i strid med nøytralitetsstatusen til EU-land som Irland. Frå høgrefløya vart set sagt ho ikkje har klare nok ambisjonar knytt til migrasjon. EU må sikre yttergrensene og ikkje gje økonomisk støtte til land som ikkje vil ta i mot returnerte migrantar som ikkje har rett på vern.

Strengare reglar for brot på sanksjonar
Med stort fleirtal gav Europaparlamentet formelt samtykke til eit nytt direktiv som harmoniserer og skjerpar reglane for brot på sanksjonar i medlemslanda. Dette vil omfatte sanksjonane som er innført mot Russland etter fullskalainvasjonen i Ukraina. Reglane medfører mellom anna felles definisjonar på kva som er rekna som brot på eller omgåing av sanksjonane, og felles minstenivå på straff for dette. Når medlemslanda har gjeve formell godkjenning vil dei nye reglane trå i kraft 20 dagar etter publisering i EU-tidenda.

Rettssak mot Europakommisjonen om pengar til Ungarn
Europakommisjonen vedtok i desember å utbetale fryste middel til Ungarn på til saman 10,2 milliardar euro. Europaparlamentet meiner dette bryt med rettsstatsprinsippet som skal hindre misbruk av EU-pengar. Rettskomiteen vedtok 11. mars ei innstilling som går inn for at Parlamentet skal ta Europakommisjonens avgjerd til EU-domstolen.  Vedtaket skjedde med 16 røyster mot 1 røyst og ingen som avsto. Det var ein representant frå ID som røysta mot vedtaket. Leiarane i dei sju politiske gruppene i Europaparlamentet skal drøfte denne tilrådinga 14. mars. Det er venta at fem av gruppene vil støtte innstillinga frå rettskomiteen, medan den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (ID) vil gå imot dette.

Formelt vedtak av KI-forordninga
Europaparlamentet og Rådet oppnådde i uformell semje om ei ny forordning som skal regulere kunstig intelligens (KI) i desember. Parlamentet gav onsdag formelt samtykke til denne semja onsdag. Det skjedd med 523 mot 46 røyster og 49 som avsto. Reglane skal sikre ein balanse mellom grunnleggjande rettar, demokrati, rettsstat og berekraft med målet om å utnytte teknologien til innovasjon og vekst i Europa. Reglane for KI vil variere basert på potensiell risiko og effekt. Reglane avgrensar bruken av biometriske data i samband med rettshandheving og forbyr mellom anna sosiale resultatsystem og bruken av KI-system som kan brukast til manipulasjon eller utnytting. Agence Europe  skreiv 12. mars at medlemslanda er venta å gje sitt formelle samtykke på det fyrste rådsmøtet i april.

Meir robuste digitale produkt og tenester
Parlamentet gav også formell godkjenning til ei forordning som skal auke cybersikkerheita for alle produkt som inneheld eit digitalt element. Dette kan til dømes vere dørklokker, babyovervakarar eller trådlause ruterar. Reglane er strengare for produkt som er definert å ha høg cyberrisko. Rådet må også formelt vedta semja før dei nye reglane ta trå i kraft.

Formelt vedtak av revidert bygningsenergidirektiv
Parlamentet gav med 370 mot 199 røyster og 46 som avsto formelt samtykke til revidert bygningsenergidirektiv. Reglane vil krevje at alle nye bygg skal vere nullutsleppsbygg frå 2030. Medlemslanda må innføre tiltak som sikrar at gjennomsnittleg primærenergibruk for bustadar blir redusert med 16 prosent innan 2030 og 22 prosent innan 2035. Innan 2030 skal 16 prosent av andre bygg vere renovert og 20-22 prosent innan 2035. Medlemslanda kan innføre unnatak for landbruksbygg og historiske bygningar i tillegg til bygg med spesiell arkitektonisk eller historisk verdi, kyrkjer og andre bygg som blir bruk til tilbeding. Medlemslanda blir vidare pålagt å innføre tiltak for fase ut varmesystem basert på fossil energi. Rådet må også gjere formelt vedtak av reglane.

Det nye direktivet vil erstatte eit endringsdirektiv frå 2018 og bygningsenergidirektivet frå 2010. Direktivet frå 2018 som er del av den såkalla Rein energi-pakka, er ikkje tatt inn i EØS-avtalen, medan direktivet frå 2010 vart gjennomført i Noreg frå 28. februar i år.

Formelt vedtak av industriutsleppsdirektivet og melding om klimarisiko
Med 393 mot 173 røyster og 49 som avsto, gav Europaparlamentet tysdag formelt samtykke til semja med Rådet om eit revidert direktiv som regulerer utslepp frå industri og større svine- og fjørfegardar. Mellom anna vil direktivet innføre obligatoriske eller indikative mål for mellom anna vassforbruk, avfall, ressurseffektivitet, energieffektivitet og bruk av råmateriale. I forkant av avrøystinga hadde medlemmer både av sentrum høgre (EPP) og den liberale gruppa (Renew) gått ut mot semja mellom anna fordi dei meiner dei nye reglane vil gje auka byråkrati for europeiske bønder. Ytre høgre-gruppa (ID) ville avise heile reguleringa, men fekk ikkje fleirtal for dette. Parlamentet vedtok samstundes med stort fleirtal ei forordning som skal sikre rapportering av miljødata frå industrianlegg og som opprettar ein såkalla industriutsleppsportal.

Samde dag presenterte EUs miljøkommissær Wopke Hoekstra Kommisjonens melding om handtering av klimarisiko for Europaparlamentet. Han sa EU må auke innsatsen mot klimaendringar, men samstundes førebu seg på meir ekstremvêr. Det er viktig at den grøne omstillinga ikkje rammar dei med låg inntekt på ein urettvis måte eller fører til at europeisk næringsliv tapar konkurranseevne.

Mindre tekstilavfall og redusert matsvinn
Parlamentet vedtok sitt forhandlingsmandat for eit revidert avfallsdirektiv. Vedtaket stadfestar posisjonen som miljøkomiteen vedtok i februar, jf. omtale i Stortingets EU/EØS- nytt. Parlamentet vil ha meir ambisiøse mål for reduksjon av matsvinn enn det Kommisjonen har gjort framlegg om og er samde i å gje produsentane større økonomisk ansvar for innsamling, sortering og resirkulering av tekstilprodukt, klede og sko. Det er ikkje venta at forhandlingane med Rådet om det endelege regelverket vil skje før etter valet i juni.

Styrka forbrukarvern – produktansvar, miljøpåstandar og leiketøy
Parlamentet gav tysdag formelt samtykke til endringar i produktansvarsdirektivet. Dei nye reglane vil styrke forbrukarane sine rettar når produkt er defekte og retten til erstatning om nokon blir skada av defekte produkt. Målet er mellom anna å tilpasse produktansvarsreglane til nye digitale produkt og å auke gjenbruken av fysiske produkt. Same dag godkjente plenumsmøtet formelt det såkalla grønvaskingsdirektivet som innfører reglar som krev at miljøpåstandar brukt i marknadsføring må vere verifiserte. Rådet må også gi formell godkjenning til dei to rettsaktene før dei kan trå i kraft.

I tillegg vedtok Parlamentet sin forhandlingsposisjon for eit nytt leiketøysdirektiv, jf. omtale i EU/EØS-nytt 20. februar 2024. Mellom anna vil Parlamentet forby bruk av spesielt skadelege kjemikalie og innføre strengare krav for smarte leiketøy. Forhandlingane med Rådet om det endelege direktivet vil ikkje skje før etter valet.

Reviderte reglar for arbeids- og busettingstillating
Parlamentet gav med stort fleirtal samtykke til eit revidert regelverk som vil innføre ein enkelt administrativ prosedyre for å gje tillating til tredjelandsborgarar som ynskjer å bu og arbeide i eit EU-land, og eit felles sett med rettar for arbeidarar frå tredjeland. Mellom anna skal søkarane få svar innan 90 dagar (mot fire månader i dag) og at ein med lovleg opphald kan søke om ei slik felles tillating utan å returnere til heimlandet. Dei som har slik tillating kan skifte arbeidsgjevar, yrke og sektor. Om dei blir arbeidslause har dei tre månader til å finne nytt arbeid – seks månader om dei har hatt tillatinga i meir enn to år – utan at dei mister tillatinga. Målet er mellom anna å sikre ei regulert, lovleg innvandring og å unngå at  arbeidstakarar blir utnytta. Også Rådet må formelt vedta endringane før dei trår i kraft.

Tale av den finske statsministeren
Den finske statsministeren, Petteri Orpo, talte til plenum onsdag. Han la vekt på behovet for å styrke europeisk konkurranseevne gjennom mellom anna ein effektivt indre marknad, investeringar, innovasjon og kompetanse. Samstundes la han vekt på å styrke europeisk sikkerheit, at den grøne omstillinga må halde fram og ikkje minst at EUs støtte til Ukraina må vidareførast. I runden med kommentarar frå dei politiske gruppene etterpå var det mange som nytta høvet til å gratulere Finland med Nato-medlemskapet. Finland fekk også ros for leiarskap knytt til klima- og digital- og likestillingspolitikk. Samstundes kom det kritikk mot at han samarbeider med Sannfinnane i regjering og for politikk som det vart hevda trugar sosiale rettar og arbeidstakarrettar.

Mediefridom og -pluralisme i den indre marknaden
Parlamentet vedtok onsdag med stort fleirtal formelt ei forordning som skal sikre mediefridom og -pluralisme i den indre marknaden. Den forbyr bruk av spionvare mot journalistar med visse eksepsjonelle unnatak. Alle media må gje innsyn i kven som eig dei og det blir innført mekanismar for å hindre at store nettplattformar avgrensar pressefridomen på ein vilkårleg måte. Målet er mellom anna å sikre at journalistar og redaksjonar kan arbeide uavhengig. Det blir også innført eit krav om at statlege støtte og annonsemidlar skal fordelast på ein open og rettvis måte. Rådet vedtok forordninga i januar i år.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 14.03.2024 09:34
: